Tema for fasteaksjonen i år var «I kriser er vatn viktig!» Konfirmantane er ryggrada i Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon, og tysdag kveld tok dei runden rundt bygda saman med medlemane i soknerådet. Knappe 10.000 kroner vart resultatet av aksjonen, og det er vi veldig godt nøgd med, seier KN-kontakt Ildri Øyen som fortel at innsamlingsgjengen vart godt mottekne i alle heimar rundt bygda.
Les heile sakaBygdeboka – Korrekturen er komen i sluttfasen…
Arbeidet med første bindet av bygdaboka for strekninga Åsbøen til Kårvatn er snart i mål. Det foregår no stor aktivitet og innspurt på korrekturarbeidet, og bygdebokkontoret fortel i ein e-post til Todalen.no at det i disse dagar blir sendt ut korrektur enten som e-post eller post. Dei gjer mersame på at det er kort frist på korrekturen – du må respondere innan ei veke! Bla vidare for å lese meir…
Les heile sakaIsfår på gang ved hengebrua – oppdatert
I går kveld og i natt har det pakka seg opp med is og snø i elva ved hengebrua. Regn og mildvêr måndag gjorde at is og snø har lagt seg opp frå Engavet og oppover til hengebrua og til Heggøyan. I morgontimane i dag rann det over elvløpet og etter dyrkamarka utover Hallanesset.
Les heile sakaKonfirmantane er klare for ny fasteaksjon
Tema for fasteaksjonen i år er «I kriser er vatn viktig!» Konfirmantane er ryggrada i Kirkens Nødhjelp sin fasteaksjon. Innsatsen dei gjer er med på å redde liv. Saman med medlemmer frå soknerådet startar dei innsamlingsaksjonen tysdag kl.17.00.
Les heile sakaOnsdag kjem Teatret Vårt Ung til Surnadal kulturhus.
Kven stolar du på? – Sjalusi er eit grønt monster som et kjærleik og blir til hat. Og da kan alt skje. «Forestillinga er en nydelig og lysende kraftprestasjon av Johanna Mørck, Hugo Mikal Skår og Anders Kippersund. Noen av øyeblikka røsker og river i et voksent menneske. Så det er kanskje noe å hente her for flere enn bare fjortiser?» skriv Sunnmørsposten og gir «Othello» terningkast 6. Onsdag kjem Teatret Vårt Ung til Surnadal kulturhus.
Les heile sakaFint føre, men liten utfart til Tristeinan
Jon Bruset tok turen til Talgø-Storhaugen og Tristeinan i dag, og rapporterer om kjempefint føre med pudder/silkeføre når du kjem til fjells. Det er køyrt opp spor frå Innerdalsmerket til Tristeinan og utover til skihytta på Ørsalfjellet. I dag var det strålane vêr, men litt skarp luft – men skiføret var av ypperste klasse.
Les heile sakaKom deg ut i finvêret….
Med sol frå skyfri himmel og lufttemperatur på 8-9 varme i sola er laurdagen ein praktfull dag i Todalen. Rett nok er det skarp luft etter nattempeeratur på 6-7 kuldegrader, men det er ein flott dag for uteaktivitetar. Vi tok ein rundtur for å sjekke forholda, og kan rapportere om fint skiføre både på Kårvatn, ved Innerdalsmerket og ikkje minst rundt omkring i bygda.
Les heile sakaStrikkekaffe i dag!
I dag det nok ein gong åpent hus i Sanitetshuset med Strikkekaffe i tidsrommet 13-14. Det er Todalen Sanitetsforening som er arrangør av denne uformelle treffstaden, og dei håpar at dette fortsatt skal væra ein uformell møteplass for kvinner i alle aldrar i Todalen.
Les heile sakaStem på månadens bilete for februar
Då er det klart for å stemme fram vinnaren av månadens bilete for februar. Vi takkar alle bidragsytarar til dagens bilete! Hugs årsmøte for Todalen.no 8. mars, kor vinnaren av årets bilete for 2015 også blir avslørt.
Les heile sakaStortur til Strengen
Onsdag var 7. trinn ved Todalen oppvekstsenter på skitur til Strengen. Lærar Anja Dalsegg Sæter hadde med seg fire spente gutar på ein retteleg opplevelsestur. 2 av gutane hadde fått lånt randonneutstyr frå Kårvatn Fjellutstyr AS, medan Anja og dei 2 andre hadde sjølv. Slik var dei skodd for ein retteleg randonnétur.
Les heile sakaHeld finvêret til påske?
Alle er nok spente på korleis påskevêret blir, og no ser vi kanskje konturane av påskevêret på yr.no. I langtidsvarselet ligg det nokre regdråpar og lurer over helga, men utover veka ser til å bli forholdsvis mildt med temperaturar opp mot 7-8 varmegrader. – Men altså ubetydeleg med nedbør og kanskje litt solgløtt utover veka.
Les heile sakaTor Hansen og «Ung fisker» til topps…
Todalen.no hadde årsmøte tysdag kveld og i tillegg til vanlege årsmøtesaker stod kåring av «Årets bilete 2015» på agendaen. Det er lesarane som stemmer fram «Årets bildete» frå dei 12 månadsvinnarane og i knivskarp konkurranse med dei 11 andre månadsvinnarar gikk altså Tor Hansen heilt til topps ikonkurransen med biletet «Ung fisker». Motivet er ein flott solnedgang frå Nordmarka og premien er eit flott innrama eksemplar av vinnarbiletet.
Les heile saka