Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Seterrennet på Nordvik skjærtorsdag

Elinor Bolme Tysdag 22. mars 2016

Tradisjon tru blir det også i år arrangert seterrenn Skjærtorsdag 24. mars på Nordviksetra. Det blir oppsatt transport, med traktor og henger fra Øygarden, med gratis avgang. Her blir det fleire avganger ved behov.

Les heile saka

Sanitetsforeninga med «loppeparty».

Dordi Jorunn Halle Tysdag 22. mars 2016

I dag var det råd å gjere rettelege godkjøp i Sanitetshuset. Todalen sanitetsforening prøvde ein ny vri for å få inn nokre kroner til lagskassa og arrangerte «mini-loppis».

Les heile saka

Stand på Hals

Elinor Bolme Tysdag 22. mars 2016

I morgon blir det todalen.no-stand på Matkroken. Her blir det anledning til å kjøpe seg handdukar, termosar og andre småartiklar. I tillegg blir det også salg av personlege medlemskap for dei som ønsker å støtte opp om nettsida.

Les heile saka

Storviltjakta 2015

Elinor Bolme Tysdag 22. mars 2016

Lurar du på korleis storviltjakta gikk i 2015? No treng du ikkje det lenger. Her finn du absolutt alt du kunne tenkt å vite – og langt meir med. På Surnadal kommune si heimeside finn vi nemleg ein fyldig rapport laga av Tore Gjul i forbindelse med viltmøtet den 22. februar.

Les heile saka

Ærverdige æresmedlemer

Dordi Jorunn Halle Tysdag 22. mars 2016

Hundreårsjubilanten Todalen sanitetsforening har fire æresmedlemer, nemleg Anne Moe, Olina Halle, Marit Kalseth og Lisbet Halle. Dette er fire flotte representantar for norske sanitetskvinner.

Les heile saka

Langfredag: Bli med på «Kjerringdilten»

Jon Olav Ørsal Måndag 21. mars 2016

Langfredag inviterer Todalen IL og skihytta på Ørsalfjellet til Kjerringdilten. Kjerringdilten har lang påsketradisjon på skihytta og går på idealtid med ein flott vandrepokal som premie. Starten går kl 13.00 og hyttestyret lovar at det skal være open kiosk på hytta og Knut stiller med bakelsjarnet sitt og byr på nystekte bakels i kiosken. For å […]

Les heile saka

Lokal påskehandel – opningstider på Matkroken

Jon Olav Ørsal Måndag 21. mars 2016

Det blir tradisjonelle opningstider for Matkroken, fortel handelsmann Nordvik i ei pressemelding. Måndag til onsdag før påske er butikken open som normalt frå 9-18. Skjærtorsdag er det kioskope frå 16-18, medan det er stengt langfredag. Påskeaften er opningstida 9-15, medan 1. påskedag er stengt. 2. påskedag er det igjen kioskope 16-18. HalsOil-stasjonen er open for kortsal heile påska

Les heile saka

Gudsteneste og påskekonsert

Elinor Bolme Måndag 21. mars 2016

Skjærtorsdag er det både gudsteneste kl 11 og stor påskekonsert i Todalen kyrkje kl 19.30. Vi gjer oppmerksom på at tidspunktet for gudstenesta er endra siste veka. Under er ei pressemelding frå Bernt Idar Bøe som omhandlar dei tradisjonelle påskekonsertane i regi av KKKK- akademiet   Høgtid med harpe og strykekvartett er agenda for årets […]

Les heile saka

PåskeQuiz på Pakkhuset Kro

Jon Olav Ørsal Måndag 21. mars 2016

Onsdag kveld (23. mars) inviterer Pakkhuset Kro på Todalsøra til open pub og påskequiz.  Puben er open frå klokka 20 og utover, og påskequizen startar kl 21 og utover. Stikk innom og treff gamle kjente i triveleg lag, oppfordrar Pakkhuset Kro.

 

 


Mini-loppis

Elinor Bolme Sundag 20. mars 2016

Todalen Sanitetsforening går no nye vegar for å få inn alternative kroner til drift av laget. Tirsdag 22. mars klokka 12 åpnar dei dørene i Sanitetshuset og selger bomkjøp for ein billeg penge. Kven har ikkje opplevd å kjøpe noko som var veldig fint, men som nesten aldri vart bruka? Dette blir det no ei rå å gjere med, om ein vil lette litt på lagerbeholdninga si..

Har du noko som kan egne seg, men du synes er for gale å kaste kan det leverast i Sanitetshuset måndag 21. mars kl 17-18.

Kva kan leverast:
•klær dame
•sko dame
•vesker
•accesories

Tenkt pris var 50 kroner per del. Og det må være både reint og heilt. Det som ikkje blir seld, blir sendt til Estland etter påske.

Les heile saka

Påskevandring i Stangvik

Bernt I Bøe Sundag 20. mars 2016

Gudstenesta i Stangvik kyrkje palmesøndag kveld blir ei vandring gjennom påskebodskapen i tekster, songar og symbol. Stangvik Jentekor har ein viktig rolle – med song og pantomime. Langfredagsdramaet i Bibelen blir framført som veksellesing av «Jesu Sju Ord på Korset» knytt opp til salmen «Naglet til et kors på jorden». Etter pantomime-tolking av oppstoda påskedag munnar […]

Les heile saka