Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Det blir sjakk-turnering, igjen?

Jon Olav Ørsal Tysdag 13. september 2016

Etter kvart som det blir mørke haustkveldar igjen, så er det atter aktuelt med sjakkspel. Dei par siste åra har det vore sjakk på kaffekroken annakvar søndagskveld, der alle har vore velkomne til å være med. Det har også vore sjakkturnering som har gått gjennom etterjulsvinteren – med storstila finale i undomshuset på 2. påskedag. Sjakkgjengen lurar no på om det er interesse for sjakkturnering i vinter – terje Nordvik har sendt oss ei pressemelding med orientering om planane og med klar adresse for påmelding og deltaking. «Bla om og les»…..

Les heile saka

Hadde fortjent poengdeling

Elinor Bolme Måndag 12. september 2016

I kveld kom tabelleiar Clausenenga 1 på besøk på Bordholmen for å stadfeste sin posisjon i klassen J16. Heimelaget STUK hadde derimot ikkje tenkt å gi byjentene ein lett match og ein kan nok seie at STUK dominerte store deler av kampen, til tross for at dei ikkje viste årsbeste i følge oppmann Ståle Ansnes.

Les heile saka


Mykje å sjå, innan dei fleste sjangrar

Elinor Bolme Måndag 12. september 2016

Surnadal kino ventar mykje folk på kino etter kvart som Dory, Bridget Jones, Kong Håkon V, diverse troll og Tom Hanks kjem. Men mest fart blir det kanskje når «Børning 2» sladdar innom, skriv Steinar Hasselø i ein epost til redaksjonen.

Les heile saka

Haustmøte i hagelaget

Jon Olav Ørsal Sundag 11. september 2016

Onsdag 14. september kl 19.00 arrangerer Surnadal hagelag sitt årlege haustmøte i Forsamlingshuset på Nordvik. På programmet står besøk av Britt Grete Moen som skal snakke om gleda ved å nyte eigendyrka mat – og kunsta å ta vare på grønsaker, melder hagelaget.

Les heile saka

Senterpartiet med diskusjonskvelder

Jon Olav Ørsal Sundag 11. september 2016

Surnadal Senterparti vil i haust arrangerer diskusjonskvelder. Det skjer desentralisert, og den første kvelden kjem alt onsdag 14. september kl 19.30 i Todalen ungdomshus. Tema for diskusjonskveldene vil være Sentrumsplan – Småsentrumsplaner – Arealplanen – Dyrkamark (utvikling m.m.) – Innspill til forslag til nytt partiprogram – Tilrettelegging av boligtomter i alle deler av kommunen og andre aktuelle saker.

Les heile saka

Storviltjakta er komen i gang…

Jon Olav Ørsal Sundag 11. september 2016

Storviltjakta er i gang – hjortjakta starta alt 1. september her i kommunene, medan elgjakta har start 10. september. Det var enkelte lag som starta hjortjakta alt første helga, og på Kårvatn vart det felt 5 dyr første helga.

Les heile saka

Vandrefestival – har base ved Igltjønna

Jon Olav Ørsal Laurdag 10. september 2016

Vandrefestivalen starta fredag med arrangement i Surnadal kulturhus. Laurdag fortsette festivalhelga med arrangement ved Igltjønna i Rindal sentrum, der Vandrefestivalen har base i år. Laurdag har det vore fullspekka program heile dagen og fortsett laurdag kveld med 3 retters festmiddag og mykje kultur i festivaltipien som er sett opp ved Igltjønna.

Les heile saka

Ny runde med fotterapi

Elinor Bolme Laurdag 10. september 2016

Fotterapaut Pan Hoset kjem mandag den 10. og tirsdag den 11. oktober på nok ein runde med fotpleie i Sanitetshuset. Denne gongen startar ho klokka 12 på tirsdagen og held på litt utover ettermiddagen. Dette for at fleire skal få høve til å benytte seg av tilbudet.

Les heile saka

Månadens bilete: Sommarkveld på fjorden

Ole Petter Talgø Laurdag 10. september 2016

For august kan vi gratulere Ingri Bruset som vinnar av månadens bilete, «Sommarkveld på fjorden». Vi gratulerer, og vil overbringe premien når vi har anledning. Det var ei jamn avstemning med mange gode kandidatar, men Ingris bilete stakk av med neste ein tredjedel av dei 160 stemmene.

Les heile saka

Eit år til stortings- og fylkestingsval….

Jon Olav Ørsal Fredag 9. september 2016

Denne gruppa frå AP i Surnadal hadde stand utafor Coop Extra på Skei, og formålet var å markere at det no er eit år til Stortings- og fylkestingvalet 2017, og dermed på tide å markere at det er eit år til du kan være med å bestemme kven som skal styre landet.

Les heile saka

Pårørendeskolen 2016

Elinor Bolme Fredag 9. september 2016

Et undervisningstilbud til deg som har et familiemedlem eller en venn
med demenssykdom eller som er spesielt interessert.

Les heile saka