Lørdag 26. mai er det åpen dag fra kl. 12.00 – 16.00 ved Krigsminnesamlinga på Åsen. Samlinga har over 300 gjenstander fra 1940 – 1945, så her er de mykje interessant å sjå melder Indre Nordmøre Forsvarsforening som er arrangør.
Les heile saka
Lørdag 26. mai er det åpen dag fra kl. 12.00 – 16.00 ved Krigsminnesamlinga på Åsen. Samlinga har over 300 gjenstander fra 1940 – 1945, så her er de mykje interessant å sjå melder Indre Nordmøre Forsvarsforening som er arrangør.
Les heile sakaRundt klokka 13.30 i dag var det kanskje fleire som observerte røyk nede i Haltbakken på Nordvik. Til alt hell var Per Egil Fiske ute på søndagstur saman med familien og valde å svippe nedom for å sjå. Han er med i det lokale brannvesenet på Kvanne, og hadde muligens ein anelse om at noko var gale, ettersom det var i går pinseaften og bålbrenning mange stader og helligdag i dag.
Les heile sakaPutt ein tiger på tanken var slagordet til eit av oljeselskapa i gamle dagar. Det var nok ikkje så enkelt, men det var eit godt slagord som vart lagt merke til. I dag, på 1. pinsedag, var det fylling av drivstofftankane til HalsOil på Kvennset. Var det eit resultat av dårleg planlegging, eller?
Les heile sakaSvinviks arboret minner om at arboretet som vanleg har ope heile pinsa, også måndag 2.pinsedag. Alle dagane ope frå kl. 11 – 16. Rododendronblomstringa er kome igang. Velkomne!
I kveldinga inviterte Ola Kvendset bygda til kuslepp i Viastua. Ikkje så alt for mange tok turen, men det brydde dei seg lite om dei vel 40 kyrne som endeleg fekk ut og nyte den fine maikvelden.
Les heile sakaDagens hovudprogram kom heilt til slutt i år. Det starta med gudsteneste i Todalen kyrkje og fortsett med nedlegging av krans på bautaen ved kyrkja. Deretter var det folketog frå kyrkja forbi Hallagrenda og etter Pilskarvegen over Øyabrua og til Ungdomshuset, der resten av programmet foregikk.
Les heile sakaFotballgruppa i TIL er vant til store frokostselskap, så 140 personar rundt frokostbordet skremmer ikkje. Etter at biltoget var unnagjort så var frokosten klar på asfaltplassen på Bordholmen.
Les heile sakaPresis kl 10 sette biltoget seg i bevegelse, etter at heile 58 kjørety hadde vore oppstilt i gata mellom Talgø-fabrikken og Halsbua klare til å ta den tradisjonelle runden oppover bygda til Gammelfabrikken og nedover igjen til Bordholmen. Dette har vore ein del av feiringa av nasjonaldagen – heilt sia 60-talet.
Les heile sakaSom tidlegare år blir det tradisjonell 17. mai feiring i Todalen, med «skrommeltog» som første post på programmet. Deretter blir det i regi av fotballgruppa invitert til frukost på Bordholmen, eller i ungdomshuset om vêret krev det, fortel nyvald leiar i fotballgruppa Anders Gjeldnes.
Les heile sakaEin skulle kanskje tru at hjorten no finn nok mat i skogen, slik at den held seg unna innmarka. Men det er nok feil – det er stadig mykje hjort kring vegkantane, så det er best å køyre med forsiktighet. I kveld tok vi ein rask runde rundt bygda for å sjå om det var […]
Les heile sakaOgså frå Stangvik skulekrets har vi fått tilsendt årets 17. mai program. dei startar dagen med gudstjeneste, før dei samlast ved Stangvik oppvekstsenter for sitt hovedarrangement.
Les heile sakaTradisjon tru har Todalen brannvesen også i år teke på seg oppdraget med å spyle plassen framfor butikken for strøsand og anna rusk og støv som vinteren har lagt frå seg. I år fekk dei også ei oppfordring om å spyle Øyabrua sidan 17. maitoget skal passere der.
Les heile saka