Det blir ein kinofri fredag, da kulturhuset blir prega av god laksefestivalstemning den kvelden. Til gjengjeld vil det bli vist tre nye filmar laurdag og søndag, mens «Jurassic World» rundar av for denne gongen laurdag ettermiddag.
Les heile saka
Det blir ein kinofri fredag, da kulturhuset blir prega av god laksefestivalstemning den kvelden. Til gjengjeld vil det bli vist tre nye filmar laurdag og søndag, mens «Jurassic World» rundar av for denne gongen laurdag ettermiddag.
Les heile sakaSiste stavgangtur før sommerferien gikk torsdag til Nauståfossen ved Kårvatn. 35 deltakarar var med på turen innover til Nauståfossen og tilbake igjen til Kårvatn. Etter eit par månader med finvêr var vêrgudane litt mer i ulage i dag, så kaffepausen etter vart arrangert i den flotte gapahuken til Todalen Idrettslag på Tjønnmyra.
Les heile sakaI går kveld møttes spelarane på Søya/Todalen G/J 10 til alternativ trening og sesongavslutning på Tjønnmyra. Kveldens trenar var Gunnar Nordvik, og han introduserte ungane for den fine hinderløypa som no har gjort Tjønnmyra skiarena til eit heilårsanlegg.
Les heile sakaSjølv om det er laksen som står i sentrum denne helga, så kan Norsk Laksefestival by på eit allsidig program som kan friste dei alle. Du kan i grunne velge og vrake i aktivitetar både for deg sjølv og for heile familien. Det heile startar egentlig når Camp Villaks etableres ved Skeishølen torsdag ettermiddag, og sia går det slag i slag gjennom heile helga.
Les heile sakaVåren er ei aktiv tid med mykje trimaktivitetar, og denne gongen var det Todalen idrettslags trimgruppe som hadde invitert til trimtur til Talgøsetra. Med start frå Sandbakkan gikk turen opp etter skogsvegen i Huslia, og opp til trimposten på Talgøsetra med 8 deltakarar inkludert vår utskremte.
Les heile sakaTysdag er balldag på Todalshytta – førstkomande tysdag (25. juni) er vi i gang med balldag igjen, fortel Jan Larsen og Terje Kristiansen som held koken på Todalshytta. Potetball er handverk, så vi har sikra oss Åse Øyen som gjestekokk med spisskompetanse på balldagene i sommar. Det blir servering frå kl 14 og så langt det rekker til kl. 17, kvar tysdag.
Les heile sakaKjetil Thorsen & Co i KBK «gikk inn pengar» frå Innerdalen til Todalen i fjor – i år gjentek dei turen, men denne gongen går turen frå Storlidalen til Kårvatn i Todalen. I fjor var dei eit 40-tal som var med på sponsorturen over fjellet.
Les heile sakaKatarina Wedelsbäck Bladh fikk seg nok ein støkk, da ho fikk besøk av gaupa rett utafor kjøkkenvinduet måndag kveld. Katarina som er fagleg ansvarleg i Svinviks arboret, bur i servicebygget på arboretet, og satt ved kjøkkenbordet og jobba da ho fikk besøk. – eg kika tilfeldig vis ut gjennom kjøkkenvinduet, og der kom gaupa spaserande, fortel Katarina til Todalen.no.
Les heile sakaBoka «Kyrkja i Åsskard – med historikk frå Stor-Stangvikgjeldet» blir sleppt under Jonsvaka i Åsskard kyrkje fredag kl. 22. Etter kaffepause blir det så midnattskonsert. – Boka omhaldlar 700 år lokal kyrkjehistorie – mest om Åsskard kyrkje. Her er aktivitet i nyare tid sterkt framheva. Det store prestegjeldet rundt Halsafjorden frå mellomalderen har og fått […]
Les heile sakaMatkroken Todalen er første dagligvarebutikk i Surnadal, og blant berre ei handfull butikkar som betjener sine kundar med «Kontaktløs betaling» fortel Finn Ranes ved Surnadal Sparebank. Ein kan med denne løysinga betale varer for opptil 200 kroner berre med å vise kortet. Altså UTAN å sette inn kortet i terminalen eller slå kode. Ved høgare […]
Les heile sakaPå Todalsdagen blir den splitter nye todalsskjorta lansert. Dette er ei T-skjorte som no er under produksjon og som er venta å ankomme Todalen til neste laurdag. Det er prosjektgrupa i Toåa tursti som står som utviklar og bestillar, og inntekta vil derfor gå til tutrstien fortel Michal Heimlund. Og ideen kom under den vellykka basaren på mai, der Torkjel Ansnes Moe meinte at vi absolutt skulle ha hatt eie eiga todalsskjorte.
Les heile sakaNok eit skuleår er passert, og alle elevar med foreldre, besteforeldere, tilsette og andre interesserte var samla ved oppvekstsenteret til ei felles avslutning i kveld. Ei felles markering der det sosiale står i sentrum, og den tradisjonelle underhaldningsbiten har vorte teke bort.
Les heile saka