Johanna Demker tykte det var sporty at publikum stillte opp på utekonsert på Todalshytta laurdag kveld. For sjølv om nordvesten kom med 26 mm nedbør i løpet av eit par timar, klarte ikkje vêret å stoppe konserten som var tillyst på Todalshytta. Rett nok vart konserten ein time forsinka, men konsert vart det.
Les heile saka
Arrangørane av årets Todalsdag kan nok ein gong sjå tilbake på ein særdeles vellykka dag på Bordholmen. Her var det naturleg nok fotballen som var i sentrum heile dagen, med 60 kampar fordelt på tre ulike aldersklassar. Likevel var det mykje anna å bedrive tida på underveis medan ein venta på neste kamp. Her var utsalg av bygdebøker, stort loppemarked, kubingo og ikkje minst Ræta Opp med 126 betalande, som resulterte i 16 000 kroner til fordeling mellom dei to prosjekta «Dindag i dag» og «Sjukt sprek».
Les heile saka
Håvard Gjeldnes og Henrik Hurdal kjempa heilt til målstreken om å kome først, men Håvard Gjeldnes trekte det lengste strået og sikra seg der med ny løyperekord på 11.18.22, medan Henrik Hurdal fikk offisiell tid på 11.18.56. På tredjeplass kom Geir Atle Røen i mål 13.10.12. I dameklassen var det Berit Mogstad som ikjje heilt uventa var først ute og dermed sikra seg seieren med tida 12.50.56.
Les heile saka
På Bordholmen er fotballen forlengst i gang, men Todalsdagen er ikkje berre fotball. oppemarknaden har også opna og Lars Polden er på plass med den nye bygdeboka for Todalen eller rettare sagt Bygdebok for Surnadal bind 1.
Les heile saka
Påmelding til Ræta Opp og Miniræta er alt i gang. Ingvild og Kjetil er på plass i sekretariatet ved klubbhuset og tek i mot påmelding og deler ut startnummer. Starten for Ræta opp går kl 12, og sidan det er jubileumsår satsar arrangøren på rekorddeltaking.
Les heile saka
Presis kl 9.30 gikk avsparket for Todalsdagen 2016. Det var starten på en lang dag med fotball på Bordholen stadion, og da gikk det ikke lang tid før det første målet var eit faktum.
Les heile saka
I kveld var det ny dugnadskveld med førebuing til Todalsdagen. No i kveldstimane har det vore arbeidd på fleire plan, med oppsetting av telt, merking av baner og plassering av reklameflagg og målstativ på til saman 5 baner. I tillegg er storgrillen på plass og det er rigga til salsutsyr og fylt opp med varer, så alt er klart til morgondagens arrangement…..
Les heile saka
Det har vore sagt at du skal vente med å bade i elva eller sjøen til «Hønhalsen» går av. Det er nok mange som har halde eit auge med Hønhalsen dei siste dagane, og det har faktisk vore behov for kikkert for å sjå dette heilt sikkert. I dag føremiddag var den enno ikkje gått heilt av, men i løpet av dagen har det skjedd noko og dermed vart datoen i år 1. juli.
Les heile saka
Torsdag var Sunndal Røde Kors besøksteneste på Todalstur. Ein full busslast kom på føremiddagen, og henta opp Jon Bjarne Husby på matkronen for å være med som guide for å vise fram bygda og nokre av severdigheitene som bygda har å by på.
Les heile saka
Også i år er det produsert ei eiga Todalsavis i forbindelse med Todalsdagen. Ho vil bli distribuert i alle postkassar i Todalen, men i denne digitale verden har Idrettslaget sjølvsagt også laga ein versjon du kan bla i her på todalen.no. Her finn du eit innlegg av leiar i Todalen Idrettslag; Steinar Frøystad, kampoppsett, program og informasjon om kva som elles er å oppleve i Todalen denne dagen.
Les heile saka
To overnattingsleirer med flotte turer og full innsats på oppgaveløypa siste dag. Mange slitne men fornøyde unger har reist fra Gråhaugen med gode minner, nye mestringer og gode bekjentskaper.
Les heile saka
Aldri ein Todalsdag utan at arrangørane kjem på nye sprell. Denne gongen med eit grønt rutenett, to kyr og jubel om kua skit i rett rute. Også kalla kubingo. Høyrest kanskje litt i overkant ut, men det heile er veldig enkelt. Kvart av laga som er påmeldt i knøtt- og minicupen får tildelt kvar si merka rute i ei innhegning ved klubbhuset på Bordholmen. Klokka 11 blir to kyr sleppt inn på «banen» og dei tre første rutene som blir bæsja på vil gå av med enkle lagspremiar.
Les heile saka