Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Haustsal – ryddar plass til ny vintersesong

Jon Olav Ørsal Onsdag 30. september 2015

Hos Laila og gjengen på Kårvatn Fjellutstyr er sommaren definitivt slutt – no ryddar dei bytikken og lagar eit skikkeleg haustsal. Sjølv om det enno kan bli mange fine haustdagar så ordnar dei seg på ein ny vintersesong.  Laurdag og søndag startar haustsalet og det varer heile neste veke fram til laurdag 10. oktober, og Laila reknar med at det blir mykje folk – for ho har mykje fine varer å by på – og gir opptil 80% avslag på enkelte varer!

Haustsalet startar laurdag 3. oktober og varer fram til 10. oktober.

Laurdag er butikken open frå 10-17 og søndag frå 12-16, og desse dagane byr ho på sal av kaffe og heimbaka marengskake. I neste veke er opningstida måndag, onsdag og fredag frå 10-16 medan det er langope frå 10-19 på tysdag.  Forøvrig er det meldt bra vær til helga, og da kan du like godt kombinere handlerunden med ein tur til Tydalsnebba eller oppover mot Bjøråskaret – det er kjempefine haustfarger i fjellet no, lokkar Laila.

På «bellesalget» har dei som sagt mykje å by på, og lovar skikkeleg avslag på varene som no skal ut – vi kan berre nemne dun, klær , ski, sykkel, sko, telt og mykje meir!

Sykkelutstyr_3254

Ein skikkeleg offroad-sykkel er med på salet. Foto: Jon Olav Ørsal

laila_klær_3261

Mykje klær i alle fargeavariantar og mange brukområde skal ut på haustsalet, fortel Laila Kvendset Bergli Foto: Jon Olav Ørsal

Kaffepause_3267

Godt med ein kaffepause – da vi var innom var Oddbjørn Holten, Odd Arne Vikavoll og Roger Melseth benka rundt kaffebordet. Foto: Jon Olav Ørsal

Siste nytt i kolleksjonen på Kårvatn Fjellutstyr er elsykkel. Vår utsendte fikk ein prøvetur utover Dalagjeret, og fikk bokstaveleg talt bakoversveis – artig redskap ja! Foto: Laila Kvendset Bergli.

Først publisert: 30. september 2015, 08:00 - Sist oppdatert: 29. september 2015, 23:13