Todalen Sanitetsforening startar førstkommande laurdag den 9. september oppatt med strikkekaffe i Sanitetshuset. Her blir det fortsatt høve for ein sosial treffstad med strikketøy eller anna handarbeid for den som ønsker det. Eller utan om du berre vil komme for eit triveleg selskap utan noko mellom hendene. Todalen Sanitetsforening har sin årlege basar den 8. oktober. […]
Les heile saka
Luftig tur over skjerdingfjellet….
Lørdag hadde vi en invitasjon fra Trollheimen Klivarlag om å bli med på ein luftig tur over eggen på Skjerdingfjellet. Vi i redaksjonen tok ikke invitasjonen til følge, men det gjorde 12 andre som vart med på turen over eggen. Jo Gjeldnes har sendt oss en e-post med flotte bilder og litt info frå turen, og han skriv:
Les heile saka
Lagseriestemne avlyst
Tirsdagens lagseriestemne er avlyst. Vi prøver på att neste tirsdag den 12. september melder Ski og friidrettsgruppa som er ansvarleg arrangør.

Kløvertur til Nauståfossen – du er velkomen til å bli med!
Måndag 4. september er det Kløvertur inn til Nauståfossen. Turen går etter veg frå Kårvatn og langs elva inn til Myrvang og vidare etter stiga opp til fossen. Herifrå kan ein enten gå same vegen tilbake eller følgje god stiga utover forbi hyttefeltet slik at det blir ein rundtur.
Les heile saka
Surnadal sparebank 175 år – storsvær gebursdagsfeiring!
Tiande september fyller Surnadal sparebank heile 175 år, og laurdag inviterte Surnadal sparebank til stor folkefest på Skei. Det vart ei knallbra og triveleg jubileumsfeiring med mykje folk, flott underhaldning og retteleg godver!
Les heile saka
Lys til å bli med på Skjerdingfjelltur?
Trollheimen Klivarlag arrangerer tur over Skjerdingfjellet søndag 3. september. Turen er gratis for medlemmer, og den symbolske summen 50,- for ikke-medlemmer. Har du lyst til å bli med, så er det berre å møte opp ved Innerdalsmerket – avgang kl 9.00.

Drog til Smøla med 2 fulle busslastar
Sist torsdag samla Surnadal Røde Kors to stappfulle busser og la ut på tur til Veiholmen på Smøla. Kvart år sia 1992 har Surnadal Røde kors arrangert slike turar, eit sosialt tiltak for eldre og uføre som har vorte ein tradisjon som folk gler seg til. Nikoline Gridsvåg som har organisert turen og er reiseleiar har vore med sia starten, og gliser når ho seier at no har vi vore alle plassar som det går an å reise til på dagstur med buss. I år er det mange som har gledd seg i lang tid, og det er stadig fleire som vil være med seier ho. – 104 påmeldte viser at interessen er stor, og neste år må vi kanskje ha 3 bussar?
Les heile saka
«Magiske russiske klanger»
8 menn- profesjonelle songarar frå Bulgaria og Russland; The Black Sea Don Kossack kor– inviterer til ein heilt spesiell konsert i Øye kyrkje tors.7.sept.kl.19.30. Med songar frå den russisk ortodokse liturgien og tradisjonelle russiske folketonar , byr dei på ei intens og utrykksfull musikalsk oppleving –ferdigheiter på internasjonalt nivå.
Les heile saka
Skyttelbuss fra Øye til Skei
I forbindelse med Folkefesten til Surnadal Sparebank lørdag førstkommende, er det satt opp gratis skyttelbuss fra Øye-området til Skei. Bussen vil gå non-stop fra ca 14.50 til 16.50 – og returnere til Øye når arrangementet er ferdig. På- og avstigning ved rundkjøringen nedenfor skolen.
Les heile saka
Stavgang til Ranes-setra
Torsdag gjekk Stavgangturen til Ranessetra, med start frå «Frustrerte fruers» veg. Bra deltaking også denne dagen, med 29 namn på lista.
Les heile saka
Med KBK over fjellet til Todalen
Tysdag var eit 40-tal fotballentusiaster deltakarar på KBKs næringslivsmarsj frå Innerdalen til Todalen. Turen starta frå Nerdalen på morgonkvisten, og gikk først til Innerdalen, og vidare over Bjøråskaret og over til Todalen, der Talgø inviterte til festleg samvære på Gammelfabrikken.
Les heile saka
Trollheimsmarsjen 2017
Årets Trollheimsmarsj går i år av stabelen søndag 10. september. Nytt av året er at ruta er snudd, med start på Leikvoll og målgang på Bordholmen. Dette er som vanleg eit samarbeidsprosjekt mellom Todalen IL og Ulvungen IL. Turen tek omlag 5 timar og passar for alle i alle aldrar med sine knappe 850 høgdemeter.
Les heile saka