Ny månad og ny avstemning, det er klart for å stemme fram vinnaren av månadens bilete for november. Sjølv julestria kanskje har satt inn for fullt, håpar vi dykk fortsatt sender inn bilete til oss. Kanskje har du allerede no nokre bilete med julestemning som vi kan ha klare til romjula?
Les heile saka
Arbeidet med å utbetre vagen i Falla etter rasert i dag tidleg er stoppa etter at det har rasa ut meir masse i området, fortel Gunnar Bøe i Surnadal kommune. Etter ei vurdering no på tampen av dagen er det belutta at det skal gjerast ei ny vurdering når det blir lyst i morgon tidleg – da satsar ein også på å få med geolog, fortel Bøe.
Les heile saka
Fotterapaut Pan Hoset kjem mandag den 12. desember på nok ein runde med fotpleie i Sanitetshuset. Det er fortsatt Marit Sanden Søyset som tek i mot bestilling på time. Ho er å treffe på telefon 980 36 391.
Biblioteket blir desverre stengt i kveld, måndag 5.12. Bibliotekar Karen Johanne Talgø er isolert på grunn av raset i Falla, og kjem seg ikkje på jobb på biblioteket i skulen.
Les heile saka
Dette vil nok ta litt tid å ordne opp i, seier Gunnar Bøe frå Surnadal kommune. Men Per Gjeldnes startar arbeidet alt i dag med å gjenopne Dalavegen, som er stengt på grunn av ras i Falla. Vegen er heilt stengt og det er ikkje noko omkjøringsmulegheit. – Vi prøvar å opne vegen så snart som muleg, men vi er redd att det meste av veka går med på dette arbeidet, seier Gunnar Bøe.
Les heile saka
Store nedbørsmengder det siste døgnet har fårt til at Dalavegen har rast ut i nedre del av Falla. Dermed er Dalavegen stengt for trafikk og oppsittarane ovafor Falla og butikken til Kårvatn Fjellutstyr er isolert frå omverda i morgontimane.
Les heile saka
For 5.året på rad blir det felles julekonsert med korene i Rindal, Halsa og Surnadal – i Surnadal kulturhus lørdag 10. desember kl. 1800. Dette har blitt en tradisjon som både korister og publikum setter pris på, der korene synger hver for seg fra eget julerepertoar og flotte fellessanger i storkoret med ca 120 sangere!
Les heile saka
Kyrkja i Surnadal ønskjer velkommen til ei fleirkulturell adventsstund på Kyrkjelydshuset på Skei onsdag 7. desember klokka 18. Her blir det tenning av adventslys, synging av julesongar og lesing av juleevangeliet.
Les heile saka
Handelsmann Nordvik inviterte til sjakk på Matkroken – rett og slett ein heilt uformell sjakk-kveld, berre for å spele mot kvarandere. Det er ei lita oppfølging av sjakkturneringa som vart arrangert i fjorvinter og med finale i ungdomshuset.
Les heile saka
Det er både ei artig og seriøs sak, og er ei låt som omhandlar stemninga og opplevinga med juletrefest i Dønnem Bedehus. – Gøran har fanga inn mange detaljar frå desse juletrefestane han syng om sin barndom her – samtidig som det er ein liten hyllest til Magnhild på pianoet.
Les heile saka
I år kjem det ingen rundt i heimane i Todalen for å selje «Jul på Nordmøre» slik som brukvisen har vore i mange år. Men no er dette tradisjonsrike juleheftet til sals hos Matkroken, Todalen. «Jul på Nordmøre» kjem ut for 81. gong, og leiaren i skriftstyret, Lars Steinar Ansnes, kallar det ein kulturinstitusjon.
Les heile saka
Rute 46 Kvanne – Rykkjem: Grunna tekniske problem er alle avganger i tidsrommet fra Kvanne kl 16.00 til 20.45 fra Rykkjem kansellert i dag 3. desember, melder Fjord1.
Fjord1 melder no om normal drift!