Onsdag kveld – 1. juli kl 19.00 – er det klart for tidenes oppgjør mellom Todalen og Bøfjorden. Begge laga samler alle dei beste til eit landslag (iallafall etter same prinsipp som landslaget) og møtes på Bordholmen. Det blir altså eit blanda Todalslag mot eit blanda Bøfjord-lag, der spelarane som er lånt ut til andre lag stiller på sitt heimelag. Det blir nok litt av eit oppgjør – og uansett resultat så blir det returkamp i Bøfjorden etter ferien.
Les heile saka
Fotterapaut Olaug Bergem Aspill kjem i neste veke på nok ein runde med fotpleie i Sanitetshuset. Dagane ho vil vera der er tirsdag 7., onsdag 8. og torsdag 9. juli.
Les heile saka
Laksen har ikkje akkurat stått i kø dei første dagane av årets sesong. Men no løsnar det kanskje, for Sven Sandodden tok i allfall ein fin og lusfri laks i hølen Hagan laurdag. Han frista laksen med flue, og dermed satt den på – og kom på land.
Les heile saka
Konserten med Asle Beck og Yngve Kristiansen vart på mange vis ei flott og verdig avslutning på Todalsdagen 2015. Etter ein dag med stor aktivitet på Bordholmen, – sol frå blå himmel og massevis med folk som kosa seg i sommardagen, var det godt å sette seg ned og slappe av framfor scena på Todalshytta. Her […]
Les heile saka
Ræta opp er mosjonsløpet der du konkurrerer mest med deg sjølv. Det er lite alvor men likevel ein konkurranse der det gjeld å delta og kanskje flytte grenser. men du kan også prøve deg på løyperekorden, som er ei sterk tid – nemleg 11.59. Årets raskaste var Håvard Gjeldnes som kom i mål på 12.05.6 – […]
Les heile saka
Nok ein gong kan Todalen IL sjå tilbake på ein vel gjennomføret todalsdag med ypperlege verforhold til dei mange hundre frammøtte på Bordholmen Stadion. Her var det full fart for knøttespelarar, miniar og lilleguttar på fem banar til ei kvar tid.
Les heile saka
Da vi stakk innom Todalshytta i ettermiddag, pågikk øving og finpuss til kveldens konsert. Asle Beck, Yngve Kristiansen og Gunnar Westlie satt i kråa ved inngangen og finpussa på kveldens repertoar, og trioen gledde seg til å starte konserten på bakken framfor Todalshytta i det fine sumarvêret. Konserten på Todalshytta er eit samarbeid med Todalsdagen […]
Les heile saka
Dugnadsgjengen på Bordholmen er komne i innspurtsfasen, og etter kvart blir nok alt klart til Todalsdagen før dei tek kveld. Det er montert telt og plassert ut bord og storgrillen er komen på plass og klargjort for storproduksjon av kotelettar, hamburarar, vårrullar og laksekotelettar. Klargjering av maten var ein anna dugnadsgjeng i arbeid med i Ungdomshuset.
Les heile saka
Torsdag 25. juni er Soggnebba målet for stavgangturen. Trass i ein skytung himmel med etter kvart lett regn, startar om lag 30 stavgangarar på turen opp til Honnstadvatnet. Dei fleste gav seg att ved vatnet, medan ei mindre gruppe gav seg i kast med fleire motbakkar, og i lett regn fortsette dei opp til Soggnebba. Dei fekk løn for strevet ved å få oppleva ei fantastisk utsikt frå toppen av Nebba.
Les heile saka
Fredag ettermiddag var banekomiteen i full gang med merking av fotballbanen på Bordholmen. Laurdag er det cupfotball frå morgon til kveld, og det kjem til å bli aktivitet på 5 banar gjennom heile dagen.
Les heile saka
I juli blir det langope kvar onsdag i Svinviks arboret. Første kvelden med langope er onsdag 1. juli, og da inviterer quizmaster Ida på konkurranse i quiz i kafèen, med spørsmål frå fjern og nær. Aroretet er ope frå kl 11 – 20 på onsdagar i juli og 11 – 16 frå torsdag – søndag som vanleg.
Les heile saka
Komande søndag går «Søndagsturen» til trimposten Roparen ovafor Surnadalsøra, og med sightsing på Øra og i Øralia. Det er ein flott tur der du blir belønna med flott utsikt over nedre Surnadal når du kjem opp til Roparen. Det er oppmøte og parkering ved «Cafe Corner» – brufestet til gamle Ørabrua, og start kl 12.
Les heile saka