Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Må vente til måndag på snøen…

Jon Olav Ørsal Laurdag 8. mars 2014

Vi må nok vente til måndag før vi får noko vesentlig nedbør, men da blir det heile dagen vest- og nordvestleg vindretning og litt nedbør frå morgonen av. Først som regn og sludd, som går over til snø. Frå ettermiddagen vil det bli meir og vil vare fram til tysdag morgon. Vidare meldes det om opphald, før det blir regn igjen mot helga, skal vi tru vêrmeldinga på yr.no.

Les heile saka

Nytt: Historielaget på film og Facebook

Jon Olav Ørsal Fredag 7. mars 2014

På årsmøtet til Todalen historielag var det premiere for videofilmen Todalsfjorden minutt for minutt. Filmopptaka vart gjort i byrjinga av september 2013, på ein av dei siste turane som ferja Førdefjord gjorde mellom Todalen og Kvanne. Det var daverande ledar i Todalen historielag, Maren Ansnes, som hadde ideen til filmen og Svein åge Saksen som gjorde filmopptaka. No er DVD’n på marknaden med eit redigert opptak på rundt 30 minutt.

Les heile saka

Tørke i Storfossen – regn eller snø til natta?

Jon Olav Ørsal Fredag 7. mars 2014

I Storfossen ved Talgø utstillingssenter er det på det næraste tørke no om dagen. Vanlegvis er fossen full av is på denne årstida, sjølv om det normalt ikkje er så stor vassføring. I dag kl 10.00 passerte det 522 liter i sekundet. Ovafor fossen står nemleg NVEs målestasjon, der det blir gjort målingar kvar 15. minutt. I februar var det enda mindre vassføring ein periode.

Les heile saka

28. juni -«Glittertind» til Todalsdagen 2014

Jon Olav Ørsal Torsdag 6. mars 2014

Laurdag 28. juni gjer Todalen I.L. storsatsing på Todalsdagen. I tillegg til Todalscupen, med fotballcup for dei minste og mosjonsløpet RætaOpp blir det også kveldsarrangement, der bandet «Glittertind» vil halde konsert/dans i Todalen ungdomshus. – Tida er inne for å utvikle Todalsdagen vidare og vi håper at Glittertind kan være med å løfte arrangementet og gje litt meir penger i kassa for idrettslaget, seier styremedlem Knut Bergli til Todalen.no.

Les heile saka

Telefontrøbbel i store deler av fylket først på dagen

Jon Olav Ørsal Torsdag 6. mars 2014

I morgontimane torsdag var det store problemer med telefonnettet. Eit straumbrot på Sunnmøre laga problem for store deler av fylket. I Todalen var NetCom ute av drift ein periode, medan Telenor mobil har vore operativ. Fasttelefonen var i følgende meldinger ok, og IP-telefoni virkar når en har Svorka-breiband. I 10-tida var situasjone er i ferd med å normalisere seg her i Todalen, og utpå ettermiddagen vart telefonnettet operativt igjen over heile fylket.

Les heile saka

Greit årsmøte i Todalen.no

Jon Olav Ørsal Torsdag 6. mars 2014

Todalen.no hadde sitt årsmøte i Todalen Ungdomshus onsdag kveld. Vanlige årsmøtesaker gikk unna i en fei, samtidig som styret fikk fornyet tilliten for nok eit år. Styreledar Sondre Halset kjørte ein presentasjon som viste Todalen.no i tal gjennom 2013. den var nok sterkt prega av det store raset som skapte enorme besøkstal på nettsida, da det skapte eit enormt behov for å nå ut til bebuarane med mange slags informasjon.

Les heile saka

30 til kjøtt og påsse i Sanitetshuset

Jon Olav Ørsal Torsdag 6. mars 2014

Onsdag samla Eldremiddagen troppene til feiring av feittysdag med kjøtt og påsse. Brit Nordvik og Jorunn Ness hadde fullstendig herredømme over kjøkkenet i Sanitetshus da dei i morgontimane starta med oppkjøring av feittysdagsmaten som skulle serverast til 30 gjestar kl 13.

Les heile saka

Det vårast i Arboretet

Elinor Bolme Onsdag 5. mars 2014

Avdelingsleiar Maja Frønes ved Surnadal Museum melder om vårfornemmelsar i Svinvik Arboret. Allereie tidleg i februar såg dei antydningar til blomstring både på rododendron og tysbast, noko som er svært tidleg, skriv ho i ein epost til redaksjonen.

Les heile saka

Norges Cup i Randonne avlyst

Elinor Bolme Onsdag 5. mars 2014

Det planlagte Norges Cup rennet i randonne som skulle arrangerast på Kårvatn laurdag 15. mars, er no bekrefta avlyst grunna snømangel i følge rennleiar Nils Ove Bruset. Rennet blir i staden muleg arrangert 22. mars på Oppdal. Todalen Idrettslag må derfor gi frå seg Norges Cup rennet til Oppdal Idrettslag.

Les heile saka

Har du lyst til å bli brannkonstabel?

Jon Olav Ørsal Onsdag 5. mars 2014

I Todalen har Surnadal kommune ledig jobb som deltids brannkonstabel frå 1. juli, kan vi lese på heimesida til Surnadal kommune. Ein av konstablane når no aldersgrensa for slik teneste, og vi har godt håp om at nokon kan bli med å ta del i brannsikringsarbeidet lokalt i Todalen, seier brannsjef Tor Arne Moen til Todalen.no

Les heile saka


Info om bredbånds-tilførselen til Todalen

Jon Olav Ørsal Tysdag 4. mars 2014

Svorka Aksess kommer her med litt informasjon om utbyggingen av bredbåndstrafikken til Todalen. I en epost skriver drifts- og kundekonsulent Espen Røv at tilføringen av bredbånd i dag er tilkoblet fiberkabelen fram til Hjellnes, og at det videre arbeidet med å føre fiber fram til Todalen vil starte til sommeren.

Les heile saka