Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Drømmetur til Bjøråskaret

Jon Olav Ørsal Sundag 5. april 2015

Påskelaurdag var ein drømmedag i fjellet, og det var mange som nytta høvet til å kome seg til fjells. John Are Husby tok turen til Bjøråskaret, og har sendt oss nokre bilde frå turen og frå den flotte utsikten frå Bjøråskaret – mot Innerdalsfjella.

Les heile saka

Byr på friluftsgudsteneste 2. påskedag…

Jon Olav Ørsal Sundag 5. april 2015

Det har etter kvart vorte tradisjon med både frilustsgudsteneste og finvêr på 2. påskedag. Todalen sokneråd inviterer iallfall på friluftsgudsteneste på Haugligardane ovafor Bruset 2. påskedag kl 12.00. Det er skogsbilveg heilt fram, og bra med parkeringsplass. Det går også an å parkere ved Bruset-fjøset og ta siste biten til fots for den som vil ha litt mosjon.

Les heile saka

E-posttrøbbel hos Svorka, men på lufta igjen no

Jon Olav Ørsal Sundag 5. april 2015

Frå laurdag ettermiddag var det ikkje muleg å koble seg opp for å laste ned eller sende e-post for «svorka.net»-kontoar.Vi fikk fleire telefonar hit til redaksjonen om dette, men alle hadde breibandtilgang. Det tyda på at var mailserverproblem hos Svorka Aksess som laga krøll.

Les heile saka


Påskekrim 5/6 – Kronhjort i måneskinn

Guro Redalen (innledning av red.) Fredag 3. april 2015

Her kjem femte episode i påskekrimmen «Kronhjort i måneskinn». Vår helt Lebrekk har utforska potensielle spor, og må sjå om det er muleg å komme fram til ein konklusjon. Her har du også moglegheit til å sende inn di løysing.

Les heile saka

Skihytta: 52 deltok på Kjerringdilten

Jon Olav Ørsal Fredag 3. april 2015

Mellom 60 og 70 personar tok turen til Skihytta på langfredag. Litt utrygge vêrmeldingar bremsa nok deltakinga litt, men vêret var på sitt beste på ettermiddagen omkring den tida kjerringdilten starta kl 13.00. Heile 52 personar stillte på startstreken og det var nok lagt mange strategiar for å kome i mål på den hemmelege idealtida som rennleiar Ivar Helge Kvendset hadde sett.

Les heile saka

Sjakkfinalistane er klare til 2.påskedag

Jon Olav Ørsal Fredag 3. april 2015

Finalistane til den stor sjakkfinalen 2. påskedag er no klare. Etter at innleiande kamper er unnagjort står ein att med 2 gullfinalister og 2 bronsefinalister til det store oppgjøret i Todalen ungdomshus. I bronsefinalen møtes Kristoffer Nordvik og Bernt Venås, medan Brage H. Talgø og Amund Talgø møtes til den spanande gullfinalen, fortel Trygve Halle som er pressetalsmann for sjakkgjengen. 

Les heile saka

Siste: Fine forhold på Skihytta!

Jon Olav Ørsal Fredag 3. april 2015

Det er kjempefine forhold på Skihytta, rapporterer Ivar Helge Kvendset i arrangementskommiteen. 10 cm nysnø gir perfekt føre, og sjølv om sola enno let vente på seg så er det vindstille og god temperatur. Kjerringdilten startar kl 13.00 så du har enno eit par timar på deg til å ta turen til Skihytta på Ørsalfjellet.


52/17 Søndagsturen: Skitur til grillhytta i Grønlifeltet

Elinor Bolme Fredag 3. april 2015

Kommende søndagstur i regi av dei tre kommunane Surnadal, Rindal og Halsa går 1. påskedag til grillhytta ved Grønlifeltet i Rindal. Turen startar fra parkeringsplass ved vestenden av Grønlivatnet i godt preparert løype i 2,2 km i lett terreng(med noen mindre stigninger i starten) opp til grillhytta

Les heile saka

Seterrennet for 87. gang – oppdatert

Sverre Kjølstad Torsdag 2. april 2015

For 87-ende gang ble det tradisjonelle Seterrennet arrangert ved Nordviksetra på skjærtorsdag. Værutsiktene var ikke de beste, og i morgentimene lavet snøen ned. Etter hvert gjekk det over til byger med opphold innimellom. De som hadde firhjulstrekkere kjørte helt fram til parkeringsplassen ved setra, mens de som ikke hadde dette utstyret måtte ty til traktorskyss med henger.

Les heile saka

Unni Boksasp trefte publikum…

Jon Olav Ørsal Torsdag 2. april 2015

Unni Boksasp og Festivalkvartetten trefte eit begeistra publikum under påskekonserten i Todalen kyrkje. Konserten var premiere for påsketurneen som altså starta i Todalen kyrkje skjærtorsdag ettermiddag, og fortsette til Ålvundeid kyrkje om kvelden. Vidare skal dei til Nordlandet og Øre på langfredag. Festivalkvartetten starta konserten med Griegs Allegro før Unni Boksasp kom på podiet med folketonar etter lokal opphavt.

Les heile saka

Stangvik Historielag med fellestur til Noatun på Åsprong

Elinor Bolme Torsdag 2. april 2015

Stangvik Historielag har allerede no si aktivitetsplan klar for 2015. Dei startar den første fellesturen no 11. april, og har fått ein 52/17 Søndagstur, blandt anna. 1. tur går til Noatun, langhuset som Edvard Røkkum og Kristin Settem har på Åsprong, 11. april  kl 15 til ca kl 19/21 –avkjørsel blir skilta (ved mjølk-rampe på høgre side av vegen). Vi satsar på samkjøring med privatbilar, oppmøte ved ferjekaia på Kvanne kl 14.30. – Men: kom gjerne i båt, det er båthamn ca 100 […]

Les heile saka