“Hverdagsaktivitet” er tema for Ingrid Kvendset Hagens foredrag og “Fra lek til toppidrett med handicap – hvilke muligheter det har gitt meg” vil Nils-Erik Ulset fortelje om. Det er eigenleg heilt unikt at Todalen Idrettslag får dei to, som er eit par, til å kome til Todalen for å ta del i idrettslagets temakveld. Det skjer i Todalen ungdomshus torsdag 15. juni kl 19.
Les heile sakaPå besøk til Stor-Johannes i Årlia
Stor-Johannes er rett og slett ei stor furu som voks opp i Årlia ved Merkesvaet ein plass mellom Talgø gard og Kårvatn. Vi starta turen frå Talgø gard med grunneigar Anita Talgø som guide og vegvisar, og turen gikk over brua og innover skogsvegen på nordsida av dalen. 16 historieinteresserte deltok på turen, som gikk innover heile lia og heilt til bytes med Kårvatn-eigedomen.
Les heile sakaSjakkturneringa – premieutdeling
I kveld var det høgtideleg pre4mieutdeling etter etterjulvinterens store sjakkturnering. Gullmedaljen gikk til Kristoffer Nordvik, med Amund Talgø og Brage Hauglann Talgø på sølv og bronseplass.
Les heile sakaVaskardugnad i Ungdomshuset
Tysdag kveld er det vaskardugnad i Todalen Ungdomshus – ungdomshuset treng ein rundtvask etter vinteren, og husformann John Moe håpar på godt oppmøte til vaskadugnaden som starta tysdag 13. juni kl 18.00. Sjølvsagt blir det dugnadskaffe og noko å bite i.
Ræta Opp – Du treng ikkje å legge deg i trening for å bli med
Kom som du er, og bli med på Ræta Opp. Laurdag 1. juli går mosjonsløpet Ræta opp av stabelen på Bordholmen. Poenget er ikkje å vinne, men å delta, seier Knut Bergli og Ingvild Kårvatn. Dei to er henholdsvis stemnegeneral og sjef for mosjonsløpet Ræta Opp. Stort er det egentleg at Todalen I.L. donerer heile startkontingenten til Treffpunkt Surnadal. Dei driv i regi av kreftforeninga og jobbar med born og unge i alderen 6-16 som er ramma av alvorleg sjukdom i heimen – eller hos pårørande.
Les heile sakaTikaffe
Tysdag 13.juni blir det «Tikaffe» ved Todalen oppvekstsenter klokka 10.00!
Les heile sakaUnge kunstnarar – flott utstilling
Fredag opna glade, spente og forventningsfulle barnhageungar utstilling av eigne arbeid i Skulstuå. Her var det stor variasjon i motiv i glade fargar – retteleg flott!
Les heile sakaNy jaktsesong: – Klart for oppskyting
Søya og Todalen skytterlag startar oppskyting til jakta – første skytekveld er måndag 19. juni på skytebanen i Ranheimsvingen. Der er det open bane frå kl 18 til kl 20.
Les heile sakaBli med på sommarsjakk
Søndag 11. juni kl.18:15 (like etter kioskåpe) blir det sommarsjakk i Kaffekroken ved Matkroken i Todalen – Både gamle og nye deltakarar er velkomne til å bli med.
Les heile sakaPlenklipp på dugnadsbasis
På Todalen kyrkjegard var det uvanleg stor arbeidsstyrka som var engasjert i plenklipp. Det er minimalt med mannskap sommars tid, og kyrkjekontoret har oppfordra sokneråda om å hjelpe til litt med plenklipping i sommar, fortel Kristen Bruset som sitt i Todalen sokneråd.
Les heile sakaRaus 2017: Du verden for ein kveld!
Du verden for ein kulturkveld vi fikk i Ungdomshuset torsdag kveld. Det var nok mange som hadde store forventningar til Raus 2017-konserten, og det er alltid stas når du oppnår å få meir enn forventa på slike arrangement. Og arrangementet var eigentleg heilt unikt, for det er lenge mellom kvar gong du kan ta del i ei mønstring, der eit 10-tal profesjonelle underhaldarar kappast om å underhalde deg frå scena. Litt artig var det også at Jo Sverre Sande, fra Rindal, deltok på låtskrivarseminaret som einaste lokale deltakar.
Les heile sakaRekordeltaking på Kvenndalsturen
Torsdag var stavganggruppa på tur til Kvenndalen. Med biltransport etter bomvegen inn til gapahuken var det ei flott utgangspunkt for spaserturar i fleire retningar, og den enkelt kunne legge stavgangeturen etter ønskeleg nivå. Rundt 60 deltakarar er vel nærast rekord og iallfall årsbeste skulle vi tru.
Les heile saka