Det er tidligere kjent at Talgøkonsernet står framfor store investeringer dei komande åra – godt over hundre millionar fram til 2020. Denne veka blir det montert nytt automatisk kappanlegg i elementfrabrikken i Todalen som eit første trinn – over nyttår kjem montering av ny og automatisert elementjigg på plass – ei produksjonslinje for rasjonell elementmontering
Les heile saka
Todalen sjakklubb er frampå igjen med ny kveld på Matkroken – med oppmøte søndag kveld 10. desember kl 19.30. Anders og Terje som har vore initiativtakarar håper på betre oppmøte enn det har vore tidlegare i haust, og det må også takast ei avgjerd om det skal bli turnering på etterjulsvinteren og utover våren. Er du interessert i sjakk så er det bare å møte opp og bli med!
Desember er tid for julekonsertar – både i kyrkjehus og andre plassar. For prosjekt 17-koret er det ikkje noko unntak, for dei ligg no i hardtrening fram til julekonsertane i Todalen kyrkje og i Åsskard kyrkje no søndag 17. desember. Det er enno halvanna veke att, og no er det hardkjør med øvingar.
Les heile saka
Sprengningsarbeidet og utvidinga av vegen i Kufalla går unna. Det er Vatn Maskinstasjon som har kontrakt på arbeidet med å trygge vegen forbi Kufalla, der deler av vegen har rasa ut. Oppsynsmann Gunnar Bøe i Surnadal kommune seier til Todalen.no at dei sett alt inn på å gjenopne vegen før jul.
Les heile saka
Det er nok mange som spekulerer på kvifor det er gravd opp eit stort og djupt hol i asfalten framfor Matkroken. Det har nemleg danna seg eit lite synkehol framfor butikken, og det har skjedd i samband med sammenkopling av avløp frå fleire takrenner og hovudavløpet som har eit knutepunkt der.
Les heile saka
Det meldes om fine forhold i lysløypa på Tjønnmyra. Her er det berre å ta fram skiutstyret og få fart på blodsirkulasjonen melder Gunnar Nordvik som har ordna spor.
No er det opna påmeldinga til UKM for Halsa, Rindal og Surnadal. Fristen for dei som vil vere med å arrangere er seinast torsdag 4. januar, medan dei som vil stille ut eller opptre må melde seg før måndag 22. januar 2018.
Les heile saka
Denne månaden ble det Sjur Fedje med bilete Kulde som vant. Med 90 av 263 stemmer. Haust på Ørsalfjellet, og morgonstemning ved Igltjønna var lenge med å kniva om seier.
Les heile saka
Ny månad og ny avstemning
Les heile saka
Kyrkja i Surnadal inviterer til advendtstund i Kyrkjelydshuset onsdag 6. desember kl .18.00. Det blir tenning av adventslys, synging av julesongar, lesing av juleevangeliet og servering av felles kveldsmat.
Les heile saka
Det er ein etablert tradisjon at julegrana i Brusetmarka tennes 1. søndag i advent. Slik av det også i år, og seremonien kom akkurat mellom to regnbyger da dei fleste innbygjarane frå Bruset til Kårvatn var samla til julegløgg og anna godt i samband med julegrantenninga.
Les heile saka
Det var mange som trossa regnvêret og tok turen til Skei, der det var både juletorg og julemesse. Ved kulturhuset var det juletorg både inne og ute, med Surnadal kommune og Kreativt Forum står som arrangør. I Gammelsamvirkelaget var det tradisjonell julemesse med Surnadal husflidslag som arrangør og eit stort utval i husflid av ymse slag.
Les heile saka