I dag har deler av scooterkomiteen i idrettslaget begynt arbeidet med å lage skispor opp frå Øyalia og til skihytta, samt spor frå skihytta over Snekkerdalshalsen til Tristeinane og ned att til Innerdalsmerket. Overraskande nok, var det ikkje så veldig store snømengder på fjellet. Og utpå ettermiddagen vart det også mildare i området med landvind og laussnøen vart tydeleg krammare.
Les heile sakaRøde Kors: Årsmøte i februar
Tirsdag 16. februar skal Surnadal Røde Kors arrangere sitt årsmøte. Det skjer i Røde Kors-huset på Bøvra kl 19, og det står vanlige årsmøtesaker på agendaen. Dersom du har aktuelle saker til årsmøtet må disse meldes inn innen 10. februar til leder Reidar Brøske på epost re-bro@online, melder styret som byr på enkel servering på årsmøtet.
No er sola komma …..
Torsdag var den første soldagen. Sissigrenda er av de første som får att sola, men da var det snøføkk og ingen fekk gleda av å ta i mot sola. Torsdag klårna det etter kvart opp, og da var sjølvsagt gleda stor. Først ute er nok uten tvil Hjellnes, og lenger inn er Todalshaugen først med 17. – 18. januar og vidare resten av Sissigrenda som altså får sola den 19. Eit par dager etterpå er sola på plass på Matkroken og Talgø. Sidan blir det litt etter litt sol oppover bygda og Husbygrenda har offisiell dato 27. januar.
Les heile sakaVinnar av Årets Bilete 2015
Den som har fulgt med dei siste dagane har kanskje lagt merke til at vinnaren av årets bilete 2015 ikkje har vore annonsert enda. Årsaken til det er at vi har valgt å annonsere dette på Todalen.no sitt årsmøte, som vi kjem tilbake med dato for. Vi kan avsløre at det var mindre enn fem stemmer som skilte første- og andreplass.
Les heile sakaBarn i løypa søndag
Ski og friidrettsgruppa i Todalen IL melder om oppstart med Barn i løypa førstkommande søndag mellom 14 og 16. Her blir det høve til å teste både glid og form for deltakarar i alle aldrar.
Lysløypa på Tjønnmyra er oppkjøyrd kvar dag, og kl 18 i går kveld var det fine forhold.
Les heile sakaSanitetsforeninga jubilerer – fyller 100 år i dag!
For nøyaktig 100 år sidan, altså 21. januar 1916, vart Todalen Sanitetsforening stifta, og det er ein vital og aktiv hundreåring vi gratulerer med dagen! På stiftingsmøtet deltok tolv engasjerte kvinner, og Thora Talgø vart vald til foreningas første leiar. Laget vart tilslutta Norske Kvinners Sanitetsforening som var skipa i 1896. Målet for arbeidet dei […]
Les heile sakaHeldig vinnar
I samband med Friluftslivets år 2015 gjekk kommunane Rindal, Surnadal og Halsa saman om å arrangere søndagsturar. Prosjeketet fekk tittelen «52/17Søndagsturen» – altså 17 søndagsturar i kvar kommune i løpet av året. Målet var å ta tilbake tradisjonen med søndagstur, få folk i alle aldrar ut på tur, ikkje minst barnefamiliar. Som ei «gulrot» for […]
Les heile sakaKino på dagtid – fredag kjem «Mannen frå Snåsa» på lerretet
For nokre – som pensjonistar og dei som arbeider i turnus – passar det best å gå på kino på dagen. Difor vil Surnadal kino vise fleire «dagfilmar» dei komande vekene. Og det er ikkje noko samanraska amerikansk B-film som blir servert. Nei, her blir det «Godt norsk» (og eit svensk innslag) gjennom dei neste fire vekene
Les heile sakaSurnadal I.L. inviterer til sonerenn på Nordmarka
Med snøen kom skiaktivitetane i gang. Komande laurdag, 23. januar, inviterer Surnadal I.L. langrenn til sonerenn på Nordmarka. Rennet går i fristil og distansen blir 1 km for 0 – 10 år og 2 km for 11 -100 år. 2 km løypa blir identisk med løypa som skal gås under Midt Norsk Mesterskap, melder arrangøren. Rennstart kl 12.00
Les heile sakaTodalen bodybyggjarlag
I løpet av ei veke er det godt med besøk på Hett og Svett. Mondagskveldane er det garantert å treffe folk der, for då er ein gjeng velvaksne karar oppmøtt for å få fart på blodpumpa, og ha det litt artigt i lag. Terje Nordvik er primus motor, og har naturleg vis ikkje skofta ein einaste gong!
Les heile sakaTodalen I.L.: Lysløypa er klar til bruk…
Lysløypa på Tjønnmyran er klar til bruk, melder Ståle Ansnes i driftsstyret for anlegg i Todalen idrettslag. I ettermiddag er traseen køyrt opp, så no er det berre å spenne på skiene og sette igang. Det er enkelte plassar litt lite snø, men etter kvart som vi får meir «påfyll» det komande døgnet så vi det bli fine forhold, seier Ansnes.
Les heile sakaEndelig vart det litt snø..
Det er nok mange som har venta på snø og skiføre. I går kveld og i natt kom det første snøfallet i det nye året. 15-20 cm nysnø kan vi skilte med, og meir er i vente utover ettermiddagen og kanskje mest til kvelden og natta etter vêrmelding på yr.no.
Les heile saka