Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Blomster med lang tradisjon

Jon Olav Ørsal Fredag 6. mai 2016

Maiblomsten har tradisjon heilt attende til 1909, og har nok vore tilbydd i Todalen sia 1916 når Todalen Sanitetsforening starta. Denne helga har Saniteten stand på Matkroken for tilby årets maiblomst i fleire variantar. Fredag føremiddag var det Karit Kvendset som tok sin tørn, men det blir folk der både i dag og laurdag, og inntekta går til arbeid for born og unge, fortalte Kari.

Les heile saka

Legg helgeturen til sesongopninga i Svinviks arboret

Jon Olav Ørsal Fredag 6. mai 2016

Laurdag 07. mai kl. 11.00 opnar hageporten i Svinvika for årets sesong! I arboretet kan våren nytast i fulle drag. Mellom mektige bartre frå framande land kan du nyte synet av store rododendronar som alt no står i blomstring, eller dei meir beskjede primulaene som står og helsar vår og varme velkomen. Den som ønskjer å vite meir om korleis hagen har blitt til kan bli med på omvising, kl.13.00 både laurdag og søndag denne helga, inkludert i inngangsbillett.

Les heile saka

Medlemsmøte i Pensjonistlaget

Elinor Bolme Fredag 6. mai 2016

SURNADAL PENSJONISTLAG har medlemsmøte tirsdag 10.5. kl 15.00 i møterommet på sjukeheimen. Solveig Haglund orienterer om «Kostholdet i kvardagen». Song og som vanleg musikk ved Oddmund Solem og Fredrik Sjøflot.

Les heile saka

Seniorbesøk på Vaagland båtbyggeri

Elinor Bolme Torsdag 5. mai 2016

Senioruniversitetet for Indre Nordmøre brukar årleg å ha ein tur til ei bedrift. Og seniorane har alltid blitt tatt i mot med stor velvilje. I år er det Vaagland Båtbyggeri i Halsa som er turmålet, onsdag 11.mai kl 1000 – ca 1200. Frammøte på parkeringsplassen framfor bedrifta!

Les heile saka

«Hjemme»- med KunstLab

Elinor Bolme Torsdag 5. mai 2016

Fredag 6.5 kl. 18.00 åpner KunstLab utstilling i Finstuå på Kulturhuset i Surnadal. KunstLab er kunstlinja ved Nordmøre Folkehøgskule, og dei har produsert en utstilling kalt «Hjemme».

Les heile saka

Dugnad i arboretet – klart for sesongstart

Jon Olav Ørsal Torsdag 5. mai 2016

Onsdag kveld var det dugnad i arboretet for å klargjere til sesongopning som skjer komande laurdag kl 11. Dugnadsgjengen frå Surnadal hagelag, rundt 30 i talet, var rutinerte hagearbeidere og fikk raskt unna jobben og no er altså arboretet strigla og klar for å starte på ein ny sesong.

Les heile saka

Elevane fikk god respons på 10-kaffen…

Jon Olav Ørsal Onsdag 4. mai 2016

Elevane fikk god respons når dei inviterte besteforeldra og bygdafolket på 10-kaffe i Todalen oppvekstsenter. Dei hadde dekt på i gymsalen og det var gjestar rundt alle bord når tida var komen. Elevane hadde nok budd seg godt, for dei hadde laga eit songkor der dei fikk god hjelp av vikarlærar Gudmund husby som for høvet […]

Les heile saka


To sikre vårtegn….

Jon Olav Ørsal Tysdag 3. mai 2016

Dugnad på kyrkjegarden og brannvesenets spyling av plassen mellom Matkroken og Talgø er to sikre vårtegn. Måndag kveld var det nærare 40 personar som deltok i kyrkjegardsdugnaden, og med slikt mannskap var dugnadsarbeidet unnagjort i løpet av eit par timar og kyrkjegarden er «strøken» til konfirmasjonen komande søndag 8. mai.

Les heile saka

«Folkevandring» i Svinvikrunden

Dordi Jorunn Halle Måndag 2. mai 2016

Søndag første mai kom ny kode på plass i turkassen i Svinvikrunden. Det og det riktig så fine veret inspirerte nok mange til å ta ut på tur. Heile 133 namn vart noterte i boka! Det utan at det var noko som helst organisert opplegg. Rett og slett knallstart på ny StikkUT-sesong!

Les heile saka

Alt for kropp og sjel, og evigvarande kjøkkenreiskap

Elinor Bolme Måndag 2. mai 2016

Litt for fint vêr må nok ta skulda for at det ikkje var full fres i Skulstua i går ettermiddag. Her hadde forhandlarane Solvor Lindseth Øyen og Inga Husby rigga seg til med sine salgsvarer. Inga er forhaldsvis ny som forhandlar av Forever Living. Ho starta opp i november i fjor, og tilbyr alt innan helse, velvære, fitness og makeup. Solvor derimot er atskillig meir erfaren med sine snart 16 år som Tupperware forhandlar.

Les heile saka

Kodeinnbrudd på Todalen.no

Ole Petter Talgø Måndag 2. mai 2016

Natt til søndag 1. mai ble det gjennomført et kodeinnbrudd på Todalen.no, som gjorde at enkelte besøkende fikk opp pornografiske annonser på Todalen.no. Vi har nå gjennomgått koden og fjernet kodesnutten som trolig har forårsaket dette innbruddet. Les mer om dette her.

Les heile saka