Laurdag 16.juni blir det konsert i Stangvik kyrkje . Då får dei besøk frå Trondheim og kyrkjekoret Hoeggen Vocale med dir. Oddrun Bølset. Dei vil framføre eit rikt og variert program; alt frå Bruckner, via norske og svenske folketonar og korverk av J. Rutter.
Les heile saka
Trimtur til Ansnessetra
Trimgruppa i Todalen idrettslag arrangerer trimturar onsdagskveldande i juni, og onsdag 13. gjekk turen til Ansnessetra. Turleiar var Jorunn Nordvik.
Les heile saka
Kinovêret på plass igjen!
Den steikande sola har ødelagt besøket for storfilm på storfilm denne våren. Men det er ikkje for seint melder Steinar Hasselø ved Surnadal Kulturhus.
For både «Solo: A Star Wars Story» (12 år) og «Deadpool 2» (15 år) vil få sjansen til å rette opp publikumstalet no og da framover på Surnadal kino
Les heile saka
Tur til Frøya med Surnadal Pensjonistlag
Surnadal pensjonistlag planlegg tur til Frøya 25. – 26. juli med avgang frå Skei kl 0900 og med retur neste ettermiddag. Stenberg køyrer, og det blir overnatting på Hotell Frøya med lunsj ved ankomst, 3 – retters festmiddag og frukost, samt lunsj dag 2, skriv Kristian Ranes i ein epost til redaksjonen.
Les heile saka
Siste nytt frå Surnadal bibliotek
Denne store lesekampanjen «Sommarles» starta 1. juni, og så langt har knapt 30 prosent av dei som går i grunnskulen i Surnadal meldt seg på (frå dei som skal starte i 1. klasse til hausten, til dei som går 7. klasse). Det er bra – men vi skulle gjerne hatt enno fleire med!
Les heile saka
Travel onnadag på Bårdshaugen
For femte år på rad har Dagsentret for eldre og Rehabsona i heimetenesta samarbeidd om å arrangere «onnadag» på uteområdet attafor sjukeheimen. Det er eit arrangement som engasjerer mange, og som skaper liv og røre. Her er folk og dyr i skjønn forening, og det er lagt vekt på at trivselfaktoren skal være høg både for store og små.
Les heile saka
Straumsnes/Tingvoll vart for sterke
I går kveld møttes Surnadal/Søya/Todalen til kamp mot Tingvoll/Straumsnes i G16 serien på Bordholmen. Tingvoll/Straumsnes tok leiinga frå start og hadde rimeleg kontroll gjennom heile kampen. Desse gutane er del av ein enda større stall, som stiller lag i både 7’er og 11’er klassen. Kveldens kamp var i 7’er spel.
Les heile sakaFotpleie i juni
No er det tid for ein ny runde med fotpleie i Todalen sanitetshus. Fotterapeut Pan Promchart Hoset kjem tysdag 26. juni og onsdag 27. juni. Ho har mange ledige timar båe desse dagane. Påmelding til Marit Sanden Søyset på telefon 980 36 391. Marit og Pan set pris på at folk melder seg på så […]
Les heile sakaNy fotballkamp på Bordholmen i dag
Også i dag er det fotballkamp på Bordholmen. Da er det Surnadal/Søya/Todalen som får besøk av Tingvoll/Straumsnes i klassen G16. Dei skal spele 7’er, og startar klokka 19.
Les heile saka
Idéane haggla og arbeidet med vekst er no i gang
Ungdomshuset var i kveld nesten fullt av engasjerte todalingar med eit felles mål; å få Todalen til å bli ein enda meir attraktiv plass å bu på enn den allerede er. PT-utvalget ved Jostein Bruset og Jo Gjeldnes gjekk igjennom status på folketalet i bygda dei siste 20-åra, og kunne fort konstatere at det definitivt har gått nedover dei siste åra, men at vi absolutt burde kunne fokusere på vekst og tilflytting i ein snuingsprosess.
Les heile saka
Rusletur ved Gammelfabrikken
Gammelfabrikken, Fossheim, var base for dagens Kløverrusletur. Da turgåarane møttest på Kvennsetøran var det kald nordåvind, og det var litt usikkert om det var ver til trim og kaffelag ute i det fri.
Les heile saka
Hugs idédugnaden i kveld!
Pt-utvalget minner om idedugnaden kl 19 i Todalen ungdomshus klokka 19 i kveld. Dei håpar så mange som muleg tek turen!