Surnadal kommune, kultureininga, vil gjera kjent desse tilskottsordningane for første halvår 2018:
Les heile saka
Årsmøte todalen.no
Også todalen.no må avhelde årsmøte, og fastsett dato for dette er tirsdag 13. mars kl 19.30 i Todalen Ungdomshus.
Les heile saka
Tøffe tak i Dalalia, Vegard Øie vann vertikalen
Det går knappast an å kome nærare drømmeforhold enn kva dalalia kunne by på under dagens norgescup i vertikal. Knappe halvtimen, eller heilt nøyaktig 29,44 bruka Vegard Øie på turen frå starten ved Dalahaugen og opp til høgde 904 ved Kvennåbotn.
Les heile saka
Sondre innfridde med glans – vann juniorklassen
Det var over 60 deltakarar under laurdagens norgescup på Kårvatn i Todalen. – Gledeleg at deltakartalet er på veg opp, og at det no ser ut til at trimmarane strøymer til for å delta, seier Gudmund Kårvatn. Gudmund var primus motor og initiativtakar til å bruke Dalalia til arena for randonée-satsing i si tid.
Les heile saka
Sondre gler seg til å teste EM-forma i Dalalia
Da vi snakka med Sondre Svensli i kveld gledde han seg til å teste EM-forma i Dalalia i morgon. Han deltok i EM på Sicilia i slutten av februar som einaste norske deltakar i juniorklassen. For Sondre vart beste plassering ein 10-plass, og det er han godt nøgd med. Men laurdag er det altså Dalalia som gjeld, og det er kjempefine forhold med puddersnø og vêrgudane er i godlynne, seier rennleiar Nils Ove Bruset.
Les heile sakaFotpleie i mars
No blir det ny runde med fotpleie i Sanitetshuset. Fotterapeut Pan Promchart Hoset kjem måndag 12. og tysdag 13. mars. Ho har mange ledige timar båe desse dagane. Påmelding til Marit Sanden Søyset på telefon 980 36 391. Marit og Pan set pris på om folk melder seg på så snart som råd, det gjer […]
Les heile saka
Månadens bilete for februar.
Sidan vi no akkurat har gjort oss ferdige med februar er vi klare med ny kåring av månadens bilete. Vi som altid glade for nye bidrag. Send dei til oss på …
Les heile saka
Retteleg fine forhold oppå Tjønnmyrå
No er det nyoppkøyrde spor og retteleg godt skiføre i skianlegget oppå Tjønnmyrå. I dag skein sola, ho vermde godt i området rundt gapahuken, – litt mindre sol i den ytste delen av løypa. Så det er berre å ta fram skiene for å nyte vinter, snø og ski på Tjønnmyran.
Les heile saka
Ryddar vekk kratt og småskog rundt vegen
Frå Todalskrysset og innover etter RV671 pågår det krattrydding etter vegkantane no om dagane. Det er Mestas fjellsikringsgruppe som har jobben som ein del av Mestas vedlikehaldsavtale med Vegvesenet. Anders Flæte som er frå Lærdal, og som arbeider i denne gruppa, seier at det er geita som skulle gjort denne jobben. Men i deira fråvær må vi ta jobben.
Les heile saka
Har du hørt om Askeladden og de gode hjelperne?
Det var et ønske om å få til noe, et sted hvor vi stavgangere kunne «trene» litt mens vi venter på våren og ny sesong – og uten at det kostet for mye. Det såg mørkt ut. Men så en dag fikk vi en telefon fra Oddveig Resell, fysioterapeut i kommunen. Hun kunne tilby å komme til Trudvang hvor vi var hjertelig velkomne til å trene, og etterpå kjøpe kaffe og bakels med på fyll for bare 20 kroner!
Les heile saka
Torsdag: SJFF minner om årsmøtet
Surnadal JFF minner sine medlemmer om årsmøtet på Thon Hotel Vårsøg torsdag 1. mars kl 1900. I tillegg til ordinært årsmøte, vil det også bli utdeling av NJFFs innsatsmedalje.
Les heile saka
Stor interesse for filmkvelden til historielaget
Det var fullt hus i Ungdomshuset da leiaren i historielaget, John Moe, ønskte vel møtt til filmkveld i Todalen ungdomshus. Det er tydeleg at folk set pris på historiske tilbakeblikk. Den nære historia er for mange minst like interessant som det som er meir fjernt.
Les heile saka