Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Flott julekonsert i kyrkja!

Jon Olav Ørsal Sundag 18. desember 2016

I ettermiddag markerte Todalskoret og Åsskard kyrkjekor 4. søndag i advent med ein flott julekonsert og eit forsterka felleskor. Dei kunne også by på ekstra solistar til songen, kammerkor og Tor Strand som pianist, så vi fikk litt av ei oppleving i kyrkja i dag.

Torunn Kroknes var solist og framførte bereite Dich – arie frå «Juleoriatoriet» (J.S.Bach). foto: Jon Olav Ørsal

Todalskoret var forsterka med Astrid Hyldbakk, Torunn Kroknes, Marie Skjerdal i tillegg til Sigrid V. Bøe, og det var med og løfta korsongen til nye høgder.  Torunn og Sigrid hadde også fleire solonummer i tillegg til todalskorets eigen Øystein Moe.

I orkesteret: Marthe B. Stavrum (fløyte), Ebba Ringmar (obo), fiolinistane Trond H. Saltvik og Odd Sonntag og Anna Ostachowska (bratsj). Foto: Jon Olav Ørsal

I orkesteret høyrde vi Marthe B. Stavrum (fløyte), Ebba Ringmar (obo), fiolinistane Trond H. Saltvik og Odd Sonntag og Anna Ostachowska (bratsj).  Som vanleg var det dirigent Bernt Bøe som losa oss gjennom konserten med sine lune forteljingar og gode måte å introduisere programmet på.

Britt Mossing takka og overrekte gåve frå soknerådet. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Etter konserten fikk Bernt helsing og gåve både frå Todalen sokneråd og frå Stangvik jentekor. Egentleg er Bernt gått over i pensjonistenes rekkjer, men vi får nok nyte litt godt av hans entusiasme for korsong og musikk også i fortsettinga vil vi tru.

Etter at dei var ferdige med konsertprogrammet i Todalen så bar det vidare til Åsskard kyrkje og ny konsert seinare på kvelden.

Det er travel førjulstid for dirigenten og pensjonisten – Bernt arrangerte søndag konsert både i Todalskyrkja og i Åsskardkyrkja. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Gammelklokkar’n var solist saman med pianist og orkester. (Sigrid var nemleg klokkar i Todalen kyrkje for nokre år sia, fortalte faren Bernt). Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

«Deilig er jorden» vart finalen for årets julekonsert i Todalskyrkja. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

 

 

Publisert: 18. desember 2016, 19:00