Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Krigsepos som onsdagstreff

Steinar Hasselø Laurdag 9. september 2017

Surnadal kulturhus startar oppatt med «onsdagstreff» og først ute er framsyning av den gode krigsfilmen «Dunkirk» – servert med kaffe og ein godbit i etterkant.

«Onsdagstreffa» er mest med tanke på dei som har tid, eller helst vil, oppleve noko på dagtid – og innhaldet vil variere med alt frå foredrag, til kino og levande kultur. Samværet er uansett viktigast, så difor blir alle treffa avslutta med kaffe og noko attåt (innrekna i billetten).

For å kome i gang allereie i september, tyr kulturhuset til ein av sommarens store filmar; nemleg krigseposet «Dunkirk» – som skildrar den paniske flukta til rundt 400.000 britar og andre frå Dunkerque og over til England våren 1940. Hadde ikkje engelskmennene mobilsert den gongen, ville det vore katastrofalt for soldatane og krigen ville kanskje fått eit anna utfall. Er du i det heile litt interessert i 2. verdskrig, er «Dunkirk» vel verdt å sjå!

Filmen blir vist onsdag 13. september kl. 13.30.

«Onsdagstreffa» er tilbod gjennom «Den kulturelle spaserstokken»; ei nasjonal satsing som har som mål å tilby kultur av høg kvalitet til eldre.

Publisert: 9. september 2017, 09:13