Det nærmar seg med stormskritt til årets påskehappening i Todalen ungdomshus. Verdiløse Menn er booka til å spele etter revyforestilling på onsdag og dei gleder seg til å spele på onsdag. Dei minnast med glede sist gong dei var i Todalen og spilte for glade todalinger under julerevyen i 2016, skriv Knut Bergli i ein […]
Les heile saka
Balleiken som til no har vore arrangert på tirsdager for ulike aldersgrupper har avslutta aktiviteten til påske. Det blir ikkje oppstart etter påske, for da byrjar fotballsesongen så smått for dei aldersbestemte klassane etter kvart som banane blir klar til bruk.
Les heile saka
Sia kulturhuset er stengt i påska, vil Surnadal kino vise tre filmar både måndag og tysdag. Den veldig populære barnebokserien «Detektivbyrå nr. 2» inntar kinolerretet frå fredag av med «Operasjon Mørkemann». Filmen vil, i første omgang, gå kvar dag fram til og med tysdag.
Les heile saka
Surnadal folkebibliotek har gjort ein vri for å gi brukarane eit godt tilbod før påska startar for fullt. Kulturhuset opnar ikkje før kl. 12 i dei tre kvardagane før påske, og i tillegg er arbeidstida redusert på onsdagen før skjærtorsdag.
Les heile saka
Frå Amfi Kreativ og Stig Husby har vi fått ein smakebit av den heilt nye utgåva av magasinet Framgang. Framgang utgis av Amfi Kreativ for Sunndal og Surnadal kommune og er ein del av SuSu samarbeidet. Som nokon kanskje har lagt merke til, så har namnet på magasinet vorte bytta frå Utpågang til Framgang. Stig […]
Les heile saka
Her er resultatet fra Surnadal og Rindal sin innsamling til fasteaksjon. Det rettes en stor takk til alle konfirmanter, frivillige og foreldre som deltok på innsamlingsdagen tirsdag den 20.03.18.
Les heile saka
I onsdagens møte TMN (Hovudutval for teknikk, miljø og næring) vart det gjort vedtak om å byggje ny Øyabru over Toåa. Det var Odd Asbjørn Bævre (AP) og Erik Moen (MDG) som fremma forslaget, seier Lilly Gunn Nyheim som bekreftar at ho har motteke underskriftslister frå folkemøtet i Todalen til støtte for ny bru.
Les heile saka
Trening i Trudvang siste gang før påske. Undertegnede fotograf deltok for første gang i dag, og det kan bekreftes at både pust og muskler fikk «kjørt seg»! Dette er et tilbud som med fordel kan tilbys eldre i kommunen! Det vil være en vinn vinn situasjon for både kommuneøkonomien og oss som brukere. Neste samling […]
Les heile saka
Tysdag kveld kunne leiar John Moe og resten av styret i Todalen historielag runde av nok eit aktivt år. Det er mesta for godt til å tru at historielaget har 187 medlemar, medan det er knappe 300 innbyggarar i Todalen. Det er lett å sjå på oppslutninga til historielaget at Todalingane er opptekne av historia si, og det er bra at historia blir med inn i nye generasjonar.
Les heile saka
Vårjamndøgn er på mange måtar ei lita påminning om at sommaren nærmar seg, men i dag er det ikkje mykje anna som minner oss om sommaren. Her heime er det 7-8 cm nysnø og meir er kanskje i vente utover dagen. Men det spesielle med vårjamndøgnet er at dagen og natta er like lang, og det er den faktisk over heile verda. Det skjer den 20. – eller 21. mars kvart år, og no i 2018 skjer det i dag, den 20. mars, og klokkeslettet er 17.16 lokal tid. Vil du lese meir om kan du «bla om» og lese vidare kva Wikipedia skriv:
Les heile saka
Onsdag 28.mars er det jule/påske-revy på Ungdomshuset i Todalen. Den årlege julerevyen vart i fjor utsett, og komiteen sett den derfor som lova opp på ny no i påska.
Les heile saka
Norunn Holten ved kulturavdelinga hos Surnadal kommune melder no om at lysløypa oppi Tjønnmyran har kome på nett. Ved å gå inn på loyper.net , kan ein frå sofakroken heime finne ut om det er lenge sidan det er tråkka spor.
Les heile saka