Rundt 60 personar tok i dag turen til OL Todalen 2018 på Bordholmen. Og med allsidige, men likevel enkle øvelsar var det meir som ein suksess for gamal og ung som både deltok eller berre var heiagjeng. Ski og friidrettsgruppa var arrangør og hadde laga fine banar både for skøyter, skiskyting og curling. Så liknande leikar kan dei trygt arrangere fleire gonger.
Les heile saka
Todalen sanitetsforening avheld sitt årsmøte tysdag 6.februar kl. 18.30. Styret ønsker alle dei nye medlemmene dei siste åra spesielt velkomne. Sidan eit årsmøte er eit ope møte, så kan alle som vil høyre kva vi står for og kva vi arbeider med gjerne komme.
Les heile saka
Då har vi allereie gjort oss ferdig med januar og skal kåra årets første vinnar bilete.
Les heile saka
Folkemusikkgruppa TreriksØset kjem på onsdagstreffet i Surnadal kulturhus den 7. februar. TreriksØset er sett saman av fire unge musikarar som går på folkemusikklinja på folkehøgskulen Birka i Østersund.
Les heile saka
Laurdag føremiddag vart anlegga til Todalen Vinter-Leker 2018 klargjort til storinnrykk av utøvarar i alle aldre til i morgon. Skøytebanen er målt opp og merka, skiskyttarspora er kjyørt opp, skytebanen er testa, curlingblinken er merka og curlingsteinane er testa.
Les heile saka
-Surnadal er min favorittbygd. Derfor gleder jeg meg spesielt til å spille der, forteller Frode Alnæs. Torsdag kommer han til Surnadal kulturhus med «Min dans med strenger».
Tittelen på denne konsertforestillinga er sjølsagt en fornorska tillemping av «Dance With a Stranger» – gruppa som virkelig gjorde Frode kjent over det ganske land
Les heile saka
Talgø MøreTre AS søkjer no på grunn av aukande oppdragsmengde etter nye medarbeidarar i både produksjon, lager og logistikk. Søknadsfrist snarest, eller innen 18. februar.
Les heile saka
Surnadal kino viser den ufattelege historia til Tonya Harding frå fredag av. Vil du heller kome til fornuft, blir også filmen om Per Fugelli framleis vist.
Les heile saka
Frå Åse Børset i Rindal har vi fått bilde av ein dialektplakat for Todalen. Ho har tidlegare laga slike plakatar for både Rindal, Surnadal, Halsa og mange fleire. I den anledning fekk ho nyleg ein forespørsel om ho ikkje kunne lage ein for Todalingen også.
Les heile saka
Førstkommande laurdag blir det nok ein gong strikkekaffe i Sanitetshuset. Her blir det fortsatt høve for ein sosial treffstad med strikketøy eller anna handarbeid for den som ønsker det. Eller utan om du berre vil komme for eit triveleg selskap utan noko mellom hendene.
Les heile saka
Skigruppa i Todalen IL inviterer til Bordholmen søndag 4.februar fra kl 1300 og utover dagen. Det vil være salg av bakels og græt og kaffe.
Les heile saka
Anders Talgø og Terje Nordvik er initiativtakarar for å kome i gang att med sjakk på søndagskveldar. Det var gjort eit forsøk før jul, men da var det midt i førebuingane til jul og laber interesse. Komande søndagskveld kl 19:30 blir det gjort ein nytt forsøk – da må du som er interessert i sjakk måte opp dersom det skal bli noko meir.
Les heile saka