Tysdag 8. mars er det tid for årsmøte i Todalen.no. Det skjer i Todalen ungdomshus kl 19.30, og det blir denne veka sendt ut innkalling til medlemane eller «eigarane», som er lag og organisasjonar og bedrifter i nærområdet. Velkomne til årsmøtet er også våre støttemedlemar. Todalen.no er framleis i framgang når det gjeld lesartal – i 2015 hadde vi 422.000 besøk på nettsida og har auka lesartala jamt og trutt sia starten i august 2009, og ser ut til å halde fram også i 2016.
Les heile saka
4 flotte svaner har hatt tilhald ved Todaløra og Halsetøran i vinter. I føremiddag låg deg og duppa i sjøen og berre slappa av, men når vi stoppa for å ta bilde vart dei ivrige og kom inn møt fjøra.
Les heile saka
Laurdag var det ein liten tjuvstart på sommarsesongen i svinviks arboret. Arboretet skal i sommar jobbe med restaurering av den gamle frukthagen, og i samband med dette prosjektet var det «podar-dag» med kurs i poding av frukttrær. Her var det fritt fram for alle for å delta og lære om poding, og læremeister var Per Arne Myraunet på Hellberg Gard på Frosta.
Les heile saka
Har du hugsa og meldt deg på? Det blir nok reine feittysdagen når omsogsgruppa i Todalen Sanitetsforening inviterer «eldre» todalingar til middag tysdag 8. mars kl 13. Og menyen er slett inga hemmelegheit for det startar med ertersuppe til forrett og fortsett med saltkjøtt og kålrabistappe og rundar av med kaffe og kake, fortel Karen Johanne Talgø og Jorunn Ørsal som står i bresjen for tiltaket.
Les heile saka
Denne veka er det Veteran-VM i hopp i Knyken skiarena i Orkdal. Et lite tips om oppslag i avisa Sør-Trøndelag gjorde oss nysgjerrige, og i avisas utgåve frå onsdag er det eit stort oppslag om Jo Kåre Torvik (55) som er deltakar, og som kan notere seg både for bronsemedalje i 30-metersbakken og 5. plass i 50-metersbakken.
Les heile saka
Vår «eigen» krimforfattar Guro Redalen er under Noregs Ungdomslag sin sommarleir ein av mange kurshaldarar som skal lokke og inspirere ungdommen til årets happening i ungdomslaga. Guro arbeider som Informasjonsrådgjevar for Noregs Ungdomslag. Dei som har fjorårets påskekrim friskt i minne kan nok sjå for seg at dette kan bli eit inspirerande kurs, med og utan linjeinnrykk.
Les heile saka
Vi sluttar oss til orda til rektor Mons Otnes, da han takka russen for ein feiande flott revypremieere i Surnadal kulturhus i kveld. Vi er etter kvart vant til at russerevyane har eit høgt kvalitetsnivå, og årets revy er ikkje noko unntak. Stor fart, mange artig innslag og mykje flott song og musikk gjennom knappe to timar.
Les heile saka
Todalen Sanitetsforening går no nye vegar for å få inn alternative kroner til drift av laget. Tirsdag 22. mars klokka 12 åpnar dei dørene i Sanitetshuset og selger bomkjøp for ein billeg penge. Kven har ikkje opplevd å kjøpe noko som var veldig fint, men som nesten aldri vart bruka? Dette blir det no ei rå for.
Les heile saka
Todalen Sanitetsforening er som kjent 100 år i 2016. I den anledning undrar laget om nokon kan ha bilder av gamal årgang liggande som dei kan få kopiere. Alt av interesse frå stiftingsåret 1916 og fram til internettets tidsalder.
Les heile saka
Onsdag andre mars inviterte Todalen historielag til filmkveld i Ungdomshuset. Filmen som stod på programmet, var svært så lokal. Hovedpersonen i filmen er Gudmund Halle frå Kårvatn, intervjuar er Olav Kvendset og filmskapar er Svein Åge Saksen. Filmen vart teken opp i 1994 da Gudmund var 81 år, og tema for filmen var kraftverk og kraftutbygging. Gudmund […]
Les heile saka
Nordvik Grendalag har årsmøte i Forsamlingshuset måndag 14. mar 2016 kl. 20.00. Her er det ordinære årsmøtesaker med regnskap og valg, samt vedtektsendringar i forbindelse med at laget no skal registrerast i Brønnøysundregisteret.
Les heile saka
For 6-åringane er det no tid for å skriva seg inn til skulestart for hausten 2016. I fjor haust såg det mørkt ut for neste skulestart da todalsskulen var trua av budsjettkutta i 2016-budsjettet. Men no er det altså klart for registrering av elevar som skal starte på 1. skuletrinnet til hausten. I Todalsskulen skjer det tysdag 8. mars, med tidspunkt etter nærare avtale.
Les heile saka