Malvik hagelag nytta godveret laurdag til tur til Todalen. Første stopp var naturleg nok arboretet. Der nytta dei god tid til vandring i den interessante og fine hagen, men det var litt for tidleg til full blomstring.
Les heile sakaFamiliedag med rekordforøk
Søndag er det familiedag med «Rasmus og verdens beste band» på Todalshytta. Under søndagens familiedag på Todalshytta vil det bli uoffisielt rekordforsøk i såpebobleblåsing, skriv Driva.no på sine nettsider.
Les heile sakaAktuell Drivadebatt
For femte året på rad inviterte DRIVA og laget Vårsøg til debatt. Temaet i år var kroppshysteri og følgjene av dette. Svorkasalen var fullsett da redaktør Tjelle ønska velkomen til debatt, han var gledeleg overraska over at så mange hadde møtt fram i finveret. Tydelegvis er temaet aktuelt, og arrangørane hadde skaffa eit breitt samansett, […]
Les heile sakaMed pensjonistlaget på busstur….
Denne dagen gikk turen til Kårøyan – ikkje til fots, men pr buss. Kårøyan ligg i Hemne komune og er ein del av KNTs fjordrute og har såleis kvarteravtale med KNT, men det er altså bilveg dit. Vertskapet diska opp med traktering til Stavganggruppa da dei kom dit, samtidig som dei fekk høyre litt om historia til Kårøyan og livet på fjellgarden.
Les heile sakaVårsøghelga med rikhaldig program
Idag dreg Vårsøghelga i gang eit omfattande og variert program som går over 4 dagar. Kleivakvelden som i år er flytta til laurdag kveld er sjølvsagt juvelen i programmet, og byr mellom anna på Wenche Myhre, Anders Eljas og duoen Henning Sommero og John Pål Inderberg. Søndag ettermiddag tek Vårsøghelga ein avstikkar til Todalen og Todalshytta med […]
Les heile sakaNydeleg trimtur i godveret
Onsdag 25. juni var det klart for årets første trimtur i regi av trimgruppa i Todalen idrettslag. Godveret og sola kom da vi starta opp frå vedahuset på Haugligardane. Ola Bruset var turleiar og kjentmann.
Les heile sakaTodalen Mjølk: Viste fram nyfjøset
Onsdag inviterte Todalen Mjølk til omvisning i det nye mjølkefjøset på 2400 m2 som vart teke i bruk rett før jul. No er det aller meste på plass, og det var tid for å vise fram det nye moderne fjøset, eit opplegg dei hadde laga i samarbeid med leverandørane. Det er Fjøssystemer som har vore hovudentreprenør for det nye fjøset, men i tillegg er det bruka mest lokale leverandører i prosjektet. Mange tok turen til Pestua og Todalen for å sjå det nye mjølkfjøset onsdag ettermiddag….
Les heile sakaNo kjem sommarvêret…
Vêrvarselet den næraste 10-dagersperioden likar vi godt! No kjem sommartemperaturane viser vêrprognosane på yr.no, som viser fram 20-talet på enkelte av dagtemperaturane. Heile 10-dagersperioden er utan nedbør, sjølv om prognosane er mest usikre i slutten av perioden.
Les heile sakaTrim – Fellesturar til lokale turmål
Trimgruppa i Todalen Idrettslag er i gang med årets fellesturar for trim til lokale turmål, melder leiar Jorunn Nordvik. Dei inviterer alle som har lyst på litt trim i lag til å møte opp og bli med på tur. Dei har foreløpig sett opp terminliste fram til slutten av juni, men bebudar at det skal […]
Les heile sakaNy stikkrenne på gang ved Halsabrua
Tysdag kveld var vegen stengt for trafikk oppover bygda ved Halsabrua. Det var maskinentreprenør J. Reiten frå Halsa som jobba med å skifte ut ei gammelsteingrøft som hadde kollapsa og erstatta denne med ei PVCrør av litt grovare dimensjon.
Les heile sakaVi skal være der når du treng oss …
For eit og eit halvt år sia laga vi ei sak om Anna Britt og Palmer Vikan som slutta i faste jobbar og tok over drifta av Surnadal og Rindal Begravelsesbyrå. No har dei vorte ”varme i trøya” og vi kom på at vi skulle invitere oss heim på ti-kaffe for å høre kor det gikk.
Les heile sakaPå vårtur til Neådalssnota
Nils Ove Bruset har sendt oss bilder frå frå topptur til neådalssnota sist laurdag. I ein e-post til redaksjonen skriv han at det var tungt og seigt føre og følget bruka mykje lengre tid enn vanleg på turen. Om turen skriv Nils Ove: «Laurdag gjekk turen til Neådalsnota. Det er ein tur som vanlegvis tek 7-8 timar. På denne turen bruka vi ca 12 timer, for det var så seigt føre. Vi gjekk på beina forbi Dalasetra, og kunne ikkje ta på oss skiene før midt mellom Dalasetra og brua over Tveråa. Vi gjekk mellom barflekkar heilt oppi Naustådalen.
Les heile saka