Skal dataklubben til pensjonistlaget i Surnadal halde fram? Det er spørsmålet ein håpar å få svar på onsdag 19. september kl. 1100. Da inviterer pensjonistlaget til meiningsutveksling om dette på deira faste møteplass; lesesalen i biblioteket på Skei.
Les heile saka
«Sommarlas» 178.350 sider
Dei unge surnadalslesarane sette ny rekordar; dei 165 brukarar las tilsaman 2047 bøker på totalt 178.350 sider.
Dei fleste folkebiblioteka var med på «Sommarles», ein kampanje for dei unge som skal stimulere til å bruke sommaren til å lese. Lesekampanjen gjekk mellom 1. juni og 1. september, og skulle bidra til at leselysta blir held varm gjennom heile sommaren.
Les heile sakaBli med i barnekoret Jubilate
Denne hausten blir det oppstart med barnekor for ungar på 2.-4.trinn frå Stangvik, Todalen, Mo og Bæverfjord, saman med elevar frå Øye skule. Alle som har lyst til å lære meir om å synge, alle som vil lære nye songar og alle som vil synge saman med andre er hjarteleg velkomne!
Les heile saka
KBK-Haugesund – no kan du vinne billetter til kampen!
Todalen idrettslag har fått 4 billetter til elitefotballkampen KBK – Haugesund som går på heimebane i Kristiansund søndag 23. september. Idrettslaget lager ein liten konkurranse ut av dette, og inviterer Todalen.no sine lesarar til å bli med – Det blir to vinnarar, og premien er 2 billetter til kvar som blir trekt ut.
Les heile saka
Julikveld på Storskarnebbå ble månadens bilete
Vi gratulerer til Kristian Gjeldnes med eit flott vinnarbilete.
Les heile saka
Rådmannen tilrår høyringsrunde for endeleg avgjering om skulen si framtid
Neste torsdag er politikarane i Surnadal kommune innkalla til kommunestyre møte der tidlegare skulesak som vedrører viare drift av Todalen Oppvekstsenter. Det vart i vår vedtak om at ein rapport basert på både bygg, læring, næring og psykososialt miljø skulle framleggjast på haustmøtet torsdag 13. september.
Les heile saka
Interessant og triveleg tur til Storsetra
Torsdag kveld inviterte Stangvik historielag til kulturhistorisk StikkUT!-tur til Storsetra. Dette vart ein riktig så fin og interessant kveld i godt turver!
Les heile saka
Til Sjøasetervatnet i fint turvær
Ny torsdag og ny utfart for stavganggruppa i Surnadal pensjonistlag. I flott turvær bar det på ny tur, og i dag bar det til Sjøasetervatnet. Med bilskyss opp til Langåsen bar det etter turstien til Sjøasetervatnet, der vi møtte mang trivelige skoleelevar som kosa seg på tur.
Les heile saka
Vegvesenet rustar seg på vinteren
I Brusetmelan pågår det opprusting og utviding av vegen for å få på plass rekkverk før det blir vinter, fortel Nils Erling Skaalvik frå Statens vegvesen. Her er det ei bit av vegen som er utan rekkverk og som har ein bratt kant rett ned i elva. Her blir det fylt ut i elva med storstein og kanten mot vegen blir utvida slik at det blir plass til eit solid rekkverk. Vegen blir ikke breiare, men det blir som sagt rekkverk mot elva, seier Skaalvik. Vegen forbi anleggsområdet er stengt på dagtid, men bussar i rute og utrykningskjøretøy kan passere.
Les heile saka
Kulturhistorisk StikkUT!-tur til Storsetra i Stangvik
Stangvik historielag inviterer til kulturhistorisk vandring til Storsetra torsdag 6. september kl 17:00, med start frå Rønnan i Stangvika. – Turen er en del av Friluftslivets uke på indre Nordmøre, koordinert av Norsk Vandrefestival og Nordmøre og Romsdal Friluftsråd. På turen får du høre om seterkultur og gamle stedsnavn. Det vil også være mulig å få kjøpt temahefte om Storsetra, utgitt av historielaget. Meir info om turen her.

Allsidig Bøfjord-helg med variert program
Fredag til søndag byr Bøfjordhelga 2018 på massevis av opplevingar. Programmet spenner frå konsertar, loppemarked, utstillingar og fotball til kleppfiskhistorie og gudsteneste.
Arenaer rundt heile bygda samordnar ulike tilbod til små og store. Fredag ettermiddag startar Bø Grendalag med Kveldheim-treff før Leikarvollen Scene arrangerer konsert med Torstein Snekvik og Halvdan Sivertsen.

Noregs mest populære turruter – Svinvikrunden på 8. plass!
Over 100 turruter var med og kjempa om å bli kåra til Noregs beste turrute, og Svinvikrunden kom til slutt på 8. plass! Og i følge NRK fekk Svinvikrunden flest stemmer av turrutene i Møre og Romsdal. Det var Madonnastien i Eggedal i Buskerud som flest stemmer.
Les heile saka