Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kløvertur med strandrydding

Dordi Jorunn Halle Onsdag 25. april 2018

Årets strandryddedag er laurdag 5. mai og er ein del av strandryddeveka frå 30. april til 6. mai. Derfor blir Kløverturen måndag 30. april tur med strandrydding, – vi skal altså ut å «plogge» – både trimme og plukke søppel!

Les heile saka

Sesongåpning for G10

Elinor Bolme Onsdag 25. april 2018

I kveld åpna G10 Søya/Todalen sitt seriespel mot Rindal på Banksletta. Det vart ein målrik kamp, der rindalingane var hakket kvassare framom mål og dominerte størsteparten av kampen. Laget frå Søya/Todalen består av spelarer både frå Todalen, Kvanne og Stangvik i årsklassane 2008 og 2009. Dei skal i løpet av sesongen møte både Surnadal, Tingvoll, […]

Les heile saka

Opnar for personbiltrafikk om nokre dagar

Jon Olav Ørsal Onsdag 25. april 2018

Som ei midletidig løysing har det vore snakk om å tillate personbiltrafikk over Øyabru. Brua vart stengt for all biltrafikk i november 2017, og sia har det vore kun gang- og sykkeltrafikk som har vore tillatt over brua. Etter at det vart avklart at det skal prosjekterast og byggjast ny bru, har det vore vurdert om brua kan opnast for trafikk med personbilar. Så snart nye skilt er på plass blir brua opna for personbiltrafikk – det skjer tidlegast fredag, men mest truleg rett over helga.

Les heile saka

Tungt løft hos Råssåfoss kraftverk

Jon Olav Ørsal Tysdag 24. april 2018

I dag vart det gjort eit skikkeleg løft på Kvennset, da turbinene til Råssåfoss kraftverk vart løfta på plass igjen. Det er no 4 månader sia dei fekk feil på turbinen, og dermed driftsstans. Straks føre jul vart turbinen demontert og løfta ut, for å sendast til Tyskland på reparasjon.

Les heile saka

Samlar stoff til jubileumsbok

Elinor Bolme Tysdag 24. april 2018

IL Søya skal feire 100-årsjubileum til neste år. I den anledning etterlyser dei no gamle bilder frå smått og stort som er verd å ta med i ei jubileumsbok. Her nemner dei på si heimeside både klubbhusbyggjing, ulike arrangement, aktivitetar på Vang, husmortrim og anna som synleggjer breidda i det no snart 100 år gamle idrettslaget.

Les heile saka

Knøttetreningane startar opp att

Elinor Bolme Tysdag 24. april 2018

Førstkommande torsdag startar fotballsesongen opp att også for dei aller minste. Dermed er det berre å ta fram knottsko, leggskinn og godt humør og møte opp til klokka 18 fortel Bjørn Gunnar Ansens.

Les heile saka

Det er mykkjy som kjem fram når snøen forsvinn…..

Jon Olav Ørsal Måndag 23. april 2018

Etter ein lang og kald vinter er det fint å kunne rydde og rake vekk kvistar, lauv og gammel fynne. Det samles mykje rusk og rask i løpet av vinteren, og på kyrkjegardsdugnaden vart det atskillig mange trillebårlass rund på heile kyrkjegarden. – Vi var utruleg heldig som fikk så god hjelp til ryddedugnaden vår, sa soknerådsleiar Britt Mossing som kunne registrere eit førtitals deltakarar på kyrkjegardsdugnaden.

Les heile saka


Skytetrening på den gamle jaktskytebanen…

Jon Olav Ørsal Sundag 22. april 2018

No kjem den gamle jaktskytebanen i Dalavegen til heider og verdigheit igjen. Vi meiner banen der det i gamle dagar foregikk oppskyting til jakta, bortafor «Ytter brua» oppi Dalavegen. Det er den nystarta klubben Trollheimen Sportsskyttere som skal ha skytetrening der den 2. mai, fortel leiar i klubben Anders A. Karlsen til Todalen.no

Les heile saka

Bjøråskaret blir nytt turmål i Stikk UT!

Dordi Jorunn Halle Laurdag 21. april 2018

Første mai startar årets Stikk UT!-sesong, og nedanfor ser du alle turane i Surnadal kommune. Det trykte Stikk UT!-kartet blir sendt til alle husstandar i løpet av veke 17. Om du ikkje får det i posten, kan du hente det på servicekontoret i kommunen.

Les heile saka

Talgø markerer seg på hagemessa på Lillestrøm

Jon Olav Ørsal Fredag 20. april 2018

Det er delte meininger om kva som er vårens vakraste eventyr – det er nemnt både Holmenkollstafetten og saulamminga, men Norges varemesse på Lillestrøm nyttar slagordet i sin invitasjon til Hagemessa som opna fredag og har ope til og med søndag 22. april. Her er det 250 utstillarar som viser kva dei har å by på og Talgø MøreTre skjemmer slett ikkje laget.

Les heile saka

Utplassering: – Fekk god føling med yrkeslivet

Jon Olav Ørsal Fredag 20. april 2018

Denne veka har 9.-klassingane ved Surnadal ungdomsskule fått prøva seg i yrkeslivet. Her i Todalen har vi fem 9.-klassingar som har hatt lokalt engasjement, og alle 5 har trivast på kvar sin plass, – og fått prøva seg på varierte og interessante arbeidsoppgåver.

Les heile saka