I skrivande stund er det enno nokre timar til vi får høre klokkeklangen frå tårnet i Todalen kyrkje. Da er det liksom at julefreden senkar seg etter ei travel førjulstid, der mykje skal ordnast før julehelga. Vi i redaksjonen vil også prøve å ta litt fri, men samtidig vil vi også være «litt på» og få med oss det som skjer i lokalmiljøet.
Les heile saka
Har du lyst på ein runde med julequiz, så skjer det på Pakkhuset kro på Todalsøra 2. juledag, fortel Synnøve Helland. I romjula er Pakkhuset kro ope 2. juledag (26.12) frå kl 20.00 og utover. Pakkhuset Kro held også ope 6. juledag (30.12.) frå kl 21.00 og utover. Kom og treff gamle venner!
På seinhausten har det vore stor aktivitet på Tjønnmyra igjen – no er det bygging av gapahuk som har stått på programmet. Grunnarbeidet vart gjort unna før tæla kom, medan resten av arbeidet har pågått no fram til jul. Det har egentleg vore eit kappløp med vêret, føret og tida. Det er Gunnar Nordvik som har vore hovudentreprenør, og han og Lars Kvendset har gjort det meste av arbeidet – med god hjelp av dugnadsinnsats.
Les heile saka
I løpet av ettermiddagen blir vegen opp Falla opna for fri ferdsel i gjen. Dalavegen har vore stengt sia forrige måndag, da eit ras sette ein stoppar for trafikken opp Falla. Det var store nedbørsmengder som var årsaka til raset, og det tok fleire dagar før ein kunne starte arbeidet med reparasjon av vegen. Dei siste dagane er det gjort grunnboringar i området, samtidig som reparasjon og utskifting av masse har pågått
Les heile saka
«Verdiløse menn» gleder seg til å underholde på Todalen Ungdomshus 27. desember. Vi traff dem på øving onsdag kveld, og de var godt i gang med å finstemme instrumentene. De har lang erfaring som musikere, og vil by på den beste festmusikken som har vært i Todalen siden Ny Jobu Swingers.
Les heile saka
Trekninga på lotteriet som vart påbegynt under forrige søndags arrangement «Kraftak for kratt» er no høgtidleg trekt. Og dei heldige er:
Les heile saka
To personar frå firma Norconsult er forlengst i gang med grunnboringa i Falla, og reknar seg ferdig med jobben seinast torsdag. I mellomtida er vegen reparert med utskifting av blautmasse og leire til ny steinfylling, men Surnadal kommune avventar resultatet av boringane før dei tek stilling når vegen kan opnast.
Les heile saka
Tysdag 20.desember koka dei julegraut i Todalen barnehage, og etter at ungane hadde ete seg gode og mette, var det ein stor kumme med graut att. Det var bra, for dei visste at nissen også gjerne ville ha julegraut.
Les heile saka
Dei som har bruka gammelvegen i Åsbøhauan som sanr veg til ferja saknar denne mulegheita etter flaumnatta i Søya tidlegare i haust. Da vart vegen grave ut mellom dei to bruene over Søya. Hittil har det vore så stor vassføring at det har vore umuleg å reparere skaden, seier Jon Reidar Husby som er grunneigarane i […]
Les heile saka
Matkroken har no publisert sine opningstider før jul og i jule- og nyttårshelga. Julaftan kjem i år på laurdag, og da er butikken open til kl 13.00. Einaste dagane at butikken er heilt stengt er 1. juledag og 1. nyttårsdag, men det er litt kortare opningstid enkelte dagar i romjula
Les heile saka
Dato og tidspunkt for solsnu, eller solkverv, varierer frå år til år. Det kjem av at året er ca 365,25 døgn, og dermed får vi ei lita forskyving. I år skjer det altså komande onsdag kl 10.44, og det er det nok mange som er glade for. Det går mot lysare og varmare tider, sjølv om det går sakte i starten – fram mot nyttår aukar daglengda med ca 10 minutt.
Les heile saka
I ettermiddag markerte Todalskoret og Åsskard kyrkjekor 4. søndag i advent med ein flott julekonsert og eit forsterka felleskor. Dei kunne også by på ekstra solistar til songen, kammerkor og Tor Strand som pianist, så vi fikk litt av ei oppleving i kyrkja i dag.
Les heile saka