Den siste veka har det sjølvsagt vore knytta stor spenning til helgavêret. Regnvêret har trua heile Norgescup-arrangementet som går av stabelen på Kårvatn i helga. No ser det ut til at vêrgudane er komne på andre tankar, og etter vermeldingane på yr.no kan arrangementet bli den reinaste skifesta i Dalalia og oppover mot Tydalsnebba. Fredag blir løypa merka opp og kontrollert med tanke på eventuell rasfare. Laurdag er det klart til start!
Les heile sakaBli med Stangvik Jentekor på «Kardemommefest»
Stangvik Jentekor har såvidt starta øvinga, og med roller frå «Kardemomme By» og «Hakkebakkeskogen» satsar Stangvik Jentekor på Egner-program denne våren. Øvingane er enno i startfasen – og det er plass til fleire aktørar til å bli med, fortel Bernt Bøe.
Les heile sakaSmash, blokk og litt føring
Onsdagar samlast ein ivrig gjeng med volleyballspelarar i gymsalen på Todalen Skule. Det er ungdomen i bygda som er initiativtakarar, og dei dominerte sist gong med sin deltakelse. Likevel var alle aldersgrupper representert, frå tenåringar, tjue-, tredve-, førti- og femtiåringar.
Les heile sakaÅrsmøte Surnadal Arbeiderparti
Surnadal Arbeiderparti avholder sitt Årsmøte torsdag 19. februar kl. 19.00 på Kantina, Sykehjemmet.
Nye og gamle medlemmer ønskes velkommen.
Politiet i godlune, denne gongen…
Tirsdag ettermiddag hadde lensmannskontoret i Surnadal trafikkontroll ved L. Hals Eftf. Betjent Anders Magne Ormset melder i dag om at det var det litt for høg prosent som ikkje hadde med seg førerkortet når dei var ute og kjørte.
Les heile saka52/17 – Søndagsturen går til Vang skistadion
Denne helga går «Søndagsturen» til Vang skistadion på Kvanne (I tidsrommet 12-15). Denne turen passar spesielt godt for småbarnsfamiliar, men det er mange tilbud både til liten og stor. Du kan ta med ski og bruke løypene eller ta ein tur i skogen. Du finn også høvelege akebakkar dersom du heller vil det – eller du kan ta med barnevogn og ta ein luftetur i nærområdet til løyper og
Les heile sakaEr du nyinnflytta til kommunen – bli betre kjent aktivitetane
Er du nyinnflytta til Surnadal kommune, så er det kanskje lurt å bli med på treff for nyinnflytta på Surnadal folkebibliotek på kulturhuset. Det skjer torsdag 12. februar, og da vil Øystein Hjelle Bondhus fortelje om kva aktivitetar Surnadal Idrettslag og andre idrettslag i kommunen driv med.
Les heile sakaStore klimavariasjonar frå år til anna…
I dag skriv vi 10. februar, og ein skulle tru at det på denne tida var full vinter og godt med snø. Men slik er det ikkje – det er bar mark, med berre litt som ligg att på åker og eng. Jon Bruset har sendt oss 4 bilder, der motivet er Todalen – frå Storhaugen og nedover bygda. Alle bileta er tekne den 10. februar i tidsrommet 2010 – 2015. Han manglar 2012 og 2013, men da var det kanskje ikkje fotovêr av ein eller anna grunn.
Les heile sakaFastelavnsris på gang….
Fastelavn nærmar seg no med stormskritt, men det er sanitetskvinnene godt forebudd på. Søndag trossa dei regnvêret og dro til skogs for å finne bjørkeris, og måndag var ein gjeng samla i Sanitetshuset for å lage bukettar – pynta med fargerike fjær og NKS-logo. Fredag og laurdag er dei på plass på Matkroken for å selge fastelavnbukettar for ein 50-lapp.
Les heile sakaStem på månadens bilete for januar
Vi har komme over til ein my månad, og det betyr første avstemning for månadens bilete i 2015. Kandidatane til månadens bilete blir plukka ut av redaksjonen blant bileta vi la ut den månaden, og deretter får lesarane våre muligheit til å stemme fram sine kandidatar i ei lita veke.
Les heile saka52/17 – Søndagsturen går til Halsa – Kaldbergsvatnet
I morgon er du invitert til søndagstur i Halsa, eller nærare bestemt til bålkos ved Kaldbergvatnet. Opplegget er parkering ved Bårdset og fottur opp til Kaldsbegsvatnet – ein lett og fin familietur på ca 2 km etter skogsveg, – og ein tur som alle kan delta på.
Les heile sakaUstabilt telefonnett
Kl 11.30 datt telenornettet i Todalen ut ein snartur. Ser at det i skrivande stund er litt «av og på», men det kraftige uveret som herjar ute kan kanskje spele inn på det. Skulle nokon ha meir info er det berre å sende oss ein epost eller ei melding via Facebook så vi kan oppdatere.
Les heile saka