Nok ei veke er passert, og vi fortsett med Todalen historielag sin runde rundt bygda. Denne gongen er vi komne til Øyagrenda, og vi har fått tilsendt heile 12 bilder frå historielaget sitt arkiv. Utfyllande informasjon får du om du går inn på kvart enkelt bilde i galleriet.
Les heile saka
I går kveld var det lokale brannmannskapet i Todalen ute på øvelse. Det var hverken røyk eller ild inne i bildet, men spyling og kontrollering av slanger og øvrig utstyr. I løpet av eit år har brannmannskapet rundt 6 øvelsar, pluss førstehjelspsøvelsar i tillegg. Nokre gonger i lag med brannmannskapet i Surnadal og på Kvanne, andre gongar åleine, som her.
Les heile saka
Laurdag 18 april blir det balldag med ekte sildball i ungdomshuset, fortel John Moe, som er initiativtakar til arrangementet. Med Åse Redalen som sjefskokke vil gjengen på kjøkkenet servere ekte sildball etter gamle oppskrift og med «fullt» tilbehør. Det blir servering av sildball frå kl 15 og utover så langt det rekk, og «kokkelauget» satsar på at det skal bli […]
Les heile saka
I dag tidleg var det mange mødre og fedre i Surnadal kommune som vart møtt av imøtekommande listekandidatar for Surnadal Arbeiderparti. Dei hadde nemleg «aksjon barnehagedag» og hadde utplassert valgbart mannskap utanfor alle barnehagane i kommunen. I Todalen var dei så heldige å stå i ly for veret under inngangspartiet, og fekk tatt ein prat med dei som hasta forbi for å levere i barnehagen.
Les heile saka
Arrangørene av VÅRsprell melder nå om 50 ekstra billetter utlagte på fredagsforestillingen. Billetter kan bestilles på telefon 7165 7100 – Thon Hotel Vårsøg, eller kjøpes i resepsjonen på Kulturhuset, eller på www.kreativtforum.net, eller på mobiltelefon 911 37710.
Les heile saka
I kveld byrjar 4H gjengen å røre på seg etter ein lengre vinterferie. Da bli det kl 19 medlemsmøte i Skulstuå. Agenda for kvelden er valg av oppgåver og aktivitetar utover våren.
Les heile saka
I 2009 gjorde kommunestyret vedtak om å revidere alle bygdebøkene i Surnadal kommune. No er den første boka snart klar – den nye bygdeboka for Todalen kjem ut i midten av november 2015. Denne boka dekkjer området Åsbø, Nordvik og Todalen og vil koste 550 kroner.
Les heile saka
Elinor Bolme som er leiar i Norske Kvinners Sanitetskvinner i Møre og Romsdal, fann i haust ut at NKS skulle starte ei haldningskampanje retta mot russen av året i heile fylket. Med seg på laget, fekk fylkesstyret Senter mot incest og seksuelle overgrep (SMISO) i Molde. SMISO fekk Amfi Kreativ til å laga boxershortsar med påskrifta “Eg tek ansvar”(gutane) og “Spør meg først” (jentene). Fylket fekk samme produsent til å laga “Goodiebags”, og fylkesstyret oppfordra dei lokale sanitetsforeningane til å fylle desse med høveleg innhald.
Les heile saka
… eller påskefugl, som vi kallar det på Myrmo, skriv Line Marie Kvendset i ein epost til Todalen.no. Ho skriv vidare: «Søndag formiddag var ungane ute på trampolina, då dei ropa om at det kom ein påskefugl (eller tiur om du vil!) nede på ekra. Om den hadde vore og vitja Lunde-gaupa er uvisst, men den kom i alle fall spankulerande oppover ekra mot huset…..
Les heile saka
Sør-Georgia i Sørishavet er eit eldorado forpingvin, sel og sjøfugl. Men etter at norske kvalfangarar sette ut ti reinsdyr for hundre år sia vart idyllen broten. Dei eksploderte i antal, har mesta øydelagt vegetasjonen på øya og skapa store problem for andre artar. Britane som har «overherredømme» på øya, ba om norsk hjelp for å få teke ut dyra, og i to omganger har norske skarpskyttarar frå Statens Naturoppsyn vore i sving. Tysdag 21. april kl 19.30 kjem Lars Olav Lund til Todalen ungdomshus for å halde lybildeforedrag om denne uvanlege jakta som han deltok i.
Les heile saka
Mange lurte på kor gammelvegen ut Stranda gjekk, heile 34 personar møtte opp for å bli med på turen til Todalen historielag søndag. Veret var fint, sol og vindstille. Vi starta frå Rossåa kraftverk, gjekk utom Storløfta før vi begynte på den gamle, bratte stigen i retning Hjellnes. Opprinneleg starta den gamle kløv- vegen/ stien ved enden av Storura litt lenger inne, men der er det no uframkomeleg på grunn av ras.
Les heile saka
VOK – eller Sunndal kulturskoles vokalensemble – starta der dei slutta sist dei var i Todalen på konsertturné i 2013. Første post på programmet var «Voggevise» som er ein folketone, arrangert av Øystein Årva. Det var ein klårstemt gjeng som inviterte til konsert i Todalen kyrkje søndag kveld, med sin dirigent og korleiar Lone Eines. Og publikum tok vel i mot dei, sjølv om dei ikkje var så mange – med stort og smått var det eit trettital som hadde benka seg i kyrkja for å nyte korsongen.
Les heile saka