Førstkomande søndag, 21. januar kl. 15:00, arrangerer Todalen historielag ettermiddagskaffe i Ungdomshuset. Denne dagen blir det program med Nils Røv som både kåserer, viser bilete og spelar munnspel!
Les heile saka
Førstkomande søndag, 21. januar kl. 15:00, arrangerer Todalen historielag ettermiddagskaffe i Ungdomshuset. Denne dagen blir det program med Nils Røv som både kåserer, viser bilete og spelar munnspel!
Les heile sakaPå elementavdelinga til Talgø MøreTre er det full trøkk om dagen. Denne veka rulla det inn ein rekordarta ordre på støyskjermar på nærare 11 millionar. I tillegg er det mange store ordrar som alt er i hamn og mange som er på gang, fortel driftsleiar Arne Rudningen ved Talgø MøreTre’s elementavdeling i Todalen.
Les heile sakaTre nye filmar på Surnadal kino denne helga; og alle er spesielle på sin måte!
Som herr Feng, ei søt og uskuldig mus som viser seg å vera ein heilt vill meister i Kung-Fu. Han skal hjelpe ekornet Egon og andre dyr med å hindre at den sleske borgarmeisteren øydelegg parken dei bur i. «Det elleville nøttekuppet 2» (6 år) går frå i da fredag 19. januar.
Les heile sakaSkigruppa i IL Søya inviterer til sonerenn laurdag den 27. januar kl. 11.00 på Vang Skiarena. Påmelding med navn, klubb og fødselsår sendas på SMS til Torill Bye tlf. 932 55 282 før kl kl.09.30 renndagen .
Les heile sakaPå 10-dagersvarselet til yr.no meldes det kuldegrader for heile perioden. Nattemperaturen vil variere frå -1 til -10 etter vêrmeldinga, men erfaringa viser at det ofte blir kaldare en meldt.
Les heile sakaSiste året har Stangvik, Todalen og Åsskard vore utan eigen prest. Difor er det med glede desse kyrkjelydane no tek imot sin nytilsette prest Kristin Strand. Søndag startar ho med gudsteneste i Åsskard.
Les heile sakaNorske forfattarar er mest populære for dei vaksne, mens dei unge helst vil krype oppi i trehusa. Surnadal folkebibliotek har funne fram til kva som var deira mest populære bøker i fjor, og det var Edvard Hoems utvandringshistorie som toppa på totale utlån. Den tredje boka i serien, «Land ingen har sett», er registrert med totalt 32 utlån.
Les heile sakaMellom 800 og 900 har så langt sett «Den 12. mann» på Surnadal kino. 17. januar går den som «onsdagstreff». Filmen om Jan Baalsruds dramatiske flukt ligg an til å bli av dei best besøkte i år. Filmen blir difor sett opp laurdag 13. januar (kl. 14) og som «onsdagstreff» 17. januar (kl. 13).
Les heile sakaolli Skog er i gang med stor tømmerdrift i Halsetlia. Det er mellom 2- og 3.000 m3 som skal drivast ut i denne omgangen. Både gran, furu og lauvtre skal hoggast og fraktes ned til Øraekra det det er lunningsplass for både tømmer og ved.
Les heile sakaLaurdag var det loddseljardag for sanitetens tradisjonelle kunstlotteri. Det siste året er det 2 flotte bilder, med Kristine S. Ulvund som fotograf, som har vore hovedgevinst i lotteriet. No begynner det å haste dersom du skal kjøpe lodd, for det blir trekning på Todalen sanitetsforenings årsmøte den 6. mars.
Les heile sakaLaurdag starta Todalen sanitetsforening på ein ny sesong med strikkekaffe. 16-17 strikkeentusiastar sette kvarandre i stemne i sanitetshuset og her knitra det i strikkepinnar og dufta nykoka kaffe. – Strikkekaffen er kanskje like mykje eit sosialt treffpunkt som det er strikkefagleg, og det viktigaste er da faktisk å treffast og gjera ting i lag vart det sagt. Men i dag fekk dei ei sak å bryne seg på, for Synnøve Talgø hadde med seg eit par grytelappar som ingen forsto korleis dei skulle strikke – eller kanskje det var hekling?
Les heile sakaIL Søya har allerede starta med sine skiaktiviter på sin Vang skiarena. Barn i løypa har vore arrangert dei to siste torsdagane og held fram så lenge det er føre til å gå på ski fortel Torill Bye i skigruppa hos Søya. I tillegg startar dei opp med skileik for barn i skulealder førstkommande tirsdag. Dette er først og fremst eit tilbud for dei minste barna og vanskelighetsgrad vil bli lagt opp etter 1.-4.klasse-nivå.
Les heile saka