Stangviks eige jentekor er hovudaktør når Stangvik kyrkje også denne fredagen inviterer til juletonar. Med seg på laget har dei både Todalskoret, Åsskard kyrkjekor, Turid Kroknes,Torgrim Tunes og Christian Madaus på fløyte.
Les heile saka
Stangviks eige jentekor er hovudaktør når Stangvik kyrkje også denne fredagen inviterer til juletonar. Med seg på laget har dei både Todalskoret, Åsskard kyrkjekor, Turid Kroknes,Torgrim Tunes og Christian Madaus på fløyte.
Les heile sakaIngvild Kårvatn melder at i kveld, onsdag 9. desember, er det ledige plassar på topptaukurs i klatreveggen i Surnadal trenings- og velværesenter. Dette er eit enkelt innføringskurs i korleis ein sikrar barn og vaksne under klatring. Det er ingen krav om forkunnskapar eller erfaring i klatring. Instuktør er Lars Inge Harang, og kurset startar klokka […]
Les heile sakaDagens happening var å få ny kopimaskin opp i 2. etasje til kontora på Talgø. Den kom til gards i fleire deler, men 2 av delane var så store og tunge at den kunne ikkje transporterast opp troppa i hovudinngangen. Det vart lufta mange kreative løysingar, som å ta ut eit av vindauga for å få den inn. – Løysinga vart å ta den inn via naudutgangen attmed spiraltroppa….
Les heile sakaI Pestufjøset har det skjedd mykje sia sist vi var innom. Framleis er det ein del som ikkje er ferdig, men båsrekkjene er på plass, og dei 2 robotane er på plass og rørleggarar, elektrikarar og maskinmontørar jobba på spreng for å få kopla til og satt i drift utstyret som skal til. Onsdag kjem dei første kyrne og flyttar inn…..
Les heile sakaFamilien Gjeldnes/Skjerve er komne godt i gang med husbygginga på tomta si i Bekkerhagan bustadfelt. Litt originalt er det nok at dei har kjøpt eit gamalt tømmerhus i Rissa, som dei har flytta til Todalen. No er dei i gang med å montere det saman igjen, og det har gått radigt. Måndag trefte vi Rolf Lervik og Robert Ulfsnes, frå firma Lervike AS på byggeplassen. De var i full gang med å bygge stillas for moteringa av tak på huset.
Les heile sakaLitt ruskete vêr la ikkje nevneverdig demping på den tradisjonelle julegrantenninga ved Hals i ettermiddag. PT-utvalget som var arrangert hadde ordna med gløgg, saft, pepparkaker og twist til dei mange frammøtte. Trass lite som minna om andre søndag i advent og 6. desember fekk juletreet lysa tennt i vindkasta.
Les heile sakaKlassikaren «I denne søte juletid» inneheld det meste av kyrkja sin julebodskap. No er Todalskoret og Åsskard Kyrkjekor i full gang med årets musikal-versjon av Arne Dagsviks kantate.
Framføringa – med solistar, kor og kammerorkester – skjer i kora sine heimekyrkjer søndag 20. desember. Same helga spelar dei musikken inn på CD.
Surnadal Røde kors arrangerer innsamling av vinterklær i forbindelse med organisasjonens sitt satsningsområde «Ferie for alle». Denne gongen blir det derfor samla inn vinterklær fordi det arrangeres juleferie fra 22-26 desember på Savalen i år, fortel Marianne Bergem i Surnadal Røde Kors.
Les heile sakaI fjor bles dei nytt liv i tradisjonen med julegrantenning i Brusetmarka etter fleire års pause. I år kunne ein laurdag føremiddag tru at den planlagde julegrantenninga skulle regne og blåse bort, men det stilna heldigvis til kvelds, juletreet stod støtt og vart tent! Det er vel berre å slå fast at «godt folk har […]
Les heile sakaOgså i år ønsker ulike lag og organisasjonar velkomne til adventskaffe i ungdomshuset der det blir muligheit for eit pust i førjulsbakken og ikkje minst til å treffe naboar og bygdefolket over ein enkel kopp kaffe.
Arrangementet er lagt til luciadagen den 13. desember, og i den anledning blir det naturlegvis eit luciatog av dei eldste i barnehagen og alle skuleungane.
Les heile sakaDei sju jentene i Stangvik Jentekor ståkar til jul! Og midt i ståket øver dei på Prøysens «Julekveldsvise».
Fredag kveld er dei hovudaktørar i «Vår eigen julekonsert» i Stangvik-kyrkja. Kven annan som skal synge og spela, vil dei røpe om nokre dagar.
Les heile sakaTodalen.no er godt i gang med forberedelsane av 2016. I den anledning har vi sett produksjon av nye premiar av månadens bilete 2016 og 2017. Tidlegare premiar har vore eigne koppar og i år termosar. Frå januar 2016 blir det solide handdukar, nok ein egna ting som ein er avhengig av, -kvar einaste dag.
Les heile saka