Årets juleavslutning for Todalen oppvekstsenter nærmar seg. Dato er førstkommande torsdag, den 15. desember. Elevane har nok førebudd seg ei lita stund no, og håper at så mange som muleg har høve til å ta seg ein tur på skulen.
Les heile saka
Årets juleavslutning for Todalen oppvekstsenter nærmar seg. Dato er førstkommande torsdag, den 15. desember. Elevane har nok førebudd seg ei lita stund no, og håper at så mange som muleg har høve til å ta seg ein tur på skulen.
Les heile sakaSurnadal kommune har no så smått komme i gang med opplesning av den rasutsette vegen i Falla. Vegen har etter at kommunen var i Todalen før helga no rasa heilt ut.
Les heile sakaDet vart ei triveleg førjulssamling i ungdomshuset søndag. Krafttak for kratt var dagens tema, og jammen vart det eit krafttak. Rundt 25.000 blanke kroner kom inn til aksjonen som skal settast i gang når det lir til vårs. Da skal krattskogen til pers. Kjøkkengjengen fikk salg på 80-90 porsjonar med saltkjøtt og kårabistappe, og det var god stemning og praten gikk lett rundt borda…..
Les heile sakaStakk innom ungdomshuset for å sjekke stemninga på kjøkenet. På spørsmål om dei trudde det vart nok mat, så bekrefta kokkelauget som består av Elinor og Åse at det blir iallfall nok til 120 personar, så det tok dei rutinerte kokkane heilt med ro….
Les heile sakaFor eit par veker sia skrev vi om Ragnhild Maria Dietichson som gorde forsøk på å kome vidare til finalen i ein lattergalla-konkurranse på Sørlandet. No er ho kome til finalen, og det står mellom Ragnhild Maria og ei anna dame frå Arendal. Avstemminga går fram til 15. desember og Ragnhild maria ligg bra an…… […]
Les heile sakaI dag kl 18, blir det konsert med Anders Larsen og Henning Sommerro på Surnadal Billag, Surnadalsøra. Låtmaterialet fra albumet ”Vebju”, vil i år få ny drakt, siden Anders og Henning har fått med seg sangerinna/kvedaren Gro Kjelleberg Solli, opprinnelig fra Angvika, og sjølvaste Frode Alnæs på gitar/sang. Alnæs og Solli vil også spille litt av sitt eget materiale sammen med Anders og Henning, skriv Anders Larsen i ei pressemelding.
Les heile sakaPå tampen av dagen tok vi ein liten flaumrunde – etter at det har regna både torsdag og fredag var det mykje vatn i Storfossen fredag ettermiddag. Vassmålaren til NVE ved Storfossen tippa såvidt over 60 m3/sek før han bevega seg under 60-talet ei stund.
Les heile sakaJuletre og juleblomster er forlengst på plass i Hageland Surnadal. Du får ein «kick» med julestemning når du kjem inn døra, og jammen er det koseleg når du får auge på eit hav med juleblomster i grønt og rødt. Søndagane før jul er butikken på Hageland open 12-17.
Les heile sakaDei siste par åra har vi teke ein kvilepause i juleførebuingane og laga eit arrangement for alle og som alle lag og organisasjonar står attafor. Søndag går årets arrangement av stabelen, og da inviterast alle todalingane og spesielt dei som er nyinnflytta til eit triveleg uformelt arrangement og attafor står lag og organisasjonar i bygda.
Les heile sakaI føremiddag var det samling rundt kaffebordet i Pestu-fjøset, og tilhørande marsipankake til 10-kaffen. – Det måtte markerast at det var presis 1 år sia dei første kyrne vart flytta fra fellesfjøset i Ørsalbukta og til det nye mjølkefjøset i Pestua, som stod klart med to mjølkerobotar.
Les heile sakaNo føre jule finn du mykje julegåvetips i butikkane, det kan være både årsskrift, julehefte og musikk på «box». Alt har til felles at det er meir eller mindre lokalt, og det er lagt ned ein stor innsat for å lage til ting for sal. CD’n «Juletid» er ikkje noko unntak. Det er Bernt Bøe som er primus motor og organisator, og attafor står fleire kor og muikarar for å få prosjektet i hamn – mellom anna Todalskoret.
Les heile sakaRute 46 Kvanne – Rykkjem: Ferja har vore ute av drift i morgontimane, men Fjord1 melder no om normal drift i sambandet frå kl 08.45.