Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Opnar for personbiltrafikk om nokre dagar

Jon Olav Ørsal Onsdag 25. april 2018

Som ei midletidig løysing har det vore snakk om å tillate personbiltrafikk over Øyabru.  Brua vart stengt for all biltrafikk i november 2017, og sia har det vore kun gang- og sykkeltrafikk som har vore tillatt over brua. Etter at det vart avklart at det skal prosjekterast og byggjast ny bru, har det vore vurdert om brua kan opnast for trafikk med personbilar. Så snart nye skilt er på plass blir brua opna for personbiltrafikk – det skjer tidlegast fredag, men mest truleg rett over helga.

Fysisk stengsel markerer maksimal bredde for kjørety som kan passere over Øyabrua. Her blir maksimal bredde 210 cm og maksimal totalvekt på 2000 kg. Foto: SK

Oppsynsmann Gunnar Bøe fortel at kommunen har vore i kontakt med firmaet som har kontrollert brua, og dei har i fellesskap funne ut at det går an å sleppe personbiltrafikk over brua. Dette er no førebudd, og ein  ventar berre på levering av korrekte skilt som skal markere statuttane for slik trafikk.

Brua blir opna for trafikk med kjørety med totalvekt under 2000 kg og med maksimal bredde på 210 cm.  Det er no plassert ut stengsel som viser maksimal bredde.  Bøe reknar med at kommunen kan opne for trafikk tidlegast fredag, men mest sannsynleg rett over helga.

Publisert: 25. april 2018, 11:18