Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

No kan du sette igang med bading

Jon Olav Ørsal Fredag 1. juli 2016

Det har vore sagt at du skal vente med å bade i elva eller sjøen til «Hønhalsen» går av.  Det er nok mange som har halde eit auge med Hønhalsen dei siste dagane, og det har faktisk vore behov for kikkert for å sjå dette heilt sikkert.  I dag føremiddag var den enno ikkje gått heilt av, men i løpet av dagen har det skjedd noko og dermed vart datoen i år 1. juli.

Hønhalsen2_1759

Høna er godt market oppi Blåfjellet – eit artig og «nyttig» vêrmerke i Todalen. Foto: Jon Olav Ørsal

Det var kanskje ikkje den heilt store nyheitsbomba, men det er mange som følgjer med på dette og no er altså den spenninga løyst ut. I 2015 var datoen 12. juli, så i år er er vi eit par veker tidlegare ute og får kanskje ein lengre badesesong. Lars Redalen var i år først ute med nyheita til Todalen.no.

Publisert: 1. juli 2016, 16:07