I mai med mange «raud-dagar» er det avvikande opningstider på matkroken, der det blir kioskope i staden for ordinær opningstid. I dag på 1. mai er ein av disse dagane, der det er kioskope frå 16-18. Bla vidare så finn du opningstida for resten av mai
Les heile saka
I dag slo Kløverturgjengen til med «plogging»! Dei trimma og plukka søppel i strandområdet rundt Småbåthamna og litt utover Stranda. «I dag slo vi minst «tre fluger i ein smekk»: vi trimma, plukka søppel og hadde det kjekt i lag!» – slik oppsummerte dei ryddeøkta.
Les heile saka
8. mai er det 120 år sia Hans Hyldbakk vart fødd. Det vil bli markert med kåseri og utstilling på kulturhuset. Kåseriet er ved «Hyldbakk-biografen» Svein Sæter. Og sjølv om Svein både har skrive om og gjeve ut bøker med Hans, fortel han at det stadig dukkar opp nye forteljingar om «Bygdadiktaren». Nokre av dei har til og med røter i andre verdsdelar.
Les heile saka
Du får møte Tor og andre frå norrøn mytologi når Teatret Vårt kjem til Surnadal kulturhus med «Tjalve og Roskva – Det store kappløpet» fredag 4. mai. Tjalve og Roskva førebur seg til eit stort kappløp. Tjalve er ein av dei raskaste til å springe, men plutseleg blir han så redd for å tape at han ikkje vil vera med i løpet likevel.
Les heile saka
Prost Leif Endre Grutle ga gode råd med på vegen i si preken til konfirmantane i Todalen kyrkje. Å bli konfirmert gir ingen nye juridiske rettar, men du kan begynne å delta i det vaksne livet. Han understreka kor viktig det er å ta gode val gjennom livet – gode val både for seg sjølv og for andre.
Les heile saka
Biblioteket på Skei går no over til opningstider for sommaren frå og med 2. mai. Biblioteket vil frå da av og til 16. september ha ope på kvardagane (måndag-fredag) mellom kl. 11 og 15.
Les heile saka
Surnadal Golfklubb gjer seg klar til ny sesong på golfbanen på Mo, og inviterer til årets første nybegynnarkurs «Veien til golf-kurs» (VTG) neste helg12. og 13.mai. Dette er eit kurs for deg som ønsker å bli kjent med golfsporten. Kurset kostar 1700 for vaksne og 650 for juniorar. Da får du: Leie av alt nødvendig […]
Les heile saka
I kveld klinkar koret VOX til med to konsertar med «best of» på Surnadal kulturhus. Her blir det gjensyn med åtte korår med framføringar i ulike sjangrar. Absolutt noko for ein kvar smak lovar ensemblet.
Les heile saka
Statens naturoppsyn har registrer dumping av hageavfall og sagflis i Todalsøran naturreservat. Det er rett bak Talgø MøreTre sitt anlegg i Todalen at sagflis og hageavfall er dumpa – bla vidare og les oppfordringa frå naturoppsyn Ola Eirik Bolme i Statens naturoppsyn (SNO).
Les heile saka
Fredag ettermiddag kom alle skilta på plass, og da er det klart for å opne for å trafikkere brua med personbilar. Det vil seie at betingelsen for å kunne kjøre er at bilen er under 210 cm brei og har totalvekt som ikkje overstig 2000 kg. Dette står på skilta i klartekst, og du blir oppfordra til å respektere dette.
Les heile saka
Surnadal arbeiderparti inviterer til 1. maifeiring i kulturhuset på Skei. Programmet starter kl 15 Hovedtaler er politisk rådgiver i AUF Astrid Willa Eide Hoem
Les heile saka
Søndag er det klart for årets konfirmasjonsgudsteneste i Todalen kyrkje. Det skjer søndag 29. april kl 11, og i år er det 4 konfirmanter i Todalen. Liturg er sokneprest Kristin Strand.
Les heile saka