Rute 46 Kvanne – Rykkjem: Sambandet er midlertidlig ute av drift grunna tekniske problemer, meldes det kl 17.21. Fjord 1 reknar med normal drift på ruta frå avgangen frå Rykkjem kl 17.45, melder Fjord1

Rute 46 Kvanne – Rykkjem: Sambandet er midlertidlig ute av drift grunna tekniske problemer, meldes det kl 17.21. Fjord 1 reknar med normal drift på ruta frå avgangen frå Rykkjem kl 17.45, melder Fjord1
Førstkommende søndag kl 12 er det klart for nok ein søndagstur. Denne gongen går turen til Mjølkeplassen på Halsa. Ein kort tur på ca 350 m med litt stigning opp fra Halsasaga etter grusvei. (Fullt mulig å trille vogn opp f.eks.) Det blir arrangerert fellestur til Aakvik Knoken fra Mjølkeplassen.
Les heile sakaKjekt å tjene seg nokre kroner for å spe på feriepengane, tykte Steinar og Frikk som har fått seg sommarjobb i parkanlegget ved Gammelfabrikken. Dei to kompisane var i full jobb med å førebu planting av rododendron i området mellom gammelfabrikken og dammen oppe i skråninga ovafor. Eit trettital rodensdron skal plantast ut, og jobben […]
Les heile sakaSpreiing av framande skadelege planteartar utgjer ein stor trussel mot naturmangfaldet, t.d. kan naturleg stadeigne artar bli utkonkurrert og utrydda. I Norge utgjer dette ein økologisk risiko som har gjort at miljøforvaltninga for tida har temaet høgt oppe på dagsorden. Surnadal kommune har i 2015 fått kr. 30 000 frå fylkesmannen i Møre og Romsdal til kartlegging av kjempespringfrø, parkslirekne og rynkerose.
Les heile sakaSøyacupen er no så å seie fulltegna. I skrivande stund er det registrert 58 påmeldte lag frå 15 ulike klubbar. Naturleg vis mange lokale, men også noko litt lengre i frå, som Frei, Molde, Svorkmo og Vestbyen IL frå Trondheim.
Les heile sakaKvar tysdag blir det servert potetball på Todalshytta. Dagens ball smaka riktig så godt, og det var både rikeleg og godt tilbehør! Gjestene kosa seg med god mat, og i tillegg vart det triveleg prat og sjølvsagt litt diskusjon. Eric Malling stod for serveringa, medan Jan Larsen var ny assistent på kjøkkenet. Han er flink […]
Les heile sakaRegnvêret som kom måndag ettermiddag sette fart på snøsmeltinga i høgfjellet. Frå ei vassføring ved Storfossen på rundt 18 m3/sek i 12-tida måndag passerte den 55 m3/sek i 20-tida, og har fortsett å stige etter det. Yr.no melder om regnvêr utover natta, men temperaturen er dalende og vil nok kome ned i 6-8 grader i høgfjellet og det vil nok dempe snøsmeltinga.
Les heile sakaI dag fikk eg uventa besøk frå Åndalsnes. Det var Magnar Øverland frå Vestnes som stakk innom, på ein rundtur i distriktet for å samle gamal sykkelhistorie. Det har seg nemleg slik at min bestefar, Olav O. Halle, dreiv med montering, salg og reparasjonar av syklar. Sykkelentusiasten Øverland var på søken etter meir informasjon om og eventuelt gamle syklar med merket påmontert.
Les heile sakaStikk UT-opplegget til Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal fører til stor trimaktivitet. Her i bygda er det to trimpostar, ein på Storhaugen og ein ute i Gammelvegen. Søndag 5.juli var det registrert 468 turar på Storhaugen, og i boka for Svinvikrunden er det notert heile 924 turar frå første mai og fram til no! Det må […]
Les heile sakaTrollheimen sykkelklubb arrangerte tur til Todalen i dag, som ei uhøgtideleg treningsøkt for den som hadde lyst, fortel rune kvande som har sendt oss bilete frå stoppen dei hadde ved HalsOils anlegg på Kvennset. Dei hadde ført teke ein oppvarmingtur til Røv, før dei sette kursen til Todalen.
Les heile sakaSett av laurdagskvelden 11. juli – da kjem nemleg Terje Nordgarden attende til Todalen for å halde utekonsert på Todalshytta. Terje var tidlegare i sommar med på låtskrivarseninaret på Todalshytta, og no tek han med seg familien og kjem att for å vise fram todalsnaturen – og byr altså på konsert denne laurdagskvelden.
Les heile sakaSøndag føremiddag fekk eit par frå Tyskland fin laksefangst i Smidammen i Brusetneset. Mannen fekk laksen på kroken ved terskelen på Smidammen, og etter noko arming fekk frua sikra laksen i håven oppe ved Endavadhølen. Fisken var ein villaks som målte 80 cm lengde, og vekta var nok rundt 5 kg. Laksen var eit fint […]
Les heile saka