Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

4H gjer seg klar for haustfest

Elinor Bolme Laurdag 27. september 2014

Onsdag kveld var det medlemsmøte i Start 4H. 7 av 9 medlemer var samla for å planlegge haustens program, der den tradisjonelle haustfesta står sentralt. Dato her vart sett til søndag 26. oktober. Ellers planlegg dei også ein fellestur til Rauåa søndag 5. oktober. Her er vi lova meir informasjon etterkvart.  

Les heile saka

Fleire billettar til HÆSTlatter

Jon Olav Ørsal Fredag 26. september 2014

Det er enno ein månad før revyførestillinga HÆSTlatter går av stabelen, men alt no er det klart at både fredags- og laurdagsførestillinga kjem til å gå for fullt hus i ”Gladlaksen” på Thon Vårsøg hotell. No har Thon Vårsøg hotell rydda meir plass til publikum, og dei legg ut nye 50 billettar på begge kveldane (fredag 30.10 og laurdag 1.11)

Les heile saka

Opprørs-10 – Du verden for ei førestilling!

Jon Olav Ørsal Fredag 26. september 2014

Etter tre kveldar på rappen med fullt hus i Storstua på kulturhuset, var det torsdag kveld tid for å slå sluttstrek for revyen «Opprørs-10» med 10. klasse ved Surnadal ungdomsskule. Du verden så flott ein revy og så mange dyktige talenter vi fikk oppleve på scena. Publikum vart «hekta på» heilt frå starten, og det var stigning gjennom begge dei to aktene.

Les heile saka

Nytt og flott apotek – vi var på opningsfesta

Dordi Jorunn Halle Fredag 26. september 2014

Etter 14 dagar med hektisk ombygging og opp-pussing var det torsdag 25. september opningsfest for apoteket i Surnadal med mange gode tilbod, blautkake og kaffe. Mange tok turen innom, og det var mange lovord å høyre om det nye apoteket!

Les heile saka

Hausttur til Mulneset

Jon Olav Ørsal Fredag 26. september 2014

Stavgangturen denne veka gikk til Mulneset, med start frå Søyabanen. Mulneset er ikkje så langt frå staden der det er planlagt at flytebrua skal få sitt landfeste på nordsida av fjorden, dersom flytebrualternativet blir aktuelt. Randi og Vidar Sogge var som vanleg utrusta med kamera på turen, og har sendt oss mange fine bilder som vi viser i bildegalleriet nedafor.

Les heile saka

Stort haustsalg på Låvebutikken

Elinor Bolme Torsdag 25. september 2014

I helga er det salgsdagar på Kårvatn Fjellutstyr AS, med ei mengde haustvarer til nedsatt pris. Her vil det bli åpent både laurdag og søndag med usedvanlege gode tilbud som dei brukar å ha ved sine storsalg.

Les heile saka

Iris storfornøyd med EM-bronse.

Elinor Bolme Torsdag 25. september 2014

Som tidligere nevnt håpet vi å få et lite referat etter at Iris Finnøy var ferdig med EM i Tallin. Iris har nå kommet tilbake på Norsk jord og holder naturlivis avtalen. Hun har sendt oss en fyldig oppdatering om veien mot bronsjeplassen i 3D bueskyting.

Les heile saka

Kjøtt & påsse i lange baner

Jon Olav Ørsal Onsdag 24. september 2014

Det dufta godt av kjøtt & påsse heilt utpå gardsplassen utafor Sanitetshuset, og smaksløkane vart stimulert på direkten. Vi snakkar sjølvsagt om eldremiddagen, som hadde kjøtt & påsse på menyen sist onsdag. Eldremiddagen har tradisjon for å servere skikkeleg god og heimlaga tradisjonsmat, og denne dagen var det fleire tilreisande, med ordførar Lilly Gunn Nyheim i spissen. Eldrerådet hadde også lagt sitt møte hit, og vart med på middagen som samla godt over trettitalet til bords.

Les heile saka

Når man blir 99, kan man trø til for fullt…

Jon Olav Ørsal Onsdag 24. september 2014

I dag blir det nok ein travel dag for Lisbet Halle. Dei første gjestane stakk innom før ho kom seg i pussen, og det blir nok full rulle utover dagen med både eplekake med krem og etterkvart blautkake til kaffegjestane. Om det kjem 99 lys på kaka veit vi ikkje, i så fall må det nok fleire pakkar til.

Les heile saka

Sjakk-kveld i Kaffekroken

Jon Olav Ørsal Tysdag 23. september 2014

Søndag kveld startar vi på igjen, og første sjakk-kveld blir søndag 28. septemer kl 19.30, fortel Trygve Halle. Da er alle velkomne, både gammel og ung, og vi satsar på sjakk-kveld annakvar søndag framover hausten. Ta gjerne med sjakkbrett når du kjem!

Les heile saka

Demensaksjonen ga 98.000 og rekord

Jon Olav Ørsal Tysdag 23. september 2014

Surnadal Demensforening og Helselag har runda av innsamlingsaksjonn for i år, og fikk inn heile 98.007. Innsamlinga har foregått i samarbeid med russen og Åsskard Helselag, og har vore godt mottekne når dei har kome til folk på innsamlingsrunden.

Les heile saka

Starta sanitetsveka med ope møte om Etopiaprosjektet

Jon Olav Ørsal Måndag 22. september 2014

Todalen sanitetsforening starta årets sanitetsveke med ope infomøte om NKS sitt prosjekt for å hjelpe folket i Etiopia til å kome igang med stifting av sanitetsforeningar. Det er eit skrikande behov for å kome i gang med organisering av helsearbeid i Etiopia, men dei lyt starte frå grunnen med opplysningsarbeid og før dei kan bygge opp eit organisert apparat til hjelp i helsearbeidet.

Les heile saka