Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Bli med i barnekoret Jubilate

Elinor Bolme Laurdag 8. september 2018

Denne hausten blir det oppstart med barnekor for ungar på 2.-4.trinn frå Stangvik, Todalen, Mo og Bæverfjord, saman med elevar frå Øye skule. Alle som har lyst til å lære meir om å synge, alle som vil lære nye songar og alle som vil synge saman med andre er hjarteleg velkomne! 

Øvingane vil vere i Øye kyrkje på torsdagar kl 13.50-14.30.

Der vil det først bli litt frukt før vi øver.

I koret vil du:

…få opplæring i å synge og i det å synge saman med andre.

…få lære mange nye, flotte songar i ulike sjangrar.

…få vere med på å opptre og halde konsertar.

…få oppleve leik og moro med musikk.

…ikkje minst få ha det gøy saman med andre som også likar å synge!

 

Høyrest dette ut som noko du kan like? Bli med da vel oppfordrar Oddveig Helset Halle og Hedda Berg.

Velkommen til første øving torsdag 13.september, både barn og foreldre. Send gjerne påmelding på e-post eller SMS. Det er også greitt å berre møte opp utan påmelding dersom du berre vil sjå og høyre første gongen.

Skyss

Korøvingane foregår etter skuletid, i SFO-tida, så ungane er avhengige av skyss. Dei som går på Stangvik skule kan sitte på med bussen frå skulen inn til Surnadal.  Om nokon treng skyss så ta kontakt, og så skal vi prøve å finne ei løysing på dette. Øvingane sluttar tidsnok slik at ungane kan vere med skulebussane heim.

Publisert: 8. september 2018, 11:23