Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Det enkle liv med sjølvberging

Jon Olav Ørsal Onsdag 21. september 2016

Den danske Bonderøven Frank Erichsen deltok i markeringa av kulturminnedagane i Halsa laurdag kveld. Han snakka om det enkle og gode livet han praktiserer heime på Kastaniegården, slik som vi har sett det i TV-programmet ”Det gode bondeliv”. Det var Halsa kommune og Husasnotra/Geitbåtmuseet som stod som arrangør av dette programmet som starta med flott korsong med Halsakoret under sin dirigent Sander van der Loo før Ragnhild Godal Tunheim kunne ønske alle velkomne og fortalte litt om bakgrunnen for arrangementet som eigentleg var avslutning på ei aktiv kulturminneveke i skulen der temaet har vore ”Å leve og overleve”.

Frank Erichsen fortalte om det enkle liv heime på Kastaniegården. Foto: Jon Olav Ørsal

Og da passet det sjølvsagt at det var den danske Bonderøven, Frank Erichsen som fortalte om det enkle og gode livet heime på Kastaniegården der vi har opplevd korleis han eigentleg har gått mot straumen og satsa på sjølvberging. Han fortalte korleis vi i løpet av eit par generasjonar har bevega oss bort frå sjølvberging, og korleis desse relasjonane også er borte etter kvart på grunn av at vi har valt ”lettvintløysingar”.  Han stilla spørsmålet om det gode liv er å ha stort flott hus, ny bil og materielle ting, eller om det kanskje er meir luksus å ha god tid? Erichsen er stadig på jakt etter ny kunnskap og lærdom som har gått tapt i dei par siste generasjonane og som det er viktig å ta vare på for å føre vidare til nye generasjonar, for borna må være med når ting går føre seg på garden.  Sjølvsagt er det også at det blir fortalt om kor maten kjem frå og korleis ting blir til – for eksempel kva dyr kjøttet kjem frå og kva dei lever av.

Ein av deltaljane han omtala var korleis årstidene har kome bort i butikkane. Vi har no alle typar varer i butikken heile året, og får ikkje sjansen til å gle oss til at det blir sesong for f.eks. jordbær. No blir det floge inn jordbær frå andre kantar av verda slik at vi har ferske jordbær i butikken heile året.I pausen var det fokus på ville vekstar og det vart servert tangsuppe i tillegg til kaffe og tradisjonelle vaflar eller svele. Sjølv om det var litt uvant, var det faktisk  godt og litt spennande.

Etter pausen var det tid for litt kultur, der Torgeir Leivdal bydde på litt flemusikk. Han hadde med hardingfela som tidlegare har tilhørt Hallvard Ørsal og da var sjølvsagt ”Storpolsdansen” på repertoaret hans.  Vidare var det paneldebatt, eller rettare sagt panelsamtale om temaet kulturvern, nedbygging av matjord og livskvalitet framfor auka forbruk.I denne debatten deltok May Britt Haukås (MGP-kandidat og leiar i friluftsrådet på Sunnmøre), Frank Erichsen, Arnar Lyche (Orgsjef MR Bondelag), Siv Aksdal (kulturminneavd. MR-fylke) som vart intervjua av Lars Olav Tunheim Valsø og Lisabeth Fiske. Det var vel stor einighet i panelet om at vi må rekne med omfattande endingar i forbruk og haldningar på sikt. – Vi som er på denne jorda i dag forbrukar meir enn vi produserer! Vi har hatt ”oljefilm” på auga våre, og har ikkje fulgt med på kva som skjer ute i verda, sa May Britt Haukås. Konklusjonen var at det er ei kraftig grøn bølgje under oppsegling.

Heilt på tampen fikk vi ei kort innføring i bruk av naturfiber i tekstilar. Det var Anne Botten Stokke som viste oss bruk av fibrar i ull, lin og brenneslefiber.

Bildegalleri frå Kulturminnedagen på Halsa laurdag kveld.  Alle foto: Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 21. september 2016, 07:27