I dag da vi passerte Todalshytta såg vi at det var full aktivitet med vindusvask, og da stoppa vi sjølvsagt og slo av ein prat. Det var drengen, Terje Kristiansen, som var i full gang med vindusvask på kjøkkenet. Terje røpa at han har vært på hytta sia 17. mai, og har pusla med vaktmestertjenester dei siste par vekene – og det var ikkje vanskeleg å sjå.
Les heile saka
Vårsøghelga er god i gang, og laurdag kveld var det Kleivakvelden som stod på det rikhaldige programmet. Ein av programpostane som det er knytt stor spenning til er utdeling av Kleivaprisen. I år var det politimester Ingar Bøen som hadde æren av å dele ut prisen, og jammen hadde komiteen funne ein verdig prismottakar!
Les heile saka
Laurdag 26. mai gjekk andre runde i Nordmøre Championship av stabelen på Bordholmen. Her møttest tre lag til dyst, nemleg Rindal, Søya og Todalen, og det vart tre spennande og artige kampar.
Les heile saka
At Todalen historielag klarer å samle nærare 40 interesserte til historisk vandring på ein laurdag ettermiddag er jammen godt gjort. Men laurdag var det faktisk slik, da historielaget gjorde sambygdingane kjent på Kvennsetgarden – eller rettare sagt resten av Kvennsetgarden
Les heile saka
Kom på Bordholmen og se Todalen spelar mot Søya og Rindal i dag kl 14.00
Open kiosk.
Les heile saka
Måndag 28. mai inviterer Saniteten til Kløverrusletur oppå Tjønnmyrå. Her er det fin gapahuk og fine, faste grusvegar å gå etter. Her kan ein gå så kort eller langt ein vil i eige tempo, og ein kan ta seg fram med både rullator, krykkjer eller stavar.
Les heile saka
Torsdagar møtes ein ivrig gjeng knøttespelarar på Bordholmen for å trene på fotball. I år har det så langt vore rekordoppmøte av unge jenter og gutar frå førskulealder til og med 2. klasse. Når vi var nedom som snarast banen i går var det skudd på mål som sto på agendaen, og keeper og trenar […]
Les heile saka
Fotballgruppa melder om rekordtidleg oppsett av dugnadslistene til årets Todalsdag som i år blir arrangert laurdag 30. juni. Listebas Bjørn Gunnar Ansnes håper at kunngjering her på todalen.no er tilfredsstillande såpass god tid i førevegen.
Les heile saka
Laurdag førstkomande er det museumsdag på Åsen. Både Indre Nordmøre Forsvarsforening, og Surnadal hagelag har arrangement her denne dagen.
Les heile saka
Ivrige fotballkarar har i år organisert grendacup for passeleg aktive fotballspelarar; Nordmøre Championship. Her er det sett opp seriespel for lag frå Surnadal, Søya, Todalen, Bøfjorden, ØSIL og Halsa/Valsøyfjord. I dag var det seriestart, og temmeleg spent stemning på Øye stadion. Todalen møtte eit antatt betre lag; Trollheim Toppfotball frå Surnadal, men sjokkåpna med scoring av Brage Hauglann Talgø før det var gått fem minutt.
Les heile saka
Under dagens kommunestyre var det på førehand stor spenning til saka om utgreiing av skulen i Todalen. Per i dag er det 27 elevar som går her, men prognosane med faktiske innbyggjarar per i dag viser ein nedgang i åra som kjem. I tillegg viser faktiske tal at det er betydeleg nedgang i antall born på barnehagen.
Les heile saka
Torsdag var det Ansnesvegen – frå Todalsøra og utover til Ansneset – som var arena for pensjonistlagets stavganggruppe. Dei so kom bilande parkerte på Todalsøra og hadde Todalen brygge som samlingsplass, før turen gikk i samla tropp utover Nessahaugen og utover Ansnesstranda. På turen var det to lokalkjente guidar – Andes Halset og Gudmund Kvendset […]
Les heile saka