Dei lokale snøprodusentane Bergli og Ranes melder om fine forhold i akebakken på skulen no i kveld. Dei har i tråd med vêrmeldingane og muligens ved å følgje med på konkurrentane ved større anlegg, sett snøkanonen i full produksjon ved akebakken i Todalen Oppvekstsenter.
Les heile saka
Med kuldegradene kom snøproduksjon i gang i Sæterlia. No får vi håpe at det blir kuldegrader nokre dagar, slik at snøkanonane får lagt eit grunnlag for å kome i gang med skiaktivitetar etter kvart. Etter yr.no å dømme er det meldt kuldegrader i heile 10-dagersperioden, med ein topp på 11-13 kuldegrader frå onsdag til fredag. Men det er ikkje meldt nedbør i denne perioden.
Les heile saka
Surnadal Sparebank arrangerer næringslivsdag torsdag 14. januar i Surnadal kulturhus. Dei byr på ei rekkje interessante foredragshaldarar som bidreg til eit interessant og aktuelt program gjennom heile dagen. Den mest profilerte er nok Eva Joly, som er mest kjent for sin kamp mot korrupsjon og økonomisk kriminalitet – men vi får også høre lokale kjendisar..
Les heile saka
Gubbetrimmen er klar for 2016-sesongen alt førstkomande måndag (4.1.), med oppmøte i gymsalen i skulen kl 20.00. Gamle og nye trimmarar er velkomne til å bli med oss inn i ein ny trimsesong – som alt er på plass i aktivitetkalenderen!
Per Gjeldnes – eller «Per gravar» i dagligtale – ante nok fred og ingen fare da han stakk innom Matkroken i dag. Nok feiring av 60-årsdagen hadde han ikkje lagt opp til, men Terje N. hadde ordna seg med både blautkaker og gåve. Dermed vart det feiring med kaffe og blautkake til ein fullsett kaffekrok og kanskje i overkant med styr og ståk etter jubilantens meining.
Les heile saka
Ein enkel nøkkel – med ei lite nøkkelhonk med 3 terningar er funne ved buss-skuret ved Hjellnesvegen for eit par dagar sia. Er det din nøkkel kan du få den att ved å henvende deg i kassa på Matkroken Todalen.
Todalingar og todalvener er spredd over heile verda – i 2015 har vi hatt besøk på nettsida vår frå heile 120 land. Majoriteten kom sjølvsagt frå Norge, med 399.000 men det er også overraskande mange frå land som USA, Sverige, Tyskland og Spania. Totalt besøkstal i 2015 var 422.265 som er fordelt på over 69.000 unike brukarar. Dette er tal som vi er godt nøgd med, og utgjer ei auke på 12,2 % samanlikna med 2014.
Les heile saka
Det må da vel høve godt å avslutte friluftslivet år med eit par ferske bilder frå friluftaktivitetar i nærmiljøet på nyttårsaftan. Det friskaste bildet kjem frå støa i Ansneset, der det var eit hektisk badeliv i dag. Blar du deg vidare så finn du bilde av fotballaktivitetar på Bordholmen, der gubbetrimmen alt har starta oppkjøringa til ny kamp mot Bøfjorden etter tapet tidlegare i år.
Les heile saka
I slutten av november mottok Grete og Martinus Torvik «Eldrearbeidsprisen 2015» frå Surnadal kommune. Det skjedde på Surnadal pensjonistlags julemiddag på Nordmøre Folkehøgskule, og kom som lyn frå klår himmel for Grete og Martinus. Det var ordførar Lilly Gunn Nyheim som delte ut prisen som var på kr 5000,- inkludert eit kunstverk og ei pengegåve. Todalen.no hadde ikkje høve til å være med på utdelinga, men vi tok ein aldri så liten romjulsprat med dei, heime på Høyem.
Les heile saka
I 2016 vil vi ikkje få tilsendt tømmekalenderen i posten slik vi tradisjonelt har gjort. No tilbyr HAMOS istaden ein «tømmeapp» som du kan laste ned på smarttelefon eller nettbrett. Dette er det forøvrig berre abonnentar i Surnadal og Skaun som blir berøret av, då dei er ein del av eit «spennande prøveprosjekt» i følge HAMOS si heimeside. Alternativt kan ein naturleg vis laste ned kalenderen frå heimesidene eller ringe HAMOS for å få tilsendt tømmekalenderen heim til seg. Eller rett og slett halde seg til todalen.no sin aktivitetskalender…
Les heile saka
Litt Søyafan, men ikkje så mykje at du er medlem og får det fyldige Søyaposten i postkassa? Da kan vi presentere Søyaposten 2015 som pdf-fil, og dermed kan alle som ønsker lese IL Søya sitt populære medlemsblad laste det ned frå nett. Her er nesten 40 sider med alt som har rørt seg i det aktive idrettslaget i 2015, med både fotball, jakt, kajakk, 52-17 og mykje mykje meir.
Les heile saka
I dag var det formelt eigarskifte på Bjørnrud. Torbjørn Kvande tok formelt over einebustaden, som sia tidleg i sommar har lege ute for sal. Selgar er Jorunn Ness, som har flytta til Surnadal, og no vil etter kvart Torbjørn Kvande flytte inn og busette seg der.
Les heile saka