Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Karar på julehandel landa med fly rett framfor butikkdøra på Kårvatn

Dordi Jorunn Halle Fredag 23. november 2018

Ved Kårvatn Fjellustyr er det denne veka «VINTERKICKOFF» – gode tilbod på alle varer i butikken. Og ved middagstider i dag kom det to karar luftvegen på julehandel. Dei to ålvundeidingane landa med småfly på ekra rett framfor butikkdøra!

Dei to blide karane frå Ålvundeidet er Jan Hafsås og Finn Børset. Dei hadde aldri floge på julehandel før, og for dei på Kårvatn, var det første gongen dei fekk kundar som kom med fly, og det var stor stas syntest Gudmund, Fredrik og Sondre. Men så er nok kanskje Kårvatn Fjellutstyr den einaste butikken i landet som ligg slik til at du kan flyge til døra, i alle fall viss ein ikkje tek med flyplassbutikkane.

Gudmund tok vel i mot karane på julehandel. Frå venstre: Finn Børset, Jan Hafsås, Gudmund Kårvatn. Foto: Dordi J H

Eit fin, lite fly! Foto: Dordi J H

Jan og Finn ville ikkje avsløre heilt kva dei skulle handle, men dei hadde koner og ungar heime – så det kunne vere ønske både om dunskjørt og fine jakker. Sjølve er dei mest interesserte i randoneeski, og prisane var i dag minst like gode på Kårvatn  som i ein kvar taxfree-butikk! Og vareutvalet er prima – Kårvatn Fjellutstyr er beste sportsbutikken som finst og som har vareutvalet som passar oss best, fortel dei to karane.

Jan Hafsås eig flyet, eit robust fly som veg ca. 300 kg og er ein toseter. Det er av typen «Zlin aero Savage Classic», italiensk merke, men flyet er bygd i Tsjekkia. Hjula er handlaga i Alaska. Flyet er ein kopi av flytypen «Piper Cub» – ein flytype som er mykje bruka i Alaska og Canada, altså eit fly som passar for «villmarkens menn». Jan Hafsås er medlem i Sunndal flyklubb.

Flyet er frå 2014, men Jan Hafsås kjøpte flyet brukt i 2016 og han har hatt flysertifikat om trent like lenge. Far til Jan hadde eige fly og var flyentusiast, altså har Jan fått flyinteressa inn med morsmjølka. Prisen på eit slikt fly er ikkje så avskrekkande, om lag ein halv million.

To fly i lufta over Kårvatn i dag! Ein flykamerat frå Oppdal flyklubb var med på turen, men landa ikkje. Foto: Dordi J H

Finn Børset, fremst, var  på flytur med Jan for første gong. Det var ikkje rom til flyvertinne om bord, så det var godt å få servering i butikken. Foro: Dordi J H

Turen i dag starta frå Vinnu flyplass ved Grøa, vidare flaug dei over Ålvundeidet og Virumdalen før dei kom til Kårvatn. Turen tok godt og vel 10 minuttar og var svært fin i det gode veret. Det er kalde dagar og rim på marka, så da Jan Hafsås skulle lande på ekra nærast butikken, kjende han det vart for liten bremseffekt og måtte ta ein ekstra runde før han landa trygt på naboekra og taksa bort til butikken. Jan Hafsås og Finn Børset hadde fridag, men dei kunne ikkje vere så lenge på Kårvatn, dei skulle heim og hente ungar på skulen.

Frå venstre: Fredrik Thoresen Sletten, Finn Børset, Jan Hafsås., Gudmund Kårvatn. Fredrik og Gudmund syntest det var kjekt med godt besøk på butikken i dag, både dei som kom med fly og dei som med bil, slik som Hans Gundersen i bakgrunnen. Foto: Dordi J H

 

Triveleg å kome til Kårvatn. Butikken held ope frå kl. 10.00 til 18.00 i morgon, laurdag 24. november. Foto: Dordi J H

Snart klart for retur til Vinnu. Foto: Dordi J H

 

 

 

Publisert: 23. november 2018, 18:44