Dei 27 elevane i Todalen skule har tradisjon med å invitere besteforeldre på 10-kaffe ein dag på vårparten. I dag var det slikt arrangement, og denne gongen inviterte dei like godt «alle interesserte» til å kome til skulen for å få oppvartning og underhaldning eit par føremiddagstimar.
Les heile saka
Ungar og tilsette ved Todalen oppvekstsenter inviterer i dag til 10-kaffe på skulen.
Les heile saka
Da var dagen komen for Kløvertur oppover Romålia. Ni damer starta frå Heggøyan med Haukarsteinen som mål. Veret var aldeles nydeleg, sol og varmt, men med ein og annan vindpusten «som den heite panna svala».
Les heile saka
I helga har Surnadal golfklubb arrangert årets første golfkurs. På lik linje med øvrig idrett er også golfklubben avhengig av at det «veks oppiatt» nye golfarar, i alle aldrar. Grunnkurset er på 12 timar, og krev ingen teoretisk eller praktisk prøve. Siste kursdag blir neste måndag for denne gjengen, som har hatt Geir og Tove Garte som instruktørar.
Les heile saka
Søndag ettermiddag arrangerte Todalen idrettslag basar til inntekt for Toåa Tursti. Sjølv om det var retteleg godver, kom det mykje folk, og det vart god, gammeldags basarstemning i Ungdomshuset.
Les heile saka
Fredag kveld inviterer Ola Kvendset til kuslepp ved Viastua. Etter ein lang vinter blir fjøsdøra opna mot uteplassen, og kyrne får dermed kome ut på lovbestemt sommarferie. Vi kan rekne med mange og kåte sprell når det går opp for dem at det har vorte sommar på Kvennset. Dørene opnes altså i 19.30-tida fredag kveld, og alle er velkomne for å sjå.
Den nystarta klubben Trollheimen Sportsskyttere skal ha skytetrening på den gamle skytebanen ved ytter brua i Dalavegen, den 24. mai frå kl 19.00 og utover, fortel leiar i klubben Anders A. Karlsen til Todalen.no Den nystarta klubben har 14- 15 medlemar frå både Rindal, Surnadal og Todalen i dag, og er enno i startfasen. Trollheimen Sportsskyttere er en dynamisk sportsskyttarklubb, […]
Les heile saka
Laurdag 30. juni er det Todalsdagen 2018 som står på kalenderen. Det skjer som vanleg på Bordholmen og som vanleg er det fotball som er hovedbudskapet på agendaen denne dagen. Det er fotball for dei alle minste – knøtter, miniputter og lilleputter, som står i fokus denne dagen – og heile dagen.
Les heile saka
På Nordvik startar feiringa av nasjonaldagen med folketog frå Oppistua og innover til Nordvik forsamlingshus, der det er både feiring, servering og tale for dagen. Leikar for borna er det også – og det skjer på Øygarden Stadion – rett i nabolaget.
Les heile saka
Sjølv om vi ikkje akkurat kan seia at det bugnar med blomster i Svinviks arboret enno, så er iallfall rododendronblomstringa i gang til opninga i dag. Sjølv om det er lunt og godt i arboretet er nok våren litt på etterskot enno i år, men med fleire fine sommardagar så skjer ting fort i arboretet no.
Les heile saka
Også i år skal Nordvik grendalag arrangere den tradisjonelle sykkeltrimmen og inviterer derfor til ei sosial samling på Øygarden kvar søndag i perioden fra 13. mai til 19. august.
Les heile saka
I år opnar Svinvik Arboret den 12.mai og har ope 5 dagar i veka heile sesongen, frå onsdag-søndag. Onsdagane i juli er det langope til klokka 20.00. Ellers er det stengt på 17. mai, men ope alle dagar i pinsehelga.
Les heile saka