Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nyttig og triveleg dametreff på Byggmakker

Dordi Jorunn Halle Tysdag 27. oktober 2015

Måndag kveld var det fagkveld for damer på Byggmakker. Der fekk dei nyttige tips om opp-pussing og informasjon om nye fargetrendar. Dyktig og eingasjert konferansier for kvelden var Magne Seierslund. Han ønskte damene velkomne til ein butikk der mennene ofte dominerer, men slik bør det ikkje vere da jentene ofte er like ivrige, flinke og gjer rikitig stor innsats både når det gjeld opp-pussing og hagearbeid.

IMG_6981

Kveldens dyktige konferansier Magne Seierslund. Foto: Dord J.H.

Konferansier Magne Seierslund er nyinnflytta til Surnadal frå Austlandet og hadde nok hatt ei bratt læringskurve når det gjeld dialekt og mat, men han hadde alt lært om furkunnjmat og graut og bakels som hadde vorte ein ny yndlingsrett.

IMG_6974

Mange interessert damer i alle aldrar møtte opp, cirka 170 i alt. Foto: Dordi J.H.

IMG_6987

Thomas Holm frå Jotun presenterte det nyaste når det gjeld måling og fargar. Foto: Dordi J.H.

Thomas Holm frå Jotun orienterte om haustens trendar når det gjeld fargar og måling innomhus. Han presenterte det nye fargekartet til Jotun Lady. Fargepalettane har fancy namn som: Reflections of Time, Reflections of Light og Reflections of Earth, alle med riktig fine fargekombinasjonar. Han gav og gode tips om bruk av måling med ulik glans: matt, silkematt, halvblank og superblank, og kva type måling og interiørbeis som passar til ulike rom. Men det er viktig med rett nedvask og forarbeid før måling, poengterte han.

Etter fellessamlinga kunne damene gå rundt for å sjå på stands og møte fagfolk. Her blir det ein liten tur innom nokre av dei:

IMG_6988

Espen Johannessen frå Luxaflex viser her fram ulike gardintypar. Foto: Dordi J.H.

Luxaflex er spesialistar på solskjerming både innvendig og utvendig, men denne kvelden var det innvednig solskjerming som var i fokus. Dei er leverer måltilpassa gardiner  og utstyr som liftgardiner, persienner, rullegardiner,plissègardiner osb., og dei presenterte ein kolleksjon med fine fargar, mønster og gode løysingar.

IMG_7000

Kjell Tiller frå tapetspesialisten Borge demonstrerer tapetsering. Foto:Dordi J.H.

Etterpå var det, stopp ved  til standen til tapetspesialisten Borge, utruleg mange fine tapet i ulike kvalitetar, fargar og mønster å finne her. Der fekk vi flott demonstrasjon av tapetsering. Det såg enkelt ut……

IMG_7003

I målingsavdelinga var det gode råd å få. Stort utvalg! Foto: Dordi J.H.

I målingsavdelinga fekk ein svar på alt ein lurte på om måling, gode råd i fargevalg og bruk av rett målingstype.

IMG_7032 (1)

Svedbergs baderomstand var spennande med mange gode løysingar for både for små og store baderom. Foto: Dordi J.H.

Mykje nytt og spennnande med gode løysingar og fikse detaljar i avdelinga til Svedbergs baderom. Ja, det er lett å bli inspirert til fornying i heimen.

IMG_7035

Her gjeld det tak og vegger, mykje fint! Roger Luneborg er eksperten her. Foto: Dordi J.H.

Avdelinga for tak og vegger er stor og innhaldsrik, her er det mykje å velje i. Roger Luneborg som arbeider i Talgø, kunne gi gode råd og tips her.

IMG_7009

Solveig Haglund. Foto: Dordi J.H.

IMG_7012

Britt G. Moen serverer kortreist baccalao til Ellen Bjørseth. Foto: Dordi J. H.

Men utan mat og drikke, duger damene ikkje. Det var nemleg og ei avdeling med presentasjon og smaksprøver av kortreist mat. Solveig Haglund frå Oppistua Øye serverte  økologiske dyrka poeteter –  med god, gammaldags potetsmak.  Britt G. Moen serverte baccalao av kortreiste råvarer. Ho selde også boka si «Furkunnjmat». Gunn Søyseth har akkurat starta ny matvarebutikk med fokus på økologisk og kortreist mat. Ho presenterte eit utval av varene sine denne kvelden. Det vart ein riktig så allsidig kveld rundt om i Byggmakkerbutikken.

IMG_7015

Gunn Søyseth presenterte varer frå den nystarta butikken sin, Colonialhaven. Borghild Betten Talgø er interessert  kunde. Foto: Dordi J.H.

Både Hageland og Byggmakker hadde gode tilbod på diverse varer denne kvelden. Hageland hadde alt eit fint utval i julevarer. Det vart servert kaffe og gode kaker og praten gjekk lett. Deltakarane fekk utdelt lodd på runden rundt i lokala, og gevinstane var originale t.d. 15 kvadratmeter parkett, tapetrullar, måling og målekostar, elektrisk drill osb.

IMG_7027

Godt fornøgde todalsdamer etter ein fin  kveld. Frå venstre: Agnete Olsen Øyen, Liv Jorunn Bævre Moe, Karen Johanne Talgø, Berit Pauline Kårvatn og Ruht Hilde Kvande. Foto: Dordi J. H.

Det var ein interessant, informativ og triveleg kveld, altså nok ein vellukka «Damenes aften».

IMG_7022

Og snart det tydelegvis jul….. Foto: Dordi J.H.

 

 

 

Publisert: 27. oktober 2015, 12:18