Nordmøre og Romsdal fotballkrets inviterer nok ein gong til Fotballeder 1 kurs i Surnadal. Dette er eit kompetansehevings kurs for idrettslag som arbeider med og mot kvalitetsklubbstempel. Det er krav om at dei som sitt i styret i slike klubbar må ha gjennomført dette kurset. Men kurset er også veldig matnyttig for den «almenne frivillige» som gjer ein stor innsats i eigen klubb.
Les heile saka
Vi er komne fram til årets siste dag, og vi har lagt attom oss eit år med mange hendingar og stor aktivitet på mange frontar. På Todalen.no har vi hatt ca 438.000 besøkande i løpet av året, og det er omtrent same tal som i fjor. Tala er imidlertid endra – det er stadig fleire som besøker nettsida som brukar telefonen i staden for datamaskin/Laptop. Positivt er det også at stadig fleire nye lesarar kjem til – i 2017 har talet unike besøkande auka med knappe 2% og er no oppe i 91.000. Da kan vi iallfall konkludere med at det er ikkje berre todalingar som «stikk innom» sida.
Les heile saka
Biblioteket startar opp med utlån igjen måndag 8. januar kl. 18.00 – 20.00, og held fram på måndagar inntil vidare – utanom skuleferien, melder Karen Johanne på biblioteket i Todalen,
som også ønsker Godt nyttår til alle som brukar biblioteket.
Søndag 31. desember kl 16.00 er det nyttårsgudsteneste i Todalen kyrkje. Soknepresten i Surnadal, Vidar Rygh, er liturg. Dåpshandling. Takkoffer til Kirkens SOS. Alle er velkomne til gudsteneste.
Etter vêrmeldinga på yr.no så vil kaldveret fortsette både komande, og neste veke. Yr.no melder om temperaturar frå eit par grader og oppover til 5-6 kuldegrader, men erfaringsvis vil nattetemperaturen bli eit par grader kaldare. mesteparten av perioden meldes det om sør-austleg vindretning og ingen nedbør bortsett fra nokre snøbyger komande tysdag.
Les heile saka
Tirsdag 26. desember inviterte Pakkhuset kro til quiz – arrangementet er utsatt til 5. juledag.
Les heile saka
Litt hålkeføre la ikkje nokon stor dempar på Romjulsmarsjen på 3. juledag. Rundt 120 deltakarar deltok i den 6 km lange turen rundt bygda, for å få litt frisk luft og litt mosjon etter alle godsaker og julemat dei første juledagane.
Les heile saka
En gammel tradisjon ble også holdt i hevd i år med juletrefest i Nordvik Forsamlingshus 2. juledag. Oppmøte var riktig bra med barn og voksne, og det er gledelig med alle barna i forskjellige alderstrinn. Leder i festkomiteen, Hanne Waag, ønsket velkommen, og las Juleevangeliet.
Les heile saka
Rute 46 Kvanne – Rykkjem: Sambandet var innstilt frå 17.45 og utover til rundt 20-tida. Etter kl 20 har det vore normal drift, men sambandet kan bli innstilt igjen på kort varsel dersom tvertilhøva endrar seg, melder Fjord1.
Fotballgruppa i Todalen I.L. som er arrangør av julerevyen #ViÅ, har avlyst arrangementet i Todalen ungdomshus på grunn av dødsfall og sjukdomsforfall. Revyen blir sett opp att i påska 2018, men dato er enno ikkje bestemt enno melder fotballgruppa i T.I.L.
Les heile saka
Nordvik grendalag inviterer til tradisjonell juletrefest i dag kl 14 i forsamlingshuset. Her blir det traktering og sosialt samvær for store og små. Kanskje dukkar nissen opp også?
Les heile saka
Da står det berre att å helse «God jul» til våre mange trufaste lesarar. Det har skjedd mange begivenheter i løpet av året, og vi har heile tida stått på for å formidle store og små saker til både innfødte og utflytta todalingar over heile verda – og sjølvsagt til alle todalsvener rundt omkring
Les heile saka