Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Branntilløp i bil…

Jon Olav Ørsal Måndag 26. oktober 2015

Hell i uhellet gjorde at det ble med eit branntilløp og ikkje garasjebrann hos Jon Bruset på Småhjellan.  Det var måndag i lunchtida at Jon sette på batteriladaren på bilden for å sikre at batteriet var fullada før det blir vinter. Han kobla til ledningane mellom ladaren og batteriet og forsikra seg om at det var rett kobla, før han sette i kontakten.

Dermed starta ladaren på normalt vis og Jon gikk inn for å ordne seg på ein trimtur til Storhaugen. Etter nokre minutt kika han tilfeldig vis ut gjennom kjøkkenvindaug og fekk da sjå at det var full fyr i mottorrommet på bilen. Heldigvis hadde han eit slukkeapparat for handa, og i fullt firsprang bar det ut for å starte sløkkearbeidet.

DSC_3855

Det tok fyr i motorrommet da batteriladaren vart sett på – her vart det ein omfattande skade. Foto: Jon Olav Ørsal

Det gikk greit å sløkke branntilløpet, men det vart nok ein del skade i motorrommet på bilen, der batteriet og mykje plast og el-installasjonar ødelagt. Det vart sjølvsagt ein del røyk og sot i garasjen, men brannen rakk ikkje å få tak i treverket på garasjebygdninga.

Ein snarrådig reaksjon redda nok både bil og garasje frå å ta fyll fyr, og her sto det nok berre om minutt før det kunne vorte eit skikkeleg bål og eit mykje større skadeomfang.

DSC_3857

Frontruta og dashbordet fikk ein del skade i tillegg til motorrommet. Foto: Jon Olav Ørsal

DSC_3858

Sotet på porten viser at det var ikkje langt unna at brannen fik tak i treverket. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 26. oktober 2015, 19:11