Søndag var vel 40 unge fotballspelarar mellom 6 og 8 år frå 5 ulike idrettslag samla på Amfi Park for knøtteturnering på tvers av klubbgrensene. Dette er eit årvis arrangement med Surnadal IL i spissen, men med god hjelp frå dei 4 andre klubbane.
Les heile saka
Vårsøghelgas siste utearrangement i år var konsert med Rasmus Rohde og «Verdens beste band» på Todalshytta søndag. Her vart det også gjort Norgesrekordforsøk på såpebobleblåsing og det ble nok rekord – kanskje både norgesrekord og Todalsrekord?
Les heile saka
Dei tre forfattarane Torbjørn Polden, Erling Myrbostad og Lars Steinar Ansnes vart velfortjent tildelt Kleivaprisen laurdag kveld. Dei tre har skrive historia om Kvenndalen og Søyådalen og dermed sikra mykje historisk materiale.
Les heile saka
Malvik hagelag nytta godveret laurdag til tur til Todalen. Første stopp var naturleg nok arboretet. Der nytta dei god tid til vandring i den interessante og fine hagen, men det var litt for tidleg til full blomstring.
Les heile saka
Søndag er det familiedag med «Rasmus og verdens beste band» på Todalshytta. Under søndagens familiedag på Todalshytta vil det bli uoffisielt rekordforsøk i såpebobleblåsing, skriv Driva.no på sine nettsider.
Les heile saka
For femte året på rad inviterte DRIVA og laget Vårsøg til debatt. Temaet i år var kroppshysteri og følgjene av dette. Svorkasalen var fullsett da redaktør Tjelle ønska velkomen til debatt, han var gledeleg overraska over at så mange hadde møtt fram i finveret. Tydelegvis er temaet aktuelt, og arrangørane hadde skaffa eit breitt samansett, […]
Les heile saka
Denne dagen gikk turen til Kårøyan – ikkje til fots, men pr buss. Kårøyan ligg i Hemne komune og er ein del av KNTs fjordrute og har såleis kvarteravtale med KNT, men det er altså bilveg dit. Vertskapet diska opp med traktering til Stavganggruppa da dei kom dit, samtidig som dei fekk høyre litt om historia til Kårøyan og livet på fjellgarden.
Les heile saka
Idag dreg Vårsøghelga i gang eit omfattande og variert program som går over 4 dagar. Kleivakvelden som i år er flytta til laurdag kveld er sjølvsagt juvelen i programmet, og byr mellom anna på Wenche Myhre, Anders Eljas og duoen Henning Sommero og John Pål Inderberg. Søndag ettermiddag tek Vårsøghelga ein avstikkar til Todalen og Todalshytta med […]
Les heile saka
Onsdag 25. juni var det klart for årets første trimtur i regi av trimgruppa i Todalen idrettslag. Godveret og sola kom da vi starta opp frå vedahuset på Haugligardane. Ola Bruset var turleiar og kjentmann.
Les heile saka
Onsdag inviterte Todalen Mjølk til omvisning i det nye mjølkefjøset på 2400 m2 som vart teke i bruk rett før jul. No er det aller meste på plass, og det var tid for å vise fram det nye moderne fjøset, eit opplegg dei hadde laga i samarbeid med leverandørane. Det er Fjøssystemer som har vore hovudentreprenør for det nye fjøset, men i tillegg er det bruka mest lokale leverandører i prosjektet. Mange tok turen til Pestua og Todalen for å sjå det nye mjølkfjøset onsdag ettermiddag….
Les heile saka
Vêrvarselet den næraste 10-dagersperioden likar vi godt! No kjem sommartemperaturane viser vêrprognosane på yr.no, som viser fram 20-talet på enkelte av dagtemperaturane. Heile 10-dagersperioden er utan nedbør, sjølv om prognosane er mest usikre i slutten av perioden.
Les heile saka
Trimgruppa i Todalen Idrettslag er i gang med årets fellesturar for trim til lokale turmål, melder leiar Jorunn Nordvik. Dei inviterer alle som har lyst på litt trim i lag til å møte opp og bli med på tur. Dei har foreløpig sett opp terminliste fram til slutten av juni, men bebudar at det skal […]
Les heile saka