«LUTHER SANG OG GLEDE» har vi kalla salmekvelden i Ranes kyrkje ons.18.okt.kl.19.30. Denne kvelden vil vi få høyre kåseriet «Glimt av Luther» av Bernt G.Bøe . Kyrkja markerer dette året 500 års jubileum sidan reformasjonen og her i Surnadal har vi hatt eit korprosjekt med Damekoret Credo og Tordenskjold Songlag, der vi har øvd inn 3 av Luther sine salmar.
Les heile saka
Den 21.oktober arrangerer Norsk Vandrefestival ein minifestival som ein forsmak på neste års festivalhelg som arrangeres i Tingvoll. Årets tema er «Tur med Ærend», noko minifestivalen naturleg vis tek for seg. Her blir det både bjørketur der ein skal lage tradisjonell sopelime, og tur for å sanke bjørnemose til bakstekostproduksjon.
Les heile saka
For nøyaktig eit år sidan tok Olav Halle og familien i bruk nytt fjøs i Austistua på Hala i Todalen. Så i dag, 11. oktober 2017, var det både synfaring i fjøset, evaluering og bursdagsfeiring.
Les heile saka
Torsdag 12 oktober avsluttar stavganggruppa sesongen, med skisenteret på Vang som utgangspunkt. – Starter som vanleg kl 11.00, og avsluttar innendørs med graut og bakels etterpå. Vel møtt kvar og ein, helsar leiaren Kristian Ranes.
Nyheitssendingar frå California som har nådd oss har vore prega av store skogbrannar i Napa-regionen, og området rundt byen Santa Rosa der brannen har hatt katastrofal utvikling. Fleire tusen hus er brent ned det siste døgnet. Denne brannen har og vore katastrofal for Birgitte Kvendset og familien hennar, som i løpet av det siste døgnet har mista alt dei eig i denne brannen. – Men dei har klart å berge seg sjølve unna, og er no evakuert til eit trygt område, fortel søstera Line Kvendset til Todalen.no
Les heile saka
Kløverturen måndag 9. oktober gjekk frå Forsamlingshuset på Nordvik og opp til Nordviksetrene. Sol frå skyfri himmel, klår haustluft og vindstille – flott turver!
Les heile saka
For september kan vi gratulere Marita Nordvik Bruset som vinnar av månadens bilete med blinkskuddet «Fin septemberdag» med 112 av dei 234 stemmene. Her finn du alle månadens utvalgte bidrag. Vi gratulerer og lovar at premien overleveres ved første anledning.
Les heile saka
I ettermiddag var det ope hus hos Todalen Sanitetsforening når dei arrangerte årets basar. Og huset vart til tider godt besøkt, av både gamal og ung. Leiar Maren Ansnes rosa bygdefolket som alltid støttar både saniteten og dei andre organisasjonene når loddsalg er promotert. Vi har eit fantastisk bygdesamfunn som støttar oss, konstaterte ho.
Les heile saka
Todalen sokneråd inviterer til konfirmantfest og jubileum for 50-årsjubilantane. Det skjer laurdag 14. oktober kl 18 i Todalen ungdomshus, der det serveres middag og kaffe – og det blir litt ltt underhaldning. Søndag inviteres det også til gudsteneste i Todalen kyrkje kl 11, med vikarprest Bjørn Hovde. Festa er sjølvsagt open for alle – sjå […]
Les heile saka
Måndag 11. oktober går Kløverturen til Nordviksetra. Turen går stort sett etter fin skogsveg og etter grei stiga den siste biten.
Les heile saka
Bølgene frå ein floing senka ein småbåt på Todalsøra i føremiddag. Store nedbørsmengder det siste døgnet gjorde nok at den flaut tungt i sjøen, og når det så vart litt ekstra bølger så vart båten fylt med vatn og dermed gikk den rundt og sank.
Les heile saka
Søndag 8. oktober er det basar i Sanitetshuset. Det er Todalen sanitetsforening arrangerer sin årlege storbasar, og da er det førehandssalg på Matkroken i fredag og laurdag slik at alle skal få ein sjanse til å støtte med litt loddkjøp.
Les heile saka