Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Tøffe tak i Dalalia, Vegard Øie vann vertikalen

Jon Olav Ørsal Sundag 4. mars 2018

Det går knappast an å kome nærare drømmeforhold enn kva dalalia kunne by på under dagens norgescup i vertikal.  Knappe halvtimen, eller heilt nøyaktig 29,44 bruka Vegard Øie på turen frå starten ved Dalahaugen og opp til høgde 904 ved Kvennåbotn.

På pallen klasse senior. nr 1 Vegard Øye, på andreplass Johan Bugge og på tredje Hans Inge Klette. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Hakk i hel kom klubbkameraten Johan Bugge på 30,01 og Hans Inge Klette på 31,29.  PÅ fjerde beste tid gikk junioren Sondre A. Svensli som vart best i juniorklassen med tida 32,19.  Sondre sa at han merka godt gårdagens løp i føttene og i tillegg kom han att frå EM på Sicilia sist torsdag så han var godt nøgd med dagens resultat. I veteranklassen for menn var det Thomas Sandberg som fikk beste tid på 36,11.

På pallen i juniorklassen Sondre A. Svensli på førsteplass og Edvard Solli på andre. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

I dameklassen vart det som venta Emilie Forsberg som gikk fortast. Ho kom inn på tida 34,48 rundt 2,5 minutt framfor Ida Marie Nilsson. I Kvinner veteran vart Ingrid Stengård først på tida 54,08.

Dei to kompisane Sindre Bruset og Erik Kårvatn frå arrangørklubben Todalen I.L. kom inn på respektable tider. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

I trimklassen var det Erik Kårvatn som fikk beste tid på heimebane med 50.33. Respektable tider fikk også klubbkameratene Svein Håvard Brøndbo og Sindre K. Bruset, som alle representerte arrangørklubben Todalen I.L.

Arrangørklubben, med rennleiar Nils Ove Bruset i spissen, fikk mykje ros frå TD Ola Hovdenak som skrøytte både av løypene og sjølve arrangementet. Hovdenak tykte også at det var artig at det var så mange trimmarar som deltok desse to dagane med renn som var dominert av unge løparar. Det viser at det er god rekruttering og det lover godt.

Resultatlista frå søndagens vertikal finn du her.

Her finn du eit videoklipp frå starten i trimklassen og her starten for aktive som Kjetil Sogge har sendt oss.

Bildegalleri frå dagens aktivitetar i Dalslia – alle foto: Elinor Bolme

Også Jo Gjeldnes har sendt oss nokre bilder frå passering på veg opp lia, samt nokre oversiktsbilder teke frå 1040 og mot dagens trassé.

Først publisert: 4. mars 2018, 16:53 - Sist oppdatert: 5. mars 2018, 07:56