Det var ingen som kunne tukte Sindre Hoff i søndagens randoneecup vertikal. Hoff klarte å halde konkurrentane bak seg frå starten på Øraekra og heilt til mål på Litj-fjellet på 886 m.o.h. Og den turen gjorde han unna på knappe 36 minutter. I dameklassen vart det ein ny seier for Malene B. Haukøy, og Sondre Andersson Svensli var suveren i juniorklassen.
Les heile saka
I samband med NM-arrangementet i Todalen inviterte Norges Skiforbund løparar, funksjonærar og arrangørar til eit lite arbeidsmøte på Talgø utstillingssenter laurdag ettermiddag. Hensikten med møtet var å prøve å stake ut kursen vidare for randoneesporten, fortel Martin Bartnes frå Norges skiforbund.
Les heile saka
Under dagens NM individuell var vi så heldig å ha fleire kameraer ute i løypa. Under har vi derfor lagt inn fleire bildegalleri frå målområdet og heilt opp til toppen av Tydalsnebba. Rennleiar Nils Ove Bruse i Todalen IL fekk nok ein gong velfortjent skryt for eit fremdragande arrangement frå Martin Bartnes i Skiforbundet i målområdet etter endt dag. Og med mellom 30 og 40 personar fordelt i sekretariat, kiosk, og løypemannskap med mange års erfaring så er det kanskje ikkje så rart at dette arrangementet går på skinner.
Les heile saka
Fjord 1 melder no at rute 46 mellom Kvanne og Rykkjem må kansellere avgangane 16.30 frå Kvanne og 16.45 frå Rykkjem på grunn av tekniske forhold. Normal drift i sambandet frå 17.30 i henhold til oppsett rutetabell.
Det var ikkje uventa at Lars Erik Skjervheim og Malene B. Haukøy gikk til topps i herre og dameklassen under NM randonee individuelt på Kårvatn i dag. I juniorklassen var det Sondre Anderson Svensli som trekte det lengste strået og sikra seg NM-tittelen.
Les heile saka
Rennleiar Nils Ove Bruset har i dag, saman med andre funksjonærar, stukket ut NM-løypa til morgondagens konkurranse. Aldri har det vore finare føre, fortel Bruset, og legg til at det er topp pudderføre heile vegen frå Tydalsnebba og ned Dalalia til Kårvatn.
Les heile saka
Påmeldingsfristen for NM randonee individuelt i går ut i kveld – i morgontimane er det i overkant av 20 påmeldte, men det blir nok fleire før dagen er omme. Rennleiar Nils Ove Bruset seier at det er fine forhold og oppfordrar fleire til iå stille opp og delta i trimklassen. Fint er det også for […]
Les heile saka
Litt nysnø fra onsdag kveld og framover til fredag vil gi perfekte forhold når starten for NM i randonee individuelt går laurdag føremiddag. Onsdag kveld var det finpuss av NM-programmet for funksjonærane og løypemannskapet. Det er no klart at søndagens vertikal vil starte i fjøresteinane ved Todaleøra og gå til toppen av Litj-fjellet (886 m.o.h.)
Les heile saka
Årets første vinnar av månadens bilete blei Bjørn Halle med Romjulsmorgon med prisen. Vi gratulerer og lovar at premien blir overbragt ved første anledning. Vi treng stadig nye bilete, så send inn til oss på e-post red@todalen.no. Kanskje tek du turen til Kårvatn til helga og får eit fint vinterbilete?
Les heile saka
Tysdag serverte Todalen bondelag lunsj til små og store ved Todalen oppvekstsenter, – noko som dei har gjort i mange år. Bondelagslunsjen er slik blitt ein god og triveleg tradisjon. Vanlegvis skjer dette 6. februar. Da kjem sola att til oppvekstsenteret etter tre månader bak fjella, og så er det også samefolkets nasjonaldag – altså mange grunnar til å ha ein festdag. […]
Les heile saka
Sør-Georgia er tema for Indre Nordmøre Senioruniversitets første møte i 2016. Det er Lars Olav Lund, frå Statens Naturoppsyn i Trollheimen landskapsvernområde, som onsdag 17.februar står for programmet på Kulturhuset i Surnadal. Lund har vore på Sør-Georgia fleire turar, og vil fortelje og vise bilde om felling av reinsdyr, norsk kvalfangst og kulturhistorie frå øya.
Les heile saka
Surnadal Røde Kors har akkutt behov for ny leder for omsorgsavdelingen. Det er snart årsmøte, og vi har ikke klart å få på plass ny leder for omsorgsavdelingen. Vi er inne i en spennende tid med mange oppgaver, og nå begynner det å haste, sier Reidar Brøske, som er leder for Surnadal Røde Kors.
Les heile saka